Går SV i regjering?

Audun Lysbakken kan snuble seg fram til Kongens bord.

Publisert: Publisert:
Jens Kihl
Kommentator

HØGTIDELEG: Hareide og Lysbakken sit i dag saman på hordalandsbenken. Her er dei fotografert i samband med den høgtidelege opninga av Stortinget i fjor. Foto: Vidar Ruud, NTB Scanpix (arkiv)

Om 22 dagar får vi svaret: Får Knut Arild Hareide med seg KrF på å søkje makt til venstre? Det kan godt skje at fleirtalet følgjer hans råd. I så fall går SV frå å vere eit middels interessant fløyparti til å stå i midten av norsk politikk – delvis mot sin vilje. Her er det som kan skje:

Hareide har peika på ei regjering med Ap og Sp, men utan SV. Dette er nok delvis taktikk: Skal argumentet om at KrF ikkje vil samarbeide med fløypartia fungere mot Frp, kan han ikkje samstundes opne for SV.

Likevel er det ikkje tvil om at SV har eit godt omdøme hos venstresida i KrF: Og om denne fløya vinn fram, vil Støre 1-regjeringa måtte samarbeide med SV.

I Ap er dei redde for å leggje venstreflanken open. Om SV kan gå til daglege åtak mot eit sentrumsorientert Ap, kan det bli svært krevjande for Støre. Og med SV på innsida får Noreg ei fleirtalsregjering. Partisekretær Kjersti Stenseng har uttalt seg positivt.

Og jamvel om Ap gjorde eit dårleg val, blei dei likevel sju gongar større enn KrF. Noko må vel Støre få styre.

Men kva med SV sjølv, midt oppi alt dette? Dei færraste i SV hadde nok sett for seg å sitje i regjering med KrF, sjølv om Audun Lysbakken har vore nøye med å ikkje utelukke det. I mange verdisaker står partia langt frå kvarandre, og dei har understreka (og kanskje overdrive) avstanden.

Les også

Frøy Gudbrandsen: Derfor kan Hareide få partiet med seg

Men så er det likevel politikken som gjer at Lysbakken og Hareide kan ende ved same bord.

På landsmøtet 2017 vedtok SV fem hovudkrav. Kor mykje gjennomslag SV fekk her, skulle avgjere kor tett partiet ville knyte seg til ei Støre-regjering.

Krava hadde ein del fellestrekk. Dei skulle vere konkrete. Dei skulle vere krevjande å få gjennomslag for – men det skulle ikkje vere umogleg: Dette var ikkje ei liste som skulle garantere opposisjon.

Krava hadde også det til felles at det var svært lite sannsynleg at Ap ville vedta likelydande politikk på sitt landsmøte. Samstundes var dette populære standpunkt ute i Ap – og ikkje minst i LO. Det dei færraste hadde tenkt over, var nok at eit anna parti ville vedta politikk som låg tett opp til SVs liste.

Det partiet var KrF.

Fyrste krav frå SV var ei årleg opptrapping av barnetrygda og tiltak for å hjelpe fattige barnefamiliar. Dei andre partia meiner stort sett at det er for dyrt og lite målretta å auke barnetrygda, men eitt parti er heilt einige: KrF.

Andre krav var nei til oljeboring ved Lofoten, Vesterålen, Senja, Møreblokkene, iskanten, polarfronten og uopna område på norsk sokkel, og at Noreg må kutte CO2-utslepp heime. Alt dette er å finne i KrF-programmet, bortsett frå absolutt stans i alle uopna område.

LILLE TRILLE: I 2011 gav Audun Lysbakken ut bok om pappaperm. Her er han fotografert då han tilfeldigvis møtte Knut Arild Hareide på gata. Foto: Håvard Bjelland (arkiv)

Tredje krav frå SV-landsmøtet var ei nasjonal lærarnorm på skulenivå: SV-arane ville ha maksimalt 15 elevar for kvar lærar i 1.–4. trinn, og toppen 20 elevar for kvar lærar i 5.–10. trinn. Og kven var det som fekk gjennomslag for dette kravet – ord for ord – i budsjettforhandlingane 2017? Du gjetta det nok.

Fjerde krav var forbod mot å ta ut profitt på velferdstenester som barnehage, barnevern og asylmottak. Her er KrF mindre harde i klypa enn SV. KrF og SV gjekk i vinter saman om å ville kartleggje pengestraumar i offentleg finansiert velferd, som barnehage. Dei har derimot røysta ned eit Ap-framlegg om å kaste kommersielle aktørar ut av barnevernsdrifta. Men partia har nærma seg kvarandre. SV er blitt meir opptekne av å stø dei ideelle, og KrF er blitt mