Ei skisse for landet

Statsministeren stilte eit ultimatum til regjeringspartnarane sine. Slik gjekk det.

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

TAR GREP: – Solbergs ultimatum kan felle regjeringa hennar – det stadfesta statsministeren på pressekonferansen. Men det som kunne knekke regjeringa, var det einaste som kunne redde den, skriv Morten Myksvoll. Terje Bendiksby, NTB Scanpix

Erna Solberg (H) er framleis statsminister. Det kunne ho informere om på ein pressekonferanse fredag kveld.

Og for ein fredag det blei.

Regjeringssjefen møtte pressa åleine. Utan Frp, Venstre og KrF. Då ho gjekk på talarstolen, risikerte ho å stå utan ei regjering måndag.

Bodskapen hennar var tydeleg: Regjeringa må bli einige innan måndag, og det einaste som gjeld er hennar endelege skisse.

Les også

Statsministeren stiller bom-ultimatum

Solbergs skisse er full av ulike tiltak som kvar for seg kan ta biltrafikken i ulike retningar. Her er det sigrar og tap for både Frp og Venstre – som er dei som har vore mest ueinige i denne runden.

Når dei godtek desse, et begge desse partia store kamelar. Det har dei trass alt blitt gode til.

Den nye skissa som Solberg tvinga Frp, Venstre og KrF til å godta, er komplisert. Det einaste som er sikkert, er at dette blir veldig, veldig dyrt.

Eit stort konfliktområde, har vore det såkalla nullvekstmålet. Det forpliktar blant andre Bergen til at biltrafikken ikkje skal auke. Tiltaka for å oppfylle det, som Bybanen, har bidratt til ein trafikkreduksjon.

Les også

Frøy Gudbrandsen: Det er ikkje synd på Erna

Solberg krev at nullvekstmålet skal vidareutviklast. Det stod òg i Granavollplattforma. Det er altså ikkje avklart korleis målet vert sjåande ut. Statsministeren kunne slå fast at hennar krav er at målet framleis skal bidra til utsleppskutt.

Men når bilane forureinar mindre, kan trafikken auke samtidig som utsleppa går ned. Det er vondt å svelgje for dei som er oppteken av den lokale luftkvaliteten i Bergen.

Korleis dette målet faktisk blir, veit ingen. Det er det neste store slaget – dersom regjeringa blir sitjande.

Frå KrF-hald ser ein på vidareutviklinga som eit godt argument for å halde fram i regjering. For dei er det viktig å ta den kampen frå innsida av regjeringskontora.

Det kan ha vore utslagsgjevande for Venstre òg. Framleis har ingen tapt på dette punktet – enno.

Når politikarane snakkar om kor mykje bompengar folk betaler, ser ein ofte på nasjonale tal. Då sausar ein saman bygd og by. Det er langt mindre problematisk å kutte bompengane utanfor byane.

Bompengane på Hardangerbrua skal ned. Det har ingenting å seie for trafikken i byane, som er viktigast å få ned. Solbergs skisse vil bety langt fleire statlege kroner til Bybanen og Bergen.

Kanskje er det rom for å kutte bomtakstane i ytre bomring litt? Det ville ikkje vore urimeleg.

Solberg opnar for at byar som vil, skal kunne gi ein bompause på tre timar på ettermiddagar. Dette har blant anna Bergen Høgre ivra for. Det er eit tiltak som nok er populært, men som vil senke terskelen for å køyre bil.

Som med alt anna, er det korleis ordninga ser ut som avgjer kor god eller dårleg den er. Gjeld den indre bomring, kan det gi auka biltrafikk.

Eitt av krava som ligg fast frå den førre skissa – som Venstre ikkje kunne godta – var at fylke og kommunar må bidra med 20 prosent finansiering av nye tiltak i bompakkene. Bybanen er unnateken dette.

Men om lokalpolitikarane finn ut at dei vil ruste opp dømevis Hjellestadvegen med bompengar, må ein finansiere delar av det lokalt, utan bom. Det er ikkje eit urimeleg krav.

Av andre tiltak, kan ein nemne kutt i kollektivprisar i byane, meir pengar til miljøvenleg næringstransport og fleire sovevogner på nattoga.

Solberg lovar òg meir pengar til rassikring og breiband i 2020. Ho opnar til og med for Nord-Noregbana, ei togstrekning som skal koste meir enn 100 milliardar kroner.

Per-Willy Amundsens (Frp) absolutte krav om at E8 i Troms skulle bli bomfri har òg blitt med.

Det skal godt gjerast å vere imponert over Solberg leiarskap den siste tida. Bompengekrisa har gått strake vegen mot ei regjeringskrise, medan sjefen har stått på sidelina.

Frp og Venstre har krangla openlyst.

SA JA: Like over klokka 23, sa Grande at Venstre ville støtte skissa til Solberg. Stian Lysberg Solum

Fredag slo Solberg hardt tilbake. No var statsministeren verkeleg på jobb.

Når statsministeren stiller eit ultimatum, speler ho høgt. Det kan felle regjeringa hennar – det stadfesta statsministeren på pressekonferansen. Men det som kunne knekke regjeringa, var det einaste som kunne redde den.

Nokon måtte skjære gjennom.

Sjølve pressekonferansen var oppsiktsvekkande: Det er ikkje ofte ein statsminister trugar sin eigen regjering på ein pressekonferanse. Men det vart berre meir absurd då Solberg fekk vite Frp-leiar Siv Jensens reaksjon – på direkten.

Og Siv Jensen sa ja – trass i at landsstyret søndag sa at dei var ferdig å forhandle. Ja, sa KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad òg. Det ser førebels ut til at dei har partia sine med seg. To av tre er ikkje gale. Men Venstre stod att.

Presset på Trine Skei Grande (V) vart stort. Sa ho nei, kunne ho få skulda for regjeringskrisa. Partiet sat seint fredags kveld i gruppemøte.

Like over klokka 23 sa Grande at Venstre ville støtte skissa til Solberg.

Les også

Jensen: Frp kan stille seg bak siste bompengeskisse

Den store kamelen i rommet er finansieringa. Skissa kostar mange milliardar, men det snakka ikkje Erna Solberg om. For Venstre kan det verste med skissa ligge her.

Kva handlingsrom finst det for å føre ein meir offensiv klimapolitikk, når ein bruker fire milliardar kroner på å gjere det billegare å køyre bil?

Og kva med KrF? Ja, dei kan gå for skissa, men kan dei bli einige med Høgre kvar pengane skal kome frå?

Dersom oljepengebruken ikkje skal opp, må pengane takast frå noko anna. Det kan bli tøft for fleire.

Men det kjem i neste episode.

OPPDATERT: Kommentaren vart opphavleg publisert kort tid før Trine Skei Grande (V) heldt sin pressekonferanse. Kommentaren er oppdatert etter Grandes pressekonferanse kl. 23, der ho sa at Venstre aksepterer Solbergs skisse.