Bål og blomar mot vonde vetter

Grillen er det nye bålet, det er berre der vi utan blygsel kan sjå vårt indre steinaldermenneske i kvitauget, skriv Asbjørn Kristoffersen.

Asbjørn Kristoffersen

Når sola snur, når heksene rir på CO2-fri sopelim til tverrfagleg symposium på Lyderhorn, skal det tennast bål for å sikra at ikkje verda går av hengslene, at avlen veks. Framfor bålet skal vi henta fram vårt indre steinaldermenneske, og lata det få eit kort innsyn i djupna av vår eksistens før vi grillar pølsene og dyppar dei i fransk sennep.
Midsommarfeiringa skulle aldri blitt kalla Sankt Hans. Ikkje Jonsok heller. Sankt Hans? Finst det noko anna heilag enn VM i fotball? Finst det nokon under femti som har peiling på Johannes Døyparen? Jonsvaka, høyrest det ikkje ut som noko polsk eller russisk? Kan humanetikarar og muslimar og små, uskuldige barn inkluderast i ei feiring av Johannes Døyparen?

Pølser er vegetariske, hekser går i terapi, jenter som samlar utvalde blomar til å leggja under hovudputa drøymer om kven som blir neste forsøkskanin på Tinder. Berre flytting av halvkristne andredagar og Kristi Himmelfartsdag og ny samling av multikulturelle fridagar kan berga midsommarfeiringa. Minst to fridagar, pluss ein vekeslutt, som vintersolsnufeiringa, utan ribbefeitt, utan myrda bartre innomhus. Med blomekrans kring panna for dei utagerande og rømmegraut med sukker og kanel og rosiner, og raud saft og fenalår attåt, med veganalternativ og halalalternativ og tilskotsordningar frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.

Svenskar dansar kring maistonga. Og syng viser med fjorten vers. Havstrilar dansar ikkje i utide. Vi syng ikkje i utide. Vi har ikkje maistong. Vi har hatt bål. I ukontrollerte former. Ein gong flamma båla på dei høgaste haugane. Slik eg ein gong frå Storehaugen på Misje såg båla på Turøy, på Vik, på Solsvik. Slik vi på Misje skulle ha det største bålet, og vera dei siste som tende det. Med narrebål for å lura dei som budde på Turøy og Vik og Solsvik til å tenna sine bål først.

Etter mi tid vart bålet på Storehaugen flytta til eit svaberg ved Storavatnet. Bålet vart mindre, usynleg for dei som budde på Turøy og Vik og Solsvik, blåsten tok mindre, regnet kom ikkje alltid sidelengs. Med statleg nyorganisering og offentlege fridagar må dei som tenner på båla ha autorisasjon. At det er bauekorpsgutar som reiser tønnbålet på Laksevåg, kan i beste fall bli ei unntaksordning.

Grillen er det nye bålet, det er berre der vi utan blygsel kan sjå vårt indre steinaldermenneske i kvitauget. Berre der er det mannen som rår, berre der kan han porsjonera ut jaktbytet frå Kiwi og Meny til kvinner og barn, berre der blir han konfrontert med dei mest fundamentale livsvilkåra. Utan bål er mannen berre i vegen. Utan midsommarbål når sola snur er det eit sjansepel å busetja seg i Norden. Maistong og blomekrans kring panna og viser med fjorten vers er berre til pynt.