Raudt har litt rett. Nato gjer for lite for at Ukraina skal vinne krigen.

Ukraina vil i løpet av våren få tyskproduserte Leopard 2-stridsvogner. Her frå ei øving i Polen.

No får Ukraina vestlege stridsvogner. Men det tok frykteleg lang tid.

Publisert: Publisert:

Joakim Møllersen sette fyr på våpendebatten i Raudt då han gjesta Debatten på NRK tidlegare i januar.

Han forsvarte Raudts standpunkt om ikkje å sende våpen til Ukraina, eit standpunkt få heldigvis deler. Som ein del av Nato-kritikken, påstod Møllersen at Nato er interessert i å halde krigen gåande.

Det meste av Nato-analysen frå ytre venstre er fråkopla røynda, men sjølv ei øydelagt klokke har rett to gonger i døgeret.

Møllersen har nemleg eitt poeng.

Nato-landa ser ikkje ut til å ha ein strategi der Ukraina skal vinne krigen – berre at dei skal unngå å tape den. Det er oppskrifta på langvarig krig.

Les hele saken med abonnement