Listhaug spelar på lag igjen

Ei veke før valet tyder mykje på at dei borgarlege har gått i kameratmodus. Det er neppe tilfeldig.

Publisert:
Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

MILD: Sylvi Listhaug (Frp) var merkbart meir mild då ho møtte KrFs Kjell Ingolf Ropstad til debatt i Bergen tysdag kveld, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: Bård Bøe

Frp fremste krutlapp, Sylvi Listhaug, stod fram som ei mild utgåve av seg sjølv i kveld. Så mild at ein må lure på om nokon endeleg har fortalt henne at ho bør roe seg ned.

Staden var Salem, Norsk Luthersk Misjonsambands storstove i Bergen. BT og Dagen var arrangør. Salen var smekkfull, og snittalder såg ut til å vere under 25 år. Listhaug skulle diskutere kristne verdiar med KrF-leiar Knut Arild Hareide. Sist gong dei møttest skulda ho han for å sleike imamar opp etter ryggen.

Den gongen fekk Listhaug mild refs frå sjefen, Erna Solberg (H). Så reiste ho til Stockholm, fornærma svenskane og fekk nok ein mild refs. Alt låg altså an til ein skikkeleg konfrontasjon i kveld. Men slik gjekk det ikkje.

Først trekte Hareide seg, kvelden før han skulle kome. Det hadde visst nok dukka opp eit hol i Erna Solbergs program, slik at dei to kunne få diskutere kristne verdiar i Oslo. KrF sende i staden nestleiar Kjell Ingolf Ropstad.

Les også

Sjå debatten her: – Vi kan ikke være naive og tro at innvandring ikke påvirker oss

Då Ropstad og Listhaug tok inn podiet i Salem, senka det seg ein harmoni vi ikkje har høyrd sidan Listhaug vart innvandrings- og integrasjonsminister i 2015. Ropstad var full av forsoning:

– Så du likte ikkje måten din partileiar uttalte seg på då han sa at Listhaug spreier frykt, spurte debattleiar Kjetil Gillesvik frå BT.

– Det synest eg er så dramatisk, å seie at nokon spreier frykt i sin retorikk, svarte Ropstad.

Og Listhaug lét sjansar til konfrontasjon sigle forbi:

– Kva skil Frp og KrF i innvandringspolitikken, spurte Gillesvik.

– Det viktigaste å gjere noko med er å stramme inn familiegjenforeiningsregelverket. Det vil gjere integreringa lettare, svarte Listhaug.

Som siste sitat viser fremja Listhaug Frp sin innvandringspolitikk. Men ho gjorde det utan å angripe dei andre borgarlege partia, og utan å provosere.

Det nærmaste ho kom ein konfrontasjon var då ho tok for seg asylforliket i 2015, der KrF var med på å presse gjennom at Norge skulle ta i mot 8.000 flyktningar frå Syria-krigen. Listhaug meiner vedtaket var årsak til at tusenvis fann vegen til Noregs grenser for å søkje asyl.

– Er KrF naive i innvandringspolitikken, spurte Gillesvik?

– Ja, i alle fall trur eg at dei ikkje trur at det heng saman som det gjer, svarte Listhaug.

Det er rimeleg normal politisk retorikk, og ikkje i nærleiken av det Listhaug har bydd på tidlegare i valkampen.

Listhaugs provokasjonar har vore Ap-leiar Jonas Gahr Støres beste kort dei siste vekene. Mange veljarar er trugande til å stemme raudgrønt berre for å hindre at ho kjem i regjering igjen.

Dessutan har Støre brukt Listhaugs frie dressur til å kritisere Solberg for dårleg leiarskap, nokon han har gjentatt i fleire møter mellom dei to dei siste vekene. Solberg har ikkje orden på si eiga regjering, korleis skal vi kunne forvente at ho klarar å styre eit land?

Versjonen av Listhaug vi såg i kveld lagar ingen problem for KrF og Venstre. Valkampen deira ville vore lettare om forvandlinga hadde kome tidlegare. Så kvifor først no?

Ei tolking er at dei ville ha stemmene Listhaug drog til Frp. I så fall har dei sett det alle kan lese ut av meiningsmålingane, at det ikkje har fungert: Trass i alt ståket har Frp sidan juni berre gått opp med eitt prosentpoeng, frå 13,4 til 14,5 prosent (pollofpolls.no).

Viss målet med nye Listhaug er å ta frå Støre kaos-argumentet, er det eit stort spørsmål om dette kjem tidsnok. Både imam-sleike-replikken og turen til Sverige har truleg festa seg for godt i folks medvit til at det kan viskast ut gjennom koseprat og klemming den siste veka før valet.

Publisert: