Mirakelet i Fløen

Bompengar er like bergensk som skarre-rrrrr.

Publisert: Publisert:
Asbjørn Kristoffersen

No står ikkje Ulriken til påske. Itt nysprengt holl, tvers gjennom heile berget, utan fem flate øre i bom­pengar. Rett nok eit jarnbanehol; jarnbane er jo noko staten skal ta seg av. Utan ekstra pengeinnsamling. Men eg må få minna Erna om at den gamle Ulrikentunnelen faktisk var bompengefinansiert, om den aldri så mykje er eit jarn­banehol, den også.

Bompengar er like bergensk som skarre-rrrrr.

Les også

Her kommer Ulrikke ut av berget

Stadsporten på Kalfaret, frå tidleg 1600-tal, var Bergens første bompengebu. I 1851 vart den første Nygårdsbroen bygd som spleiselag. Og etter krigen fekk den bergenske innsamlingsmetoden bein å gå på. Puddefjordsbroen, Eidsvågstunnelen, Ulrikentunnelen og bompengeringen ville ikkje sett dagens lys og fjellets mørkre hadde ikkje byens barn logge seg sammen og gjort nokke.

Utan bompengar ville byen gått ut på dato. Utan bompengar ville bauekorpsa marsjert på dei evige jaktmarker.

Han Staten syntest nok han hadde brukt nok pengar på Bergen og Vestlandet då Bergensbanen vart opna i 1909. Men etter krigen vart det klart at heller ikkje Bergen ville greia seg utan veg til bilane. Fritz C. Rieber, bergenskapitalist og patriot, tok initiativet til eigabetaling til Puddefjordsbroen og Eidsvågstunnelen og Ulrikentunnelen. I 1954 føreslo han like godt privatfinansiering av heile Ringeriksbana og halve Bergensbanen også.

Ka har du, ka tar du.

Ti år etter var Ulrikentunnelen opna. Dei reisande betalte bompengar i form av påslag på billettprisen fram til 1980-talet. Det tok 63 år etter Fritz C. Riebers privatiseringsplan før førre vekes tunnelgjennomslag for dobbeltspora jarnbane. Ein eller annan gong blir det sikkert dobbelspora jarnbane til Voss også. Med åtte tunnelar. Blir dei også bompengefri, står heller ikkje Lønahorgi til påske.

I mellomtida må vestlendingar valfarta til gratisholet i Ulriken. Alle besteforeldre må ta med seg barnebarna. Alle barnehagar må dra på ekskursjon. Kanskje får dei yngste generasjonane aldri meir sjå ein bompengefri tunnel vestanfor Langfjella.

Publisert: