Har kart, treng terreng

Den gamle orienteringsløparen Knut Arild Hareide har teikna eit politisk landskap det er vanskeleg for høgresida å kjenne seg att i.

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

VIL TIL VENSTRE: – KrF-leiar Knut Arild Hareide har lyst til å samarbeide med venstresida. Men skildringa av dei ulike partia og kvar dei står samanlikna med KrF er full av hòl, skriv Morten Myksvoll. Rune Sævig

KrF-leiar Knut Arild Hareide har så lyst til å samarbeide med venstresida at han hoppar bukk over dei verste problemsakene. Israel er ikkje omtalt i boka, og han er knapt innom abortspørsmålet. På boklanseringa sa Hareide at han fokuserte på saker som ligg på bordet no, som gen- og bioteknologi.

Han sa at boka var ein sjanse til å tenkje litt lengre enn frå dag til dag. På dei tinga som betyr noko. Ikkje Israel, altså. Mange KrF-veljarar vil ha problem med akkurat det.

Les også

Hareide regner med avskalling og bråk

Det er eit stort sjansespel å unnvike tema som alle veit blir problematiske i eit samarbeid med Arbeidarpartiet og SV. Denne naiviteten gjer nok jobben lettare for dei i KrFs landsstyre som vil samarbeide med høgresida.

Poenget med boka var å sjå eit stykke framover i tid. Då er det rart å gi ut ei bok som har ei levetid fram til fredag. Tar KrF det retningsvalet som Hareide antydar i boka, så har han ikkje takla dei store utfordringane det gir partiet.

Det burde bety noko.

Les også

Frøy Gudbrandsen: Et valg som betyr noe

Samtidig teiknar han eit skeivt bilete av situasjonen på høgresida. For det er ikkje tilfeldig at Hareide trekkjer fram gen- og bioteknologi. På Høgres landsmøte tidlegare i år fekk den liberale delen av partiet gjennomslag for ei rekkje oppmjukingar på feltet. Hareide peikar i boka på at slike verdisaker har vore grunnen til at KrF vanlegvis har sett mot Høgre for samarbeid.

Når Høgre blir meir «liberalistisk», som Hareide skildrar det, forsvinn den historiske fordelen. Hadde Hareide fokusert på andre verdisaker, ville han ikkje hatt det same argumentet mot Høgre. Det må vere eit bevisst val.

Les også

– Et sidebytte vil være dramatisk

Venstre har bevegd seg vekk frå KrF, skriv Hareide, og slår fast at det er Senterpartiet som er mest likt hans eige parti. Det er liberalismen som har skulda, igjen.

Hareide listar opp område som familie, rus, bioteknologi og arbeidsliv, men unnlèt å skrive kva Venstre konkret har gjort for å auke avstanden til KrF. For Venstre meiner stort sett det same på desse felta no som då Hareide klistra seg inntil Venstre i 2013.

Liberalismen er òg den store skurken når Hareide skildrar den politiske situasjonen i Europa. Han peikar på at individualismen pregar politikken for mykje, og at den fører til at folk stadig meir blir ståande åleine. Og at det gjer at tilliten mellom folk er i ferd med å bli svekt.

Analysen bommar på fleire nivå. Tilliten mellom folk er ikkje på veg ned i Noreg. I innbyggjarundersøkinga for 2017, svarar 77 prosent at dei stolar på dei fleste. Det er noko høgare enn i 2008.

KORT LEVETID: – Poenget med boka var å sjå eit stykke framover i tid. Då er det rart å gi ut ei bok som har ei levetid fram til fredag, skriv Morten Myksvoll. Ole Berg-Rusten, NTB Scanpix

Er det noko Europa er prega av akkurat no, så er det ikkje liberalisme. Som Frps tidlegare statssekretær Ove Vanebo skriv på Facebook: «Vi har aldri brukt så mye penger på offentlige velferdsordninger og overføringer. Støtteapparatet er enormt. Likevel meiner Hareide at vi er i ferd med å få et samfunn der enhver er sin egen lykkes smed.»

Høgrepopulistiske parti veks på ein kollektivistisk retorikk. Sverigedemokraterna snakkar ikkje om at svenskane må vere sin eigen lykkes smed. Tvert imot. Bodskapen er at svenskane må stå saman mot «dei andre».

Les også

Jens Kihl: Duden for dei små ting

Analysen held fram med å vere mangelfull når Hareide snakkar om erfaringane frå samarbeidet med høgresida. KrF er lei av å vere ein bremsekloss for Solberg-regjeringa, skriv han. Partiet må nemleg bruke all politisk kapital på å stoppe forslag som regjeringa kjem med. Hareide skildrar det som å starte ein fotballkamp på stillinga 0–2, der målet er å klare uavgjort. Det blir ikkje gull av sånt.

Hareide gløymer at det er han som er ansvarleg for strategien. Det er han som har valt å starte med to mål i sekken. Ved å stå utanfor regjeringa, kan ikkje partiet vere med på å forme regjeringas politikk.

KrF unngår dette problemet ved å gå i regjering med Arbeidarpartiet. Men det kan òg løysast ved å gå inn i Solberg-regjeringa. Det unnlét Hareide å ta med, fordi han vil til venstre.

MISTA TILLIT: – Slik eg les boka, har Sylvi Listhaug (Frp) hatt ein større rolle i Hareides glideflukt mot venstre enn ho nok likar å innrømme, skriv Morten Myksvoll. Håkon Mosvold Larsen, NTB Scanpix (Arkiv)

Der Hareide treffer, er i skildringa av det såkalla Kristen-Høgre. Samanblandinga av kristendom og det å vere norsk står i kontrast til Hareides prosjekt.

Slik eg les boka, har Sylvi Listhaug hatt ein større rolle i Hareides glideflukt mot venstre enn ho nok likar å innrømme. – Han vil vere ein katastrofe for landet, sa Listhaug om Ap-leiar Jonas Gahr Støre då ho gjekk av som statsråd. No kan handlingane hennar gjere Støre til statsminister.

Listhaug måtte gå av som statsråd då det vart klart at mistillitsforslaget mot henne ville få fleirtal. Bakgrunnen var det famøse Facebook-utspelet der Listhaug skulda Arbeidarpartiet for ikkje å ta terrorberedskap på alvor. Ho gjorde det til alt overmål på dagen der Erik Poppes film om 22. juli hadde premiere.

Frustrasjonen med høgresida har nok bygd seg opp over fleire år, men dette var kanskje dropen som fekk det til å renne over for Hareide.

Han såg ein justisminister utan respekt for Stortinget, og ein statsminister som brukte fleire dagar på å forstå at Listhaug måtte beklage.

Boka ber preg av ein svak politisk analyse. Den er så full av hòl at konklusjonen må ha kome før argumenta. Det er heilt vanleg når politikarar analyserer situasjonen, men gir ikkje akkurat dei beste svara.

Og dét er eit dårleg utgangspunkt for eit skjebnesvangert vegval for partiet hans.