Pastoren som prøveballong

USA straffar Tyrkia for å ha fengsla ein amerikansk pastor, men det heile handlar nok eigentleg om våpen.

FENGSLA I TYRKIA: – I løpet av to år er Andrew Brunson blitt ein del av eit storpolitisk spel. USA har kravd han utlevert, men Tyrkia har nekta, skriv Morten Myksvoll. Foto: Emre Tazegul, TT NYHETSBYRÅN

Publisert:

I 2016 vart Andrew Brunson fengsla i Tyrkia, der han leia ein liten kyrkjelyd. Skuldingane mot Brunson handlar om at han skal ha jobba for den islamistiske Gülen-rørsla, som er skulda for å stå bak kuppforsøket i 2016.

Arrestasjonen er gjort på eit mildt sagt sviktande grunnlag, og Nate Schenkkan i Freedom House har karakterisert den som ein «farse, viss det ikkje hadde vore så alvorleg».

Kor alvorleg den er, kjem til uttrykk i den harde ordkrigen som har spelt seg ut mellom Nato-partnarane Tyrkia og USA. Og den er eit forspel til ein mykje meir alvorleg konflikt.

Les også

Trump truer Tyrkia med omfattende sanksjoner

I løpet av to år har Brunson blitt ein del av eit storpolitisk spel. USA har kravd han utlevert, men Tyrkia har nekta. Dette har skjedd parallelt med at Tyrkia har kravd Fethullah Gülen utlevert frå USA. Det har USA nekta å gjere.

Saka har vore problematisk for dei to landa sidan 2016, men det var ikkje før i sommar at det rant over. Under Nato-toppmøtet i juli såg det ut til å vere god stemning mellom Donald Trump og Tyrkias president Recep Erdoğan. På sedvanleg vis, skrytte Trump av motparten sin. Erdoğan «gjer ting på rett måte», sa han om den stadig meir autoritære tyrkiske presidenten.

Smigeren hjelpte ikkje. For då Erdoğan kom tilbake til Tyrkia, påstod han at han ikkje kunne overprøve domstolen. Kort tid etter, vart Brunson flytta frå fengselet til husarrest. Han er no heime med familien i Izmir. Tyrkiske styresmakter trudde nok at det skulle vere tilstrekkeleg.

Les også

Morten Myksvoll: «Halve Tyrkia er lukkeleg. Halve Tyrkia er skuffa. Og det er ingen teikn til forsoning etter at Erdoğan vann nok eit val.»

Det var det ikkje. Amerikanarane forventa full frifinning. I tillegg er ikkje Brunson den einaste amerikanaren som vart fengsla etter kuppforsøket.

USAs respons var å varsle sanksjonar mot to tyrkiske statsrådar. Tyrkiske styresmakter på si side, har ved fleire høve sagt at dei kan bytte. Viss Tyrkia får Gülen, skal USA få Brunson.

Sanksjonsvarselet slo inn som eit sjokk for den tyrkiske valutaen, som har slite i heile år. Tyrkia har lova å svare på sanksjonane, som dei omtaler som «ei respektlaus innblanding i rettssystemet» deira.

Det er likevel vanskeleg å sjå på sanksjonane som impulsive. Amerikanske styresmakter har gong på gong nemnd sanksjonar som eit mogeleg steg viss konflikten ikkje vart løyst.

På noverande tidspunkt er sanksjonane reint symbolske, og det er uklart om justisministeren eller innanriksministeren faktisk kjem til å oppleve nokre ulemper på grunn av sanksjonane. Men symbol er viktige. Og det sklir fort ut viss Tyrkia faktisk svarer på sanksjonane.

Det handlar nemleg ikkje berre om Andrew Brunson. Heile denne eskaleringa ser ut til å vere ein prøveballong for det som er ei langt større konflikt mellom dei to Nato-partnarane.

LUFTVERNKRISE: – Tyrkia har signert ein avtale om å kjøpe det russiskproduserte S-400-systemet. Det er bakke-til-luft-rakettar som er spesiallaga for å kontre det amerikanske F-35-jagarflyet, skriv Morten Myksvoll. Foto: NTB Scanpix (Arkiv)

Den store krangelen mellom USA og Tyrkia handlar om våpen. Tyrkia har signert ein avtale om å kjøpe det russiskproduserte S-400-systemet. Det er bakke-til-luft-rakettar som er spesiallaga for å kontre det amerikanske F-35-jagarflyet.

USA er forståeleg nok uroa over at russisk militærteknologi kan bli integrert i Nato. Heile alliansen er uroa over det. Tyrkia har ei lang historie med å forhandle med til dømes Russland og Kina for å få betre avtalar frå amerikansk våpenindustri.

Viss det har vore strategien denne gongen, har den feila.

Les også

Ståle Ulriksen: Supermakten mister kreftene sine

Det tyrkiske halmstrået er at Hellas, som òg er eit Nato-land, har det russiskproduserte S-300-systemet som ein del av sin militære kapasitet. Men det er på ein måte Tyrkias forteneste. Dette luftvernsystemet skulle eigentleg til Kypros, men Tyrkia truga med å invadere øystaten då planane vart kjent. For å roe ned situasjonen, vart våpensystemet sendt til den greske øya Kreta i staden for Kypros.

Dei har likevel eit poeng om at russisk våpenteknologi finst i Nato i dag.

USA og Tyrkia forhandlar framleis om både kjøp av amerikanske Patriot-missil og deltaking i det europeiske Eurosam-prosjektet. Viss dei forhandlingane ikkje fører fram, kan USA stoppe heile leveransen av F-35-jagarfly til Tyrkia.

Det vil vere eit stort tap for Tyrkia, som har planlagt å kjøpe opp mot 120 slike jagarfly for å oppgradere det som i dag er Natos nest største flyvåpen.

LUFTMAKT: – Tyrkia har planlagt å kjøpe opp mot 120 F-35-jagarfly for å oppgradere det som i dag er Natos nest største flyvåpen. Foto: AMIR COHEN, NTB Scanpix (arkiv)

Koplinga mellom Brunson-saka og dei russiske luftvernrakettane ligg mest synleg i korleis dei begge har eskalert samtidig. Kongressen har blitt hardare og hardare i ordbruken mot Tyrkia om både jagarfly, luftvern og dei fengsla amerikanarane i Tyrkia.

I førre veke vedtok Senatet eit lovforslag som stoppa overleveringa i inntil 90 dagar. Viss Kongressen ikkje er nøgd med utviklinga, er det venta at denne stansen vert fornya. Forsvarsminister James Mattis har åtvara mot dette, men fleirtalet var så stort at Trump neppe har noko anna val enn å signere lova.

Verda har sett farlegare missilkriser enn den mellom USA og Tyrkia, men dette er ei av dei mest delikate. Etter Brunson-oppspelet å dømme, kan den verkelege krisa bli vond for heile Nato.