Typisk norsk å vera best

Publisert Publisert

Då klima-angsten og corona-angsten og verda-står-ikkje-til-påske-angsten var i ferd med å eta sjela, fekk vi nitten år gamle Erling Braut Haaland som frelsar. Foto: Martin Meissner, AP / NTB Scanpix

  • Asbjørn Kristoffersen

Han er frå Jæren. Han er fryktlaus. Han er verd 600 millionar. Minst. Kanskje ein milliard. Då klima-angsten og corona-angsten og verda-står-ikkje-til-påske-angsten var i ferd med å eta sjela, fekk vi nitten år gamle Erling Braut Haaland som frelsar. Ti mål i Meisterligaen, ti dosar norsk sjølvmedisinering. Har vi Braut, har vi alt.

Borussia Dortmund kan gjerne vera gresk for deg. Du treng ikkje ha peiling på kven som er manager for Manchester United. Det einaste du må forstå, er at det er fotball som er meininga med livet. Og at pengar er alle tings målestokk. Når ein branne av ein jærbu sparkar seg opp i milliardklassen til ein Messi frå Argentina og ein Ronaldo frå Portugal, skal du vita at høgare er ingen nordmann nokosinne hipsa. Ingen over, ingen ved sida.

Når Braut hipsast, blir alle nordmenn hipsa. Hans kometferd er vår kometferd, lyftar oss himmelhøgt frå Jæren og Strilelandet og Tøyen og Skøyen til svulmande hjarte i ein sofa frå Ikea, der han sit, han far, og dankar ut svenskane. Kan Braut, kan alle.

Det er klubbar som kjøper og sel, det er kapitalistar og korrupte fotballistar som driv prisane i vêret. Utan klubbar, ingen Braut. Men det er nasjonalistar som skaper den feitaste glorien. Berre dei beste blir plukka ut til å representera opphavslandet sitt. Berre landslaga blir verdsmeistrar og olympiske meistrar. Først når Braut som ein jærsk stubbebrytar valsar svenskane flate, vil vi få full utblåsing. Først då kan vi gje oss fullt og heilt over til våre djupaste og sannaste kjensler. Då er det oss mot svenskane. Braut og oss. Ingenting anna.

Erling Braut Haaland skal berre bli større og kosta meir. Ein milliard er berre ein start for ein nittenåring. Om oljeprisen minkar og stormfloene aukar, skal han vera der. Det skal alltid vera typisk norsk å vera best.

Publisert