Noreg skal leve av kunnskap. Likevel let politikarane læraryrket forvitre.

Heilt sidan 1970-talet har lærarane sakka stadig akterut i lønsutviklinga i høve til dei fleste andre grupper, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.

Den håplause lønsutviklinga til lærarane er uttrykk for ei politisk kortslutning.

Publisert: Publisert:

Lærarstreiken, som vart trappa opp måndag, er eit uttrykk for desperasjon. Alt tyder på at dei vil tape denne gongen òg, slik dei har gjort det dei siste 20 åra. Ja, eigentleg mykje lenger.

Den håplause lønsutviklinga til lærarane er uttrykk for ei politisk kortslutning:

Alle parti er samde om at eit høgteknologisk land som Noreg, med høge lønningar, er heilt avhengig av eit godt utdanningsvesen for å klare seg i framtida.

Då treng ein så gode lærar som mogeleg. For å få dei må jobben vere attraktiv.

Heilt sidan 1970-talet har lærarane sakka stadig akterut i lønsutviklinga i høve til dei fleste andre grupper. Då dette vart dokumentert i 1999 skjedde det noko. Utdanningsministrane Jon Lilletun (KrF) og Trond Giske (Ap) auka lærlønene kraftig. Til gjengjeld gjekk lærarane mellom anna med på å undervise meir.

Så byrja ein ny nedtur.

Les hele saken med abonnement