Søviknes må roe seg ned

Olje- og energiministeren overdriv rolla som løpegut for næringane han er minister for.

Publisert:
Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

VALKAMP: Frp har laga valkampvideo med Olje- og energiminister Terje Søviknes. Bodskapen er litt vèl enkel, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: Skjermdump, Facebook

Terje Søviknes (Frp) hadde ikkje så god tid til å markere seg då han tok over som Olje- og energiminister rett før jul. Ni månader før valet. Etter 15 år utanfor rikspolitikken.

Men Søviknes kasta ikkje bort tida. Han gjekk inn med hud og hår i rolla kampanjeleiar for oljenæringa. Nyleg gjorde han det same for kraftbransjen.

I byrjinga av mai la Frp ut ein valkampvideo på Facebook som illustrerer poenget på ein fin måte.

Her er Søviknes på grensa til det hysteriske: – Med Framstegspartiet skal olja opp, seier han, med ei innbiten haldning som kan minne om hans gamle sjef, Carl I. Hagen.

Dette er hovudbodskapen til Søviknes, både i retorikk og praksis: Vi skal hente opp så mykje olje som mogeleg.

Det blir tydelegvis òg hovudbodskapen i valkampen.

I det norske politiske systemet er det vanleg at statsrådar blir talsmenn og -kvinner for felta dei er sette til å styre. Ikkje berre det: Dei blir gjerne målt på kva dei får til for «sine».

Slik er det òg i Olje- og energidepartementet, sjølv om ingen minister har kome frå næringa, slik dei ofte har gjort i departementa for landbruk og fiskeri. Såleis går Søviknes inn i ein lang tradisjon.

Les også

Søviknes: – Grunn til optimisme

Likevel står Søviknes fram som kontroversiell når han lanserer rekordmange boreblokker i Barentshavet, slik han gjorde i mars med beskjeden om at «no må vi køyre på».

Grunnen er sjølvsagt at klimakrisa har kome mykje nærmare dei siste åra. Ein ting er Parisavtalen tilseier at mykje av oljen må bli liggjande om vi skal unngå ei klimakatastrofe.

Noko anna er alvoret for framtidige generasjonar om alle land gjer som Søviknes tydelegvis meiner Noreg bør gjere: Å ta opp alt vi kan.

Søviknes er ingen tosk. Han innser at klimaproblema er reelle, at utslepp av CO₂ varmar opp kloden.

Men han spelar rolla som sektorpolitikar, i tråd med ønska til Frp og partiets veljarar. Han frir til ei næring som føler seg trakka på, som klimaversting med dalande betydning for norsk økonomi. Søviknes vil vise at dei har ei framtid.

Det ville vere urettferdig å krossfeste Søviknes for denne klimapragmatismen. Han byggjer på ein tradisjon som har brei støtte i både Høgre og Arbeidarpartiet. Han står òg fram som ei fortsetjing av linja til sine to forgjengarar, Ola Borten Moe (Sp) og Tord Lien (Frp). Hovudpoenget er å avvise at det er noko motsetning mellom å redde klimaet og pumpe opp maksimalt med olje frå norsk sokkel.

Denne retorikken er hol, men det spelar inga rolle for næringa. Og det spelar inga rolle for Søviknes eller regjeringa heller, ser det ut til.

Alt Søviknes gjer er å gå denne linja fullt ut.

Les også

Søviknes advarer Fagforbundet om oljestans

Den permitterte Os-ordføraren viste i førre veke at han kan overføre slik kamuflasjeretorikk til andre felt enn oljen. Tre verna vassdrag i Odda, Voss og Flåm treng flaumsikring. Kraftbransjen vil slå to fluger ein smekk ved å byggje kraftverk i elvane.

Naturvernarane er forbanna, og Søviknes kasta seg inn på kraftbransjens side med følgjande argument: «Evig vern (...) kan sette liv og helse i fare».

Alt tyder på at liv og helse fint kan sikrast med vanleg flaumvern. Men det vil ikkje gje inntekter til kraftselskapa, og vil koste staten pengar.

Det er ei ærleg sak å jobbe for næringsinteresser. Noko skal vi leve av her i landet. Kanskje vil folket ha utbygging framfor vern, både i elvar og på havbotnen.

Men skal dei kunne velje, må dei vite kva som står på spel. Då må dei kunne vente seg at dei får høyre heile sanninga frå statsråden, ikkje berre den som passar næringa.

Publisert: