Eit drap på diplomatiet

Verda kan ikkje sjå på at Saudi-Arabia drep kritikarane sine.

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

SPORLAUST FORSVUNNE: Tyrkisk politi skuldar Saudi-Arabia for å ha drepe journalisten Jamal Khashoggi. Hasan Jamali, TT NYHETSBYRÅN

Saudi-Arabia ser ut til å ha drepe journalisten Jamal Khashoggi inne på konsulatet deira i Istanbul. Det er heilt uakseptabelt at utanriksstasjonar vert brukte som avrettingslokale. Dersom det går ustraffa, er det eit trugsmål mot dissidentar verda over.

For å hindre det, må omverda stå saman med Tyrkia akkurat no.

Drap på regimekritikarar er dessverre ikkje så uvanleg, men forsvinninga til Khashoggi kan utløyse ei stor diplomatisk krise mellom Tyrkia og Saudi-Arabia. Fleire land, som USA og Qatar, vert dregne med i konflikten.

Les også

Lysbakken krev stans i sal av militærmateriell til Saudi-Arabia

Khashoggi er ikkje ein vanleg opposisjonell. Han ønskjer ikkje Saud-familiens fall. Men han er kritisk til ein del av kronprins Mohammad bin Salmans politikk, som til dømes krigen i Jemen. Khashoggi er viktig for Tyrkia fordi han støttar Det muslimske brorskap – som vert betrakta som ei terrorgruppe av regimet i Riyadh.

Khashoggi forlét kona si då han flykta frå Saudi-Arabia i 2017, og det var ønsket om å gifte seg på nytt som førte han til konsulatet i Istanbul 2. oktober. Tyrkiske styresmakter treng nemleg eit prov på skilsmissen for at han skal kunne gifte seg med sin tyrkiske kjærast.

SKULDA FOR DRAP: – Khashoggi er ikkje ein vanleg opposisjonell. Han ønskjer ikkje Saud-familiens fall. Men han er kritisk til ein del av kronprins Mohammad bin Salmans (biletet) politikk, skriv Morten Myksvoll. Francois Mori, TT NYHETSBYRÅN

Konsulatet ligg i Istanbuls finansdistrikt. Bygget har to utgangar, og kjærasten hans venta på framsida. Etter fleire timars venting, spurte ho kva som tok så lang tid. Svaret var at Khashoggi hadde gått ut bakdøra. Den historia er lite truverdig.

Tyrkisk politi har nemleg ein post med overvakingskamera på konsulatets fram- og bakside. Dei har bilete av Khashoggi i det han går inn i konsulatet, men ikkje av at han går ut.

Dei har òg bilete av fleire bilar som kjem til konsulatet, og tyrkisk politi meiner dette er 15 personar frå Saudi-Arabia som flaug inn til Istanbul for å utføre drapet. Saudi-Arabia visste nemleg at Khashoggi skulle kome til konsulatet denne dagen.

Konsulatet har si eiga videoovervaking. Dette systemet lagrar ikkje videoen, skal me tru saudiske styresmakter. Samtidig veit me at tyrkiske tilsette ved konsulatet fekk fri den dagen Khashoggi forsvann.

Les også

Kva skjedde med Jamal Khashoggi?

Så lenge Khashoggi er sporlaust forsvunne, er det vanskeleg å seie om han faktisk er blitt drepen. Tyrkiske politikjelder seier at dei sit på opptak av sjølve drapet, men det er ikkje verifisert. Det er likevel så mykje som tydar på at det har skjedd, at dersom Saudi-Arabia ikkje klarer å få fram prov på at han forlét konsulatet i live, må me snart leggje til grunn at han er daud.

Elles dør krisa, og då forsvinn presset for å straffe Saudi-Arabia. Det er livsviktig for dissidentar verda over at slike drap får konsekvensar.

