Joe Biden er bra for klimaet, men dårleg nytt for norsk oljenæring

Koronakrisa har gjort framtida til oljeindustrien endå meir usikker, mellom anna ved å gjere Joe Biden til president i USA.

  • Hans K. Mjelva
    Hans K. Mjelva
    Kommentator i BT

Valet av Joe Biden som ny president i USA vil forsterke det globale kapplaupet om vinne framtidas grøne næringar. Samstundes har Stortinget satsa stort på oljenæringa, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: LEAH MILLIS / X90205

Publisert Publisert
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Før koronakrisa låg verdas oljeforbruk an til å auke vidare i 10–20 år til. No trur seriøse analyseselskap som DNV-GL at toppen allereie er bak oss, at oljeforbruket aldri igjen vil nå 2019-nivå.

Det internasjonale energibyrået (IEA) er tradisjonelt meir optimistisk på oljens vegner. Dei meiner toppen i oljeforbruk først blir nådd rundt 2030. Men det er likevel ti år tidlegare enn dei la til grunn i fjor.

Og, legg dei til: viss verda skal nå måla i Parisavtalen bør oljeforbruket reduserast kraftig, og aldri kome tilbake til 2019-nivå.

Koronakrisa har altså endra oljenæringas framtid. Ein ting er at forbruket er redusert i år, og at det vil ta tid før det tek seg opp att. For oljenæringa er det vel så urovekkande at ambisjonane for klimatiltak samstundes har auka i verdas største økonomiar, EU, Kina og Japan.

Og no kjem USA etter. I så måte er den viktigaste konsekvensen av koronakrisa at Donald Trump ikkje vart attvald. Når Joe Biden tek over som president i USA 20. januar, mister olje-, gass- og kolindustrien sin viktigaste politiske støttespelar.

Biden seier det første han vil gjere er å melde USA inn att i Parisavtalen. Men viktigare: han varslar ei massiv satsing på grøne investeringar i USA: 2000 milliardar dollar, nær to norske oljefond.

Globalt oljeforbruk 2020–40

Grafen er henta frå IEA og viser deira framskrivingar (scenario) med ulike føresetnader. Linene frå topp til botn: Forventa oljeforbruk før koronakrisa (grå), forbruk viss krisa går over neste år (blå), forbruk viss krisa dreg ut (oransje) og forbruk viss verda følgjer Parisavtalen (grøn). Dei tre øvste linene er har som premiss at landa ikkje innfører andre klimatiltak enn dei som allereie er vedtekne. KJELDE: IEA WORLD ENERGY OUTLOOK 2020

Klimapakken til Biden blir truleg krympa viss republikanarane får fleirtal i Senatet. Det blir avgjort ved to omval i Georgia i januar. Men mange av planane, til dømes støtte til elektrifiseringa av amerikansk bilindustri, vil òg dei kunne støtte.

I tillegg er det mykje Biden kan gjere utan å gå om Kongressen, gjennom ulike former for reguleringar.

Politikkendringa i USA vil forsterke det globale kapplaupet om grøn teknologi. Det vil auke både tilbodet av og etterspurnaden etter fornybar kraft.

Biden og koronakrisa til saman ser ut til å korte ned den grøne omstillinga med fleire år. Det viser òg att i finansmarknadene, der investorane kappast om å investere i fornybarselskap. Fossilselskap derimot, slit kraftig.

Pengane vil i seg sjølv setje fart i omstillinga.

Alt dette er dårleg nytt for Noreg. Over 200.000 arbeidsplassar og nær halvparten av eksportinntektene er avhengige av olje og gass.

Allereie før koronakrisa låg olje- og gassinvesteringane i Noreg an til å gå kraftig ned frå 2021. Koronakrisa skapte frykt for at nedgangen ville bli endå bråare, noko som gjorde at oljeselskapa fekk lett spel med Stortinget. I juni vedtok eit breitt fleirtal å kutte skatten for investeringar fram til utgangen av 2021.

Les også

Hans K. Mjelva: Solbergs hydrogen-strategi kan vere byrjinga på noko bra

Kuttet er så kraftig at det senkar prisen oljeselskapa treng for å tene pengar på norske oljefelt med ni dollar fatet. Det gjer mellom anna at Equinor no vurderar å bygge ut Wisting-feltet i Barentshavet, ei utbygging dei meinte ikkje var lønsam så seint som i februar – altså før koronakrisa svekte framtidsutsiktene til oljenæringa.

Torsdag kom SSB med oppdaterte tal som viser at investeringane neste år blir høgare enn næringa rekna med før krisa. Oljeskattepakken har med andre ord gjort meir enn å motverke koronakrisa. Ho har gjort investeringar meir gunstig enn før krisa.

Skattepakken vil forlenge oljealderen i Noreg, samstundes som fornybar altså ligg an til å bli ein endå tøffare konkurrent i åra framover. Det aukar risikoen for at norsk industri taper det teknologiske kapplaupet om framtidas næringar. Det bør spesielt uroe folket langs vestlandskysten.

Oljeselskapa er eg mindre redd for. Selskapa satsar i hovudsak på utbyggingar som er relativt raske og billige å bygge ut, og dermed har mindre risiko. Nye felt som Breidablikk og Noaka ligg nær andre felt, noko som gjer at dei kan bruke eksisterande infrastruktur og kome raskare i gang med produksjonen.

Dess lenger inn framtida produksjonsstarten ligg, dess høgare er risikoen for tap. Det veit oljeselskapa. Difor skal det mykje til for at dei går i gang med ny produksjon i Barentshavet, med mindre selskapa skulle finne eit gigantfelt. Til no har boringa der vore skuffande.

Kva utviklinga vil ha å seie for eksportinntektene, og dermed finansieringa av velferdsstaten, er høgst uvisst. Anslaga for oljeprisen framover er kraftig nedjustert.

Viss politikken blir styrt for å nå måla i Parisavtalen, reknar IEA med at oljeprisen vil bli rundt 50 dollar fatet i 2040. Det er så vidt over dagens «krisepris», på 45 dollar.

Viss internasjonal klimapolitikk blir stramma til, vil det òg kunne råke norsk gasseksport. Noreg dobbelt så mykje gass som olje, og nesten alt går i røyr til EU. EU har ambisjonar om å erstatte 80 prosent av gassen med hydrogen innan 2050.

Det er høgst uklart om det er realistisk. Det velrenommerte analyseselskapet Rystad meiner til dømes at EUs største økonomi, Tyskland, må auke bruken av gass fram til 2034. Årsaka er at dei treng energien for å erstatte stengde kol- og atomkraftverk.

Men mesteparten av dette vil kome frå Russlands nye rørledning, Nord Stream 2, trur Rystad. Billig amerikansk gass bidreg òg til konkurransen.

Alt tyder difor på at prisen for norsk gass vil bli pressa nedover.

For norsk gass ligg det ei von i lagringsanlegget for CO₂ på Kollsnes. Oljeselskapa ser for seg at dei der kan lage hydrogen av naturgass, og pumpe CO₂en tilbake til lageret i Nordsjøen.

Les også

Hans K. Mjelva: EU drøymer om å bli kvitt norsk gass

Omstillinga av norsk leverandørindustri og oppbygging av alternativ eksport er ei av dei største utfordringane Noreg står framfor.

Det internasjonale kapplaupet om å skape dei nye fornybarnæringane har tetna til under koronakrisa. Samstundes har eit fleirtal på Stortinget gjeve oljenæringa den sterkaste krisestøtta, av omsyn til leverandørindustrien.

Det treng ikkje å vere noko katastrofe, så lenge industrien brukar tida politikarane har kjøpt dei til å omstille seg.

Men det er ein fare for at dei flinke folka blir låst til oljen så lenge at industrien taper konkurransen om framtida.

Publisert
  1. Klima
  2. Klimapolitikk
  3. Omstilling
  4. Oljebransjen
  5. Økonomi

Les mer om dette temaet

  1. En av dem vil bruke 2000 milliarder dollar. Den andre har ingen plan.

  2. Norge faller av den grønne bølgen

  3. «Oljepakken er så feit at Vestlandet risikerer å bli låst til ei døyande næring»

  4. «Norsk industri kan tene pengar på oljen i fleire tiår»

  5. Økonomer om den nye presidenten: Positivt for aksjemarkedene

BT anbefaler

Legen Rune Larsen (60) var sikker på at han skulle kokes da han ble innlagt på sykehuset

Infeksjonen er kraftig. Rune Arild Larsen innser at han må komme seg på sykehus.