Oppdrettarane kan ikkje bestemme sin eigen skatt

Oppdrettsnæringa bør betale grunnrenteskatt, men kommunane kjem for dårleg ut i forslaget frå Havbruksskatteutvalet.

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

PENGEMASKIN: Laksenæringa har kanskje vunne kampen mot grunnrenteskatt så langt, men dei bør ikkje satse på at dette er over, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Bjørn Erik Larsen

Oppdrettsnæringa kan smile heile vegen til banken. Alt tyder på at den slepp innføring av ein grunnrenteskatt, slik vasskrafta og oljenæringa har. Førebels, i alle fall.

Rapporten Havbruksskatteutvalet la fram måndag, vart torpedert av landsmøta til Høgre, Frp, Venstre og Senterpartiet, allereie for eit halvt år sidan. Altså lenge før dei såg forslaget.

Som om ikkje det var nok, er utvalet delt. Interesseorganisasjonane LO, NHO og KS utgjorde mindretalet som var mot grunnrenteskatt. Men det er ein mektig troika. LO er i mot fordi dei organiserer folk som jobbar i oppdrettsbransjen. Det gjer òg Ap lunken til forslaget.

Kunnskapsbasert politikk har vore ein styrke i det norske systemet, og der har Noregs offentlege utgreiingar (NOU) vore nøkkelen.

Det er eit prinsipp som våre folkevaldet tilsynelatande er i ferd med å forlate, som politisk redaktør Kjetil Bragli Alstadheim i DN påpeikte nyleg.

Lagnaden til Havbruksskatteutvalet er eit godt døme. Det finst gode grunnar til å diskutere om det verkeleg er rett å innføre grunnrenteskatt for oppdrettsnæringa. Men det er for lettvint å avfeie det utan å høyre på rådet frå fagfolka, slik dei borgarlege partia har gjort.

Ein viktig grunn til at næringa har klart å torpedere forslaget, er at den er spreidd rundt i landet. Utsendingane i partia er ombodsmenn for sine regionar. Det gav Sjømat Norge lett spel, ved å truge med utflagging, nedlegging og tap av lokale arbeidsplassar og skatteinntekter.

Les også

Hans K. Mjelva: Staten bør halde fingrane unna oppdrettsskatten

For det finst gode argument for å innføre ein grunnrenteskatt på oppdrettsnæringa. Dei brukar ein allmenning som tilhøyrer folket til å dyrke fisk. I dag kan ikkje fisken, i hovudsak laks, dyrkast fram like billig på andre måtar.

Denne retten er strengt regulert, og konsesjonane er difor eit privilegium oppdrettaren har fått tildelt av fellesskapet. Det meste heilt gratis. Ifølgje utvalet er dagens konsesjonar verdt 200 milliardar kroner, medan næringa har betalt rundt sju milliardar.

Tilgangen til allmenningen og streng regulering er ein viktig årsak til den superprofitten næringa har hatt dei siste ti åra. Dette er òg hovudargumentet for å innføre grunnrenteskatt, frå fleirtalet i utvalet.

Næringa forsvarar seg med at dagens boom er forbigåande. Ny teknologi trugar med hard konkurranse frå oppdrett i andre land, anten det er havgåande merdar i Kina, landbaserte anlegg i Danmark og Florida eller sjøanlegg i Chile.

Men som utvalsmedlem og NHH-professor Linda Nøstbakken påpeiker: Næringa betalar for tida opp til 200 millionar kroner for ein oppdrettskonsesjon. Det tyder på at dei forventar høg forteneste i lang tid framover.

Så lenge grunnrenteskatten verkeleg blir ein skatt på overskot, der næringa kan trekke frå investeringar, tenester, forsking og utvikling er det ein god idé.

Når eg skriv «verkeleg» er det fordi utvalet vil bygge på same modell som kraftbransjen. Kraftbransjen meiner Finansdepartementet legg urealistiske føresetnader til grunn (risikofri rente mm), som gjer at dei må betale grunnrenteskatt sjølv når bedrifta går dårleg. Stemmer det, så er ein grunnrenteskatt ein dårleg ide.

Les også

Hans K. Mjelva (2017): Fisk i fjøset

Hovudproblemet med fleirtalets forslag, er utslaget det har for kommunane. Fleirtalet foreslår å gje inntektene som kommunane i dag får for nye konsesjonar (havbruksfondet) til staten. I tillegg vil dei fjerne dagens kommunale eigedomsskatt til anlegg i sjø.

I staden skal kommunane få ein del av grunnrenteskatten, som ein fast sum basert på kor mykje fisk det er i kommunen.

Her er det fleire problem. For det første tek ikkje utvalet stilling til kor mykje av grunnrenta kommunane skal få. Kommunanes interesseorganisasjon, KS, fryktar at det blir lite, fordi hovudformålet med skatten er å finansiere velferdsstaten. Ekstrainntekter til oppdrettskommunar står her svakt.

I tillegg skal grunnrenteskatten gå inn som ein del av utjamningssystemet mellom alle landets kommunar. I røynda vil då mykje av inntektene bli smurt tynt utover i Kommune-Noreg, pengar som lett kan hentast inn att av staten ved å redusere overføringane til kommunane.

Til samanlikning blir pengane frå havbruksfondet tildelt utan at oppdrettskommunane får noko frådrag. Det same gjeld eigedomsskatten. Alt tyder difor på at kommunane vil tape på forslaget frå fleirtalet i Havbruksskatteutvalet.

NOUen frå utvalet skal no ut på høyring. I staden for ei lang gravferd bør høyringa brukast til å diskutere framtida til landets nest viktigaste eksportnæring.

Utvalet har gode poeng i argumentasjonen for ei grunnrente. Stadig færre lokale eigarar og fleire store, dels utanlandsk eigde konsern gjer at mindre av inntektene blir att i lokalsamfunna. Det same gjer auka effektivitet og mindre trong om arbeidskraft.

Argumentet om at næringas forteneste er basert på eksklusiv bruk av norsk felleseige er solid. Sjølv om næringa har eit poeng i at ny teknologi kan endre situasjonen, vil ein rett forma ut grunnrenteskatt berre føre til at skatten vil forsvinne viss superprofitten forsvinn.

Oppdrettsnæringa har kanskje vunne kampen så langt, men dei bør ikkje satse på at dette er over. I takt med at oljeinntektene går ned, vil suget etter andre inntekter til å finansiere velferdsstaten auke. Då står oppdrettarane lagleg til for hogg.