GÅR INN: – Tyrkisk politi har bilete av Khashoggi i det han går inn i konsulatet, men ikkje av at han går ut, skriv Morten Myksvoll. REUTERS TV

Tyrkias president Recep Erdoğan har unngått å skulde Saudi-Arabia for drap. Når Tyrkia konkluderer, vil konflikten mellom Tyrkia og Saudi-Arabia gå inn i ei ny fase. Då er det umogeleg å seie kva som er neste steg, men følgjene vil variere frå det absurde til det alvorlege.

Først til det absurde. For Tyrkia har byrja å trolle land dei er i konflikt med, ved å endre gatenamn i hovudstaden Ankara.

Gata utanfor Dei sameinte arabiske emiratas (UAE) ambassade vart endra etter ein Twitter-krangel der UAEs utanriksminister skulda den osmanske kommandanten Fahreddin Pasha for å mishandle arabarar då han styrte den heilage byen Medina på 1900-talet.

No har Emiratane Fahreddin Pasha som gateadresse i Ankara.

Les også

Pastoren som prøveballong

I dag ligg konsulatet i ei gate med «uskuld» som språkleg opphav. Dei seks saudiske etasjane kan snart skifte adresse til Jamal Khashoggi.

Saudi-Arabia er ikkje dårlegare på absurditetane. I den pågåande konflikten med nabolandet Qatar, har dei truga med å byggje ein kanal på grensa for å isolere landet, og gjere det til ein øystat.

Qatar og USA er nøkkelspelarane dersom konflikten får alvorlege følgjer. Qatar er i ein bitter konflikt med Saudi-Arabia, men er Tyrkias næraste allierte i Gulfen.

Det er to ting som kan hindre Erdogan i å starte ei krise med Saudi-Arabia, som kan føre til full handels- og diplomatistopp. Det eine er at den tyrkiske økonomien er i ei djup krise. Der kan Qatar hjelpe, og oljestaten har allereie gitt Tyrkia bistand til å møte den tyrkiske rente- og inflasjonskrisa.

Les også

Fornærmet Saudi-Arabias monark i uttalelse

Det andre er om Erdoğan får ryggdekning frå USA. Trass i at Khashoggi bur i USA og er spaltist i Washington Post, har ikkje Tyrkia stolt på at USA ville stå på deira side. Det er ikkje så rart.

Trump har sagt at han håper at saka «løyser seg sjølv». Den amerikanske presidenten har til no avslått krav om å stanse sal av våpen til Saudi-Arabia. I eit intervju med CBS seier Trump at det vil få «alvorlege konsekvensar» dersom det vert ført prov for at Saudi-Arabia står bak drapet.

Kva som er tilstrekkeleg bevis for Trump er det derimot ingen som veit.

Les også

Trump feirar politiske sigre

Situasjonen er kinkig for USA. Tyrkia er ein alliert, og dei har blitt grovt fornærma av det påståtte drapet. Men Saudi-Arabia er òg ein nær partnar for USA. Diktaturet er USAs næraste allierte i Gulfen, og deira største fiende er Iran. Felles med USA, altså.

Dersom Erdoğan stolar nok på Doha og D.C., kan han tene på å heve konfliktnivået.

Nasjonalismen hans er avhengig av konflikt med utanlandske makter, og slike kranglar kan ta søkelyset vekk frå økonomien i heimlandet. Ei konflikt der Tyrkia står på same sida som USA kan òg betre forholdet mellom dei to alliansepartnarane.

Det forholdet har vore ganske surt i fleire år no.

Omverda bør stå skulder til skulder med Tyrkia mot Saudi-Arabia. EU og USA kranglar med Tyrkia om fengsling av opposisjonelle, Tyrkias inngriping i Syria og utviklinga i det tyrkiske demokratiet. Men når det gjeld drap på regimekritikarar, må verda vise at det får alvorlege følgjer.

Berre det kan hindre nye drap på dissidentar i framtida.