Partia treng konkurranse og meir openheit

Nye parti kan vere bra for demokratiet vårt. Sjølv om eg neppe melder meg inn i partiet Sentrum.

  • Emil André Erstad
    Emil André Erstad
    Gjestekommentator i BT. Kommunikasjonssjef i Den norske Helsingforskomitéen og tidlegare rådgjevar i KrF.
Partia har gått frå å vere breie folkerørsler til å bli eliteorganisasjonar for den politisk engasjerte minoriteten, skriv gjestekommentator Emil André Erstad. Eit unnatak er Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) og Trym Aafløy, som kom som ein rakett i lokalvalet og enda opp som ein av dei største vinnarane.
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over ett år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Vi såg det i valkampen i fjor: Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) kom som ein rakett i lokalvalet, og enda opp som ein av dei største valvinnarane – til nær unison fordømming frå store delar av det politiske etablissementet. Nye parti er berre tull og tøys.

Denne helga peika nok mange av dei på tv-en og sa: «Kva var det vi sa?», etter bråket på landsmøtet der partiet enda opp med to partileiarar.

Tenk at dette bompengepartiet skulle vise seg å vere totale amatørar på å drive med partipolitikk. Kven skulle trudd det?

Les også

Full lederstrid i Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB)

Vi såg det då Geir Lippestad og ein gjeng tidlegare Venstre-, MDG og KrF-folk valde å etablere det nye partiet Sentrum for nokre veker sidan:

Dei politiske kommentatorane kappast om å døme det nye partiet nord og ned. Det politiske hjørnet på Twitter kom med så mange vitsar om det nye partiet at det hadde vore nok mat til Nytt på Nytt resten av 2020.

Partia styrer mykje, men det er ikkje sjølvsagt at partia treng å styre så mykje som dei gjer i Norge, skriv gjestekommentator Emil André Erstad (til venstre). Han har fortid som leiar i KrFU og rådgjevar for tidlegare KrF-leiar Knut Arild Hareide.

Det er mange grunnar til å peike på og le av dei nye partia. Først og fremst fordi det er naivt å tru på suksess i eit land der særs få nye parti har lukkast å skaffe seg skikkeleg oppslutnad sidan krigen.

Men viss vi likevel hevar blikket, kan det hende at dei nye partia kan vere positivt for demokratiet vårt.

Då Geir Lippestad og ein gjeng tidlegare Venstre-, MDG og KrF-folk valde å etablere det nye partiet Sentrum for nokre veker sidan, kappast dei politiske kommentatorane om å døme det nye partiet nord og ned, skriv gjestekommentator og tidlegare KrF-ar Emil André Erstad.

Norge er eit sterkt partistyrt demokrati. Faktisk er Norge det einaste landet i Europa der veljarane ikkje bestemmer kven som skal representere dei i nasjonalforsamlinga, gjennom mogelegheita til å stryke kandidatar og gje personstemmer.

I praksis har dei politiske partia nesten all makt når det kjem til å bestemme kven som skal sitte på Stortinget, kven som skal få makt i regjeringsapparatet og korleis politikken elles skal utformast.

Les også

Jens Kihl: «Sentrum» var kanskje det siste denne valkampen hadde bruk for

Partia sin mektige posisjon i det norske demokratiet kjem kanskje sterkast til syne når det vert snakk om den berømte partipisken i Stortinget.

Det er svært sjeldan at stortingsrepresentantar stemmer noko anna enn det som er partilinja. Det partigruppene bestemmer seg for, det er det som er partiets politikk. Det er føreseieleg og stabilt.

Partia styrer mykje, men det er ikkje sjølvsagt at partia treng å styre så mykje som dei gjer i Norge, skriv Emil André Erstad.

Slik er det ofte i representative demokrati – at partia styrer mykje. Men det er ikkje sjølvsagt at partia treng å styre så mykje som dei gjer i Norge.

Mange land har langt meir direkte formar for demokrati enn vårt, slik som den amerikanske og britiske topartimodellen, der det ofte handlar meir om person enn parti.

Til å byrje med hadde vi ikkje politiske parti i Norge heller, og stortingsrepresentantane vart valde inn som enkeltpersonar som fritt kunne gjere seg opp si eiga meining frå sak til sak.

I dag er det likevel stor semje i Norge om at det representative demokratiet har tent oss godt, heilt sidan Høgre og Venstre såg dagens lys som politiske parti i 1884.

Men – og dette er viktig – då er ein avhengig av at partia har brei folkeleg oppslutnad, ikkje berre på meiningsmålingane, men også gjennom deltaking. Og det er der vi slit.

Les også

Jens Kihl: Menn som berre går sin veg

Mobiliseringa til partiorganisasjonane våre er skikkeleg dårleg:

  • I 2001 var ni prosent av befolkninga over 16 år medlem av eit politisk parti, medan talet hadde sunke til sju prosent ved førre stortingsval i 2017.
  • Talet på aktive medlemer i partia gjekk ned frå låge tre prosent i 2001 til rundt to prosent i 2017. Viss vi samanliknar med nivået frå byrjinga av 1990-talet er talet nær halvert.

Partia har gått frå å vere breie folkerørsler til å bli eliteorganisasjonar for den politisk engasjerte minoriteten.

Derfor har det kome mange konstruktive forslag for korleis partiorganisasjonane kan fornyast og tiltrekke seg større delar av befolkninga.

Ein av dei som har engasjert seg mest, er Senterpartiets nestleiar Ola Borten Moe. Han omtalar partia si makt over det norske demokratiet som eit partimonopol.

Kanskje burde nominasjonsprosessane i partia vere meir opne?

Kanskje burde måten partia laga programma dei går til val på vere meir inkluderande og lettare tilgjengelege?

Kanskje burde veljarane kunne stemme på person, i tillegg til parti – slik som i Finland?

Partia har gått frå å vere breie folkerørsler til å bli eliteorganisasjonar for den politisk engasjerte minoriteten, skriv gjestekommentator Emil André Erstad.

Eg har ei grunnleggande haldning om at dei fleste konfliktlinjer i norsk politikk lar seg dekke av dei partia som allereie finst. Det er ein av mange grunnar til at eg ikkje kjem til å melde meg inn i verken FNB eller partiet Sentrum med det første.

Likevel kjenner eg ei uro for legitimiteten til det norske politiske systemet på lengre sikt. I eit slikt perspektiv kan dei nye partia vere noko positivt, både ved at fleire vert involvert, men også ved at dei etablerte partia vert tvungne til å jobbe hardare for å inkludere fleire.

Ingen kan ta det slitesterke, gamle norske demokratiet som ei sjølvfølge.

Publisert
  1. Demokrati
  2. Politikk
  3. Geir Lippestad
  4. Ola Borten Moe
  5. Norge

Les mer om dette temaet

  1. «Nokon vil tape pengar når klima­aksje­bobla sprekk»

  2. – Av og til tenker jeg at Venstre er partiet for problemer som ikke finnes.

  3. «No kan USA byrje å rette opp all skaden Trump har påført landets demokrati»

  4. «Å avkriminalisere narkotika i Norge er ikke et eksperiment. Vi vet at det funker.»