Vi må slutte å vere så dustete

Noreg treng politikarar som vil gå i nærkamp med dusteforboda.

SNUSFORNUFTIG: Helseminister Bent Høie har innført ei lang rekkje reglar, forbod og påbod dei siste åra. Til dømes er det no berre lov med gusjegrøne snusboksar her til lands. Lise Åserud, NTB Scanpix

Jens Kihl
Kommentator

Las du om setebeltekontrollane på Vestlandet sist veke? Statens vegvesen gjennomførte storstilte aksjonar for å leite etter dei av oss som ikkje brukte belte om bord på bussen.

Eitt spørsmål melder seg: Kvifor kan du få 1500 kroner i bot for ikkje å bruke belte om du sit, samstundes som det er lov å stå i midtgangen? Ein skulle jo tru det er vesentleg større problem med folk som står og sjanglar mellom seta enn dei som sit pent på plassen sin.

Strilen stilte heldigvis spørsmålet for oss. Svaret frå vegvesenets representant var akkurat så norsk som ein kunne håpe på:

«Det er det mange som lurar på, og det forstår me sjølvsagt. Men det er slik regelverket er.»

Lat oss stoppe opp ved dette svært presise svaret: Det er slik regelverket er. Dersom dét er den beste grunngjevinga ein fagetat kan gje for eit påbod, er det på høg tid å endre regelen.

Les også

370 personer fikk beltebot i buss

Eller kanskje las du om Preben Birkeland Søreide. Han ville byggje det første nyhuset på 19 år i bygda Søreide på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune. Alle trudde det var bra at 21-åringen ville satse i heimbygda, men heldigvis veit fylkesmannen betre: Sjølv om jorda har lege brakk i ti år, er ho definert som innmark. Dermed er det visst betre at Søreide blir buande i byen.

I desse dagar er det fem år sidan Framstegspartiet lanserte si liste over tretti «dusteforbod» dei ville få fjerna. Dei gav oss rett nok både lakrispiper og Segway, men så blei det stille.

Frp fortener skryt for å ha vore fremst i kampen for å kjempe mot kvardagsforboda vi møter. Men i regjering vil dei stadig møte ein Bent Høie som vil forby vanlege snusboksar.

LOV Å LEIKE: Den raudgrøne regjeringa gjorde i 2013 slutt på vasscooterforbodet i Noreg. Her er det Bård Hoksrud, no landbruksminister for Frp, som koser seg på vatnet. Vegard M. Aas, NTB Scanpix

Eller plutseleg er det alderskontroll på solarium. Ein sekstenåring er naturlegvis gamal nok til å avgjere om han eller ho vil ha barn, men ikkje om det passar med tjue minutt på Brun & Blid. Og i 2014 fekk vi jammen eit flytevestpåbod òg. Det er viktig å redusere omfanget av skadar og dødsulukker på sjøen, men det er diskutabelt om flytevestpåbodet eigentleg har hatt effekt.

Dermed er plassen ledig for andre parti – eventuelt for Frp sjølv. Her er nokre av dei forboda og påboda eg sjølv møter og der eg gjerne skulle sett at ikkje storting og regjering meinte dei visste betre enn meg:

Hjørnekjøleskap er sjølvsagt ikkje lov. Poenget om høgt energiforbruk er i for seg legitimt, men kvifor er det då lov i storkjøken, men ikkje heime? (Forbodet kjem frå EU, den same unionen som har plombert mopedane våre og regulert kanelbruken i bergenske skillingsbollar.)

SKILLINGSVISE: Her koser Kong Olav seg med ein ekte bergensk skillingsbolle i samband med at han vitja Festspillene i 1984. Det var før EU fann ut at dei skulle regulere kanelbruken. Erik Thorberg, Scanpix

På flyplassen kan du ha med flytande væske gjennom kontrollen. Men kvar flaske må vere maksimum hundre milliliter, og alle flasker, tubar og boksar må få plass i den vesle plastposen. Noreg har tidlegare prøvd å få bukt med dette omdiskuterte tiltaket.

Eg er sjølv ein militant antirøykjar. Men kvifor må vasspipetobakk vere forbode når vanleg tobakk er lov? Og er vi heilt sikre på at det er forbodet mot å selje tipakningar som vernar samfunnet vårt mot barbari?

I sommar var eg på bilferie i USA. Der er det lov å svinge til høgre i ljoskryss (dersom det er ledig) sjølv om ljoset skulle vere raudt. Resultatet er betre trafikkavvikling.

Eit forbod som ikkje akkurat kan seiast å råke meg personleg, er forbodet mot at regenten i Noreg kan melde seg ut av Den norske kyrkja. Men det er verdt å tenkje over at Grunnlova slår fast at prinsesse Ingrid Alexandra ikkje har religionsfridom.

Hyppigare enn spørsmålet om å styre landet, er derimot spørsmålet om å ta ein pils i parken med gode vener. Her er det positive rørsler på gang – og heldigvis skal det framleis vere reglar mot uro og ufin oppførsel.

Les også

Hareide bruker Kollen-kaos som argument mot liberalisering

Og når vi snakkar om alkohol: Kva med å vurdere happy hour og doble drinkar her til lands? Det er mørkt, vått og kaldt halve året. Vi kan like gjerne ha det litt gøy medan vi ventar på Godot.

Det er altså nok å ta tak i for parti – på alle fløyer – som meiner at borgaren er viktigare enn staten. Dusteforboda (og dustepåboda) må vekk. Livet er vanskeleg nok som det er, om ikkje staten i tillegg skal stikke ein moralsk peikefinger i augo på deg.

Kvart lite forbod kan verke logisk når det blir innført. Det viser politisk handlekraft. Men til saman gjer dei kvardagen mindre lettvint enn han treng å vere, og ingen sjekkar om dei eigentleg fungerer etter hensikta. Du og eg får ikkje vere sjefar i eigne liv.

Og kvar regel må følgjast opp med kontrollar, skjema, rapportar og bøter. Det blir arbeidsplassar i byråkratiet av slikt, men dei folka kunne gjort nyttigare ting i fellesskapens teneste. Noreg treng meir kvardagsliberalisme.

Men eitt forbod må vi gjeninnføre: Av omsyn til alle oss med slangeskrekk må forbodet mot reptil som kjæledyr kome tilbake. Helst i går.