Bystyret bomma på målet

Politikarar må slutte å setje mål som ikkje heng saman med det dei vil fikse.

Publisert: Publisert:
Morten Myksvoll
Kommentator i BT

DÅRLEG MÅLTAL: Eit måltal på kor mange minoritetsspråklege barn som er greitt å ha i ein barnehage, var og er feil medisin, skriv Morten Myksvoll. Foto: Nejad Arash A, NTB scanpix

I 2015 vedtok bystyret eit prøveprosjekt, som skulle sikre at meir enn 30 prosent av barna i barnehagane hadde norskspråkleg bakgrunn.

Som BT skreiv i helga, har dette prosjektet ikkje lukkast i dei tre utvalgte barnehagane. Tvert imot, så har det blitt fleire barnehagar med det bystyret meiner er ein for høg andel minoritetsspråklege barn.

Av og til er det likevel greitt å mislukkast. Når målet er dårleg, er det ikkje nødvendigvis eit gode å treffe det.

Det er viktig for norskopplæringa at det finst gode norskkunnskapar i barnehagen. Det er forståeleg at foreldre er uroa over barna deira si språklege utvikling, viss det knapt finst andre barn i området med norsk som morsmål.

I 2014 skreiv BT om foreldre som flyttar frå Løvstakksiden, fordi det var få norskspråklege barn der.

Byens politikarar er nøydd å ta utfordringa alvorleg, fordi dårlege språkkunnskapar lett kan forplante seg til andre problem seinare i utdanningsløpet. Men berre fordi noko må gjerast, er ikkje kvar ein handling av det gode.

Eit måltal på kor mange minoritetsspråklege barn som er greitt å ha i ein barnehage, var og er feil medisin.

Viss eit barn har to foreldre frå Somalia, vert barnet karakterisert som minoritetsspråkleg. Men viss foreldra skriv på barnehagesøknaden at dei snakkar norsk heime, er dei ikkje det. Kategoriseringa har ingenting med språkkunnskap å gjere. Det er uheldig.

Eit minoritetsspråkleg barn er ikkje nødvendigvis er dårleg i norsk. Ein oversikt over talet på minoritetsspråklege barn er ikkje ein god kartlegging av kva språkkunnskapar som finst i barnehagen.

Marken barnehage har den høgste andelen minoritetsspråklege barn i Bergen. Det er òg den barnehagen som foreldra er mest nøgd med, ifølgje kommunens brukarundersøking. Sletten barnehage ligg òg i toppen av begge statistikkane.

Det blir rett og slett for enkelt å påstå at andel minoritetsspråklege er eit problem i seg sjølv.

BARNEBYRÅD: Pål Hafstad Thorsen (Ap) vil ikkje sette ei absolutt grense for andelen minoritetsspråklege barn i barnehagar. Foto: Ørjan Deisz

Eit moment som bystyret ikkje har tatt tak i, er den andre enden av statistikken. 29 av byens barnehagar har ingen minoritetsspråklege barn. Det betyr at meir enn 1400 barn ikkje blir eksponert for den fleirkulturelle byen dei uansett vil møte seinare.

69 barnehagar har mellom null og fire minoritetsspråklege barn. Dei nesten 1700 barna i desse barnehagane har få svært få minoritetsspråklege barn i omgangskretsen sin. Det kan ikkje vere lett å vere ein av få, eller den einaste, med minoritetsbakgrunn.

Det er eit udelt gode at minoritetsbarn går i barnehage. Den høge andelen i enkelte barnehagar viser eigentleg berre kvar desse barna bur. Bergen er ein delt by. Ikkje som Oslo, mellom aust og vest, og langt frå like alvorleg. Men Bergen har ein stor konsentrasjon av minoritetsspråklege barn på få barnehagar.

Meir enn halvparten av dei 14 barnehagane med 50 prosent eller høgare andel minoritetsbarn, er i Årstad bydel. Ingen av dei er i Fana, Ytrebygda, Arna eller Åsane.

Ser ein på eigarform, er det langt færre minoritetsspråklege i private barnehagar enn i dei kommunale. Talet er reelt sett endå lågare. Dei aller fleste barnehagane som er unnateke frå statistikken, fordi dei har mellom eitt og fire minoritetsspråklege barn, er nemleg private.

Les også

Fortsatt store forskjeller i levekår i Bergen

Les også

Forkjøpsretten er et nødvendig virkemiddel for sosial boligbygging

Det tar lang tid å endre busetjingsmønsteret. Bergen har busett mange flyktningar, og ein god del av desse har blitt tildelt kommunal bustad på Løvstakksiden. Det bidrar til å forsterke problemet. Men det er eit resultat av ein stor tettleik av kommunale bustader i området.

Den langsiktige løysinga er å etablere fleire kommunale bustader andre stader i byen.

Prøveprosjektet til kommunen har omfatta tre barnehagar på Løvstakksiden. Skal ein redusere andelen minoritetsspråklege her på kort sikt, må ein samordne opptaket med andre delar av byen. Det betyr flytting av barnehagebarn over lengre avstandar, og det er ei elendig løysing.

Foreldre med innvandrarbakgrunn bør ikkje påleggjast lengre reiseveg til og frå barnehagen enn andre foreldre.

No skal prøveprosjektet opp som ei politisk sak i bystyret. Då bør politikarane vurdere tiltak utan å låse seg til eit prosentmål, spesielt når talgrunnlaget kan vere misvisande.

Morten Myksvoll var medlem av bystyret då prøveprosjektet vart vedteke. Han var på det tidspunktet partiuavhengig. Han var ikkje tilstades då prøveprosjektet vart vedtatt i bystyret.

Publisert: