Ein frigjeringsdag for alle

Høgresida må lære seg kva fridom er.

Jens Kihl
Kommentator

ER EG FRI NO? Jøran Kallmyr (Frp) er justisminister. Her er han fotografert i 2015 medan han var statssekretær i same departement. Håkon Mosvold Larsen, NTB Scanpix (arkiv)

8. mai er frigjerings- og veterandagen i Noreg. Vi feirar fridomen frå fem års nazistisk okkupasjon og undertrykking. I tillegg heidrar vi dei over 100.000 som har tenestegjort i internasjonale operasjonar i tida etter andre verdskrigen. Dette gjer vi saman. Frigjeringa høyrer alle nordmenn til.

Men då justisminister Jøran Kallmyr (Frp) vitja Jørstadmoen leir utanfor Lillehammer 8. mai, sa han følgjande:

«Vi må hugse på at då Nato blei oppretta, var det i skuggen av den gryande trugselen frå kommunistregimet i aust. Den kalde krigen var prega av ideologiske motsetningar. Det var demokrati mot diktatur. Fridom mot kommunisme og sosialisme.»

Les også

– Han blir ansett for å være ond og motbydelig

Det var Gudbrandsdølen Dagningen som først melde om talen.

Justisministeren tek feil. Då Noreg som eitt av tolv land stod bak opprettinga av Nato i 1949, var det med den sosialistiske Einar Gerhardsen (Ap) som statsminister. Sosialistane hadde vunne makta gjennom eit fritt val.

Problemet er likevel eit heilt anna: 8. mai er ikkje dagen regjeringa skal bruke for å splitte oss. Sosialistar og kommunistar er like gode nordmenn som alle andre. Det må Kallmyr forstå.

Sist helg blei det mykje oppstyr fordi Kallmyrs partileiar Siv Jensen uttalte at «vi skal knuse dei jævla sosialistane». Er det to alen av same stykke? Nei. Jensen sa det med glimt i auget og i ein spøkjefull tone under ein fest.

Kallmyr stod derimot omkransa av norske flagg og heldt ein offisiell tale på 8. mai. Det er milevis forskjell.

Det fyrste blei sagt i ein takketale der Siv Jensen var tydeleg rørt og ganske personleg i stilen. Det andre er ein tale som uttrykker regjeringas offisielle haldning.

Les også

Debatt: Det bør være en plikt å flagge 8. mai

Frigjerings- og veterandagen tek opp i seg tema som blir diskutert kvar dag: Fleire av dei internasjonale oppdraga Noreg har delteke i har vore djupt kontroversielle, som i Afghanistan, Jugoslavia eller Libya.

Det er likevel mogeleg å heidre dei soldatane som har stilt opp, og ta den politiske debatten ein annan dag enn akkurat 8. mai.

Vi bør også diskutere krigsoppgjeret, handsaminga av kvinnene med tyske kjærastar og ikkje minst sviket mot jødane.

Desse spørsmåla greier dei fleste av oss å skilje frå 8. mai-feiringa, i alle fall betre enn regjeringa no legg opp til. For Kallmyr hadde meir på hjartet denne onsdagen på Jørstadmoen:

«Det er også 75 år i år sidan Aust-Finnmark blei frigjort av sovjetiske soldatar allereie hausten 1944. Norske sivile styresmakter blei straks gjeve rom for å byrje maktovertakinga. Då krigen var ferdig, forlét også dei sovjetiske styrkane vårt territorium. Men det var ikkje sjølvsagt, for sovjetarane hadde allereie då starta sin imperialistiske strategi.»

Les også

Slik så Bergen ut etter katastrofen

Dette er takka frå regjeringa for at Sovjetunionen frigjorde store delar av Nord-Noreg i 1944 og 1945. Under krigen var det over 100.000 sovjetiske krigsfangar i Noreg.

13.700 mista livet. Det talet er høgare enn om ein legg saman tapa av alle norske liv, sivile og militære, ute og heime, under krigen.

Der Den raude armé i store delar av Aust- og Sentral-Europa har stått for undertrykking, diktatur og ufred, er han for mange i Nord-Noreg sjølve frigjeringshæren.

På Tjøtta på helgelandskysten ligg den sovjetiske krigskyrkjegarden i Nord-Noreg. Det er ein vakker og vond plass. Mot havet i vest står ein høgreist bauta med ei stor, femtakka stjerne på. I midten av stjerna: Hamar og sigd.

Her ligg nesten 8000 sovjetiske soldatar gravlagde, i tillegg til 2500 offer etter den britiske senkinga av fangeskipet «Rigel».

TJØTTA: Bautaen på krigskyrkjegarden på Tjøtta er reist til minne om sovjetiske soldatar som mista livet i Nord-Noreg under andre verdskrigen. Tom Schandy, Samfoto (arkiv)

Bautaen står på ei grasslette som dekker leivningane til tusenvis av sovjetar. Sist eg var der grodde løvetanna fritt og ingen informasjonsskilt var å sjå.

Les også

Eirin Eikefjord: Den jævla humørløsheten

Etter krigen avgjorde Ap-regjeringa og forsvarsminister Jens Christian Hauge at dei mange gravlagde soldatane rundt om i Nord-Noreg skulle flyttast til Tjøtta. Den offisielle grunngjevinga var – og er – at soldatgravene låg lite verdig til.

Ein vel så viktig grunn var nok at norsk etterretning ville ha kontroll over sovjetiske etterlatne som kom til Noreg for å vitje grava til sine kjære. Dei var rett og slett redde for at spionar skulle kome hit under dekke av å vere pårørande.

Det finst mange forteljingar om korleis desse flyttingane skjedde på måtar som best kan karakteriserast som likskjending. Til slutt blei den folkelege motstanden svært stor. Operasjon Asfalt, som likflyttinga blei kalla, blei derfor aldri gjennomført i Sør-Noreg.

Les også

Debatt: Jeg er en jævla sosialist

På same måte stod norske, kommunistiske motstandsgrupper for viktig sabotasjearbeid under krigen. Pelle-Gruppa og Osvald-gruppa har vore utan minnesmerke inntil nyleg, trass i store og viktige aksjonar over heile landet.

Noreg bør vere takksame for den innsatsen sovjetiske soldatar og norske kommunistar la ned for vårt land under andre verdskrigen. Det kan vi fint vere utan å synast vel om Sovjetunionen.

Den frigjeringa dei var med på, kan vi i dag bruke til å fritt velje politisk ståstad. Vi har plass til både kommunistar, liberalistar og alle andre.

Det er ekte fridom.