NRKs mullaløft

Når islamisten kjem inn i studio, krympar journalisten til eit mikrofonstativ.

Publisert Publisert

FÅR KRITIKK: «Frå mulla til peace and love, NRK, dét ville ha vore eit scoop. I staden får mullaen fritt leide til å gjere det mullaar i alle tider ha gjort: forkynne. Og det til ein nikkande og alvorleg journalist Anders Magnus, mannen som ikkje kunne dy seg for å ta ein glisande selfie saman med Krekar før intervjuet», skriv Hilde Sandvik. Foto: Gorm Kallestad, Scanpix

iconDenne artikkelen er over fem år gammel

«I det første lengre intervjuet med norsk presse på mange år kommer Krekar med oppsiktsvekkende uttalelser.»

NRK greidde ikkje å skjule kva slags scoop dei meinte å ha fått: Sjå ein mulla snakke. Bø. Kven vart skremt no?

Les også

Mulla Krekar kan bli fremstilt for varetektsfengsling

Det vart tydelegvis både statsminister og justisminister og heile kostebinderiet — og resten av kvelden gjekk med til å snakke om ja, kva var det som eigentleg vart snakka om? Det absolutt alle visste frå før, om dei då ikkje har stått heilt åleine inne i ein potetkjellar på Kyrksæterøra dei siste åra: Mulla Krekar meiner at dei som spottar profeten fortener å døy.

NRK greidde ikkje å skjule kva slags scoop dei meinte å ha fått.

Bø! Mulla Krekar vart glad av åtaket mot Charlie Hebdo. Uæææ! Mulla Krekar meiner alle som krenkar muslimar bør få svi.

Det som hadde vore oppsiktsvekkjande var om mulla Krekar etter opphaldet i kasjotten i Kongsvinger hadde meldt at han skiftar karriere frå skremselsforkynnar til teppevevar. Han har ombestemt seg. Frå no har han tru på dialog, samspel og at alle skal vere snille med kvarandre. Dei unge muslimane bak Fredens ring har vore ein augneopnar og no vil han - personleg - tilby å vaske bort hakekrossane frå Max Hermansens antikvariat.

Frå mulla til peace and love, NRK, dét ville ha vore eit scoop.

I staden får mullaen fritt leide til å gjere det mullaar i alle tider ha gjort: forkynne. Og det til ein nikkande og alvorleg journalist Anders Magnus, mannen som ikkje kunne dy seg for å ta ein glisande selfie saman med Krekar før intervjuet, eit bilete han kanskje alt no angrar på.

Mullaen får fritt leide til å gjere det mullaar i alle tider ha gjort: forkynne.

Scoopet, NRK, ville ha vore å gå i fotefara attende til der Krekar starta, følgje etter han der han no har sine eventuelle etterfølgjarar, sjekke kven som eventuelt høyrer på det denne mannen seier. Det ville ha vore journalistikk.

Journalistikk ville det også ha vore å verkeleg gå i saumane på mannen som i si tid var ein av forløparane til IS, og som mogelegvis av den grunn burde ha vore tiltalt for krigsforbrytingar medan han har hatt tida si i Noreg.

Les også

Politiet vil fengsle mulla Krekar igjen

Les også

Mulla Krekar politianmeldt

Journalistikk var det då dansk TV 2 i fjor sommar synte videoopptak frå den særs omstridde Grimhøjmoskeen i Aarhus. Frå talarstolen manar imam Abu Bilal Ismail til å drepe alle zionistiske jødar: «Tel dei, drep kvar og ein. Skån ingen. Få dei til å li forferdeleg», sa han i ein moské i Berlin. No vil tysk strafferettsdomstol reise sak mot han for hets mot folkegruppe. Abu Bilal Ismail er ein mann å fotfølgje: 22 personar frå moskeen der han preikar er reist til Syria for å krige, ifølgje Østjyllands politi. Likevel hevdar imamen at det er ukjent for han at så mange har reist.

Journalistikk er det også å følgje utviklinga av miljøa kring nettstaden Islam Net i Noreg eller andre religiøse forsamlingar, anten det er å følgje pengane i frikyrkjer, å avdekkje medlemsjuks i den katolske kyrkja eller høyre kva som blir sagt i fredagsbøna i moskeen på Nøstet.

Ingen andre religiøse leiarar blir likevel handsama som dei muslimske i norsk presse, med ei underleg ærefrykt som ikkje blir nokon annan prest til del, om ein ikkje då heiter Dalai Lama og statsministeren ikkje vil treffe deg.

I det sju minuttar lange intervjuet som ligg på nrk.no finst mest berre ja/nei-spørsmål av typen: «Så du meiner at.» Og mulla Krekar leverer akkurat som forventa. For han meiner ikkje noko anna enn forventa. Dei han taler til er heller ikkje Anders Magnus eller statsministeren. Sjølv om det er Magnus han set sine sinte augo i medan han messar det mest opplagde. Hans publikum er eit anna: Dei han formaner om å vere gode muslimar.

Les også

- Nordmenn som tegner Muhammed, må dø

NRK er ikkje åleine om å oppføre seg mot sjølvoppnemnde muslimske talspersonar med ei ærefrykt som om dei var halvt kongelege smågudar.

Etter at PST la fram si vurdering av terrortrugsmål mot Noreg, inviterte Aftenposten TV Fahed Qureshi, grunnleggjaren av Islam Net, ein organisasjon som for få år sidan hadde handsopprekking for dødsstraff. Ein organisasjon, kjent for å invitere til Noreg alt som kan krype og gå av islamistiske talarar av den verste sorten.

Slik abdiserer journalistikken. Og slik er vi med på å byggje tilhengarskarer.

Utan eitt kritisk motspørsmål frå journalisten — eller frå kommentator Harald Stanghelle - får Qureshi lov til å seie at årsaka til radikalisering av unge norske muslimar er å finne i norsk utanrikspolitikk. «Så du meiner Norges deltaking i Afghanistan?» spør journalisten, noko Qureshi stadfestar. Eit motspørsmål om korleis ein til dømes då såg Vestens inngripen i Bosnia-krigen, var fråverande.

Når Qureshi så hevdar at regjeringa bør stoppe støtta til vesentlege, moderate muslimske organisasjonar som Minotenk og nettverket LIM (Likestilling, integrering mangfald) fordi dei, med hans ord ikkje representerer muslimar, kjem heller ikkje eitt motspørsmål. Heller ikkje får det journalisten til å reagere at Qureshi hevdar desse organisasjonane «set mennesket i sentrum og ikkje islam».

Kva norsk prest ville ha kome unna med ein slik påstand?

I staden let Aftenposten Qureshi få gjere det han likar best - forkynne den rette lære. Slik mulla Krekar fekk det på onsdag.

Slik abdiserer journalistikken. Og slik er vi med på å byggje tilhengarskarer.

Dét er til å bli skremt av.

Publisert