Sløsete journalistikk

Det kan verke som om all offentleg pengebruk er sløsing dersom det skjer langt frå Nettavisens redaksjonslokale.

BRIDGE OVER LØNSAMT WATER: Hordfast får hard medfart frå Nettavisens sløse-jury. Men brua ligg an til å vere samfunnsøkonomisk lønsam. ILLUSTRASJON: Statens vegvesen

Jens Kihl
Kommentator

Nettavisens lesarar har talt: Ferjefri E39 er vinnar av Sløseriprisen 2018. Ein jury har valt ut «de fem verste sløseprosjektene innen offentlig pengebruk det siste året», og så er det lesarane som får velje vinnaren av «årets gjeve sløsepris».

Det er mange grunnar til å vere kritisk til at Noreg skal fjerne alle ferjer mellom Kristiansand og Trondheim. Kostnaden er ganske ellevill, og naturinngrepa er enorme.

Men Nettavisens journalistikk er så tendensiøs at det er vanskeleg for lesarane å gjere seg opp ei kvalifisert meining. Ikkje ein einaste plass hentar avisa inn motstemmer eller prøver å nyansere kampanjejournalistikken sin.

Det er rart at Skattebetalerforeningen og tankesmiene Civita og Agenda har valt å bli med på dette kalaset. Ein skulle tru dei ønskte ein meir sakleg debatt enn dette.

Så la oss ta nokre døme.

Les også

Dramatisk kostnadskutt på E39

Prisen skal gå til noko som skjedde i fjor. Då kunne dei til dømes ha teke med at prosjektleiar for Hordfast i Vegvesenet, Signe Eikenes, meiner det er realistisk å krysse Bjørnafjorden for under 30 milliardar. Det er ganske mykje mindre enn eit tidlegare overslag på 43 milliardar.

Hordfast ligg an til å bli eit av dei mest samfunnsøkonomisk lønsame prosjekta i landet. Også Møreaksen har vore gjennom store kostnadskutt det siste året.

Les også

Ordfører vil kjøpe tomt i nabokommunen for å bygge fergekai

«Det som får juryen i Sløseriprisen til å reagere spesielt kraftig, er milliardbeløpet i planleggingskostnader som allerede har satt sitt avtrykk», skriv Nettavisen. Men mykje av planleggingspengane har jo nettopp gått med til å få kostnaden ned.

Ein annan av dei nominerte er «kommunenes elleville pengebruk» rett før samanslåing. Nettavisen kritiserer med rette at fylkestingssalen på Hermansverk i Sogn blir pussa opp for 12 millionar før den skal takast ut av bruk som fast fylkestingssal. Men elles går det i ball når Nettavisen skal dekkje Vestlandet.

«Sogn og Fjordane mer enn tredobler årlige investeringene før sammenslåingen med Hordaland. Blant annet skal de bygge en bro til Ytre S[t]einsundet til 750 millioner kroner.»

Men det er staten som skal betale mesteparten av brua. Når kvar fjerde innbyggjar i Solund endeleg blir landfast med kommunesenteret, sparer det offentlege pengar som i dag går til å drive ferja. Nettavisen har rett i at fylket skal ta opp 1,4 milliardar i gjeld, men det er neppe for å «finansiere denne investeringsfesten».

Også i Hordaland finn Nettavisens jury noko å setje fingeren på. «Den lille kommunen Ullensvang som skal slås sammen med Odda [og] Jondal er en av dem som Sponheim finner spesielt urovekkende. Med sine 3.500 innbyggjarar skal de svi av 400 millioner kroner i økonomiplanen i perioden frem til 2021.»

Les også

Kaksane på fylket

Den «lille» kommunen Ullensvang er om lag tre gongar så stor som Oslo i areal. Og går ein inn i økonomiplanen, ser ein at nesten alle pengane skal brukast på helse- og omsorgssenter, på kommunale bustader og på skulestrukturen på vestsida av Sørfjorden. Klassisk sløsing.

Eg kan ikkje seie om dette er rett bruk av pengane i Solund og Ullensvang. Men det kan tydelegvis jurymedlem Mathilde Fasting, som til vanleg arbeider i tankesmia Civita:

«Denne saken er plukket ut fordi vi mener at etter et vedtak om sammenslåing er fattet, er det urimelig å starte prosjekter som det er tydelig vil bli overflødig», seier ho til Nettavisen.

Ja, når Sogn og Fjordane slår seg saman med Hordaland, treng ikkje innbyggjarane i Solund bru. Og når Jondal, Ullensvang og Odda går saman, kan ein leggje ned både skular og sjukeheimar. Det forstår vel alle.

Det er ikkje bra at kommunane har så høge investeringar rett før ei samanslåing. Men å gå derfrå til å kalle omsorgssenter og samfunnsøkonomisk lønsame bruer for sløsing, må ein vel kanskje jobbe i Nettavisen, Civita eller Agenda for å meine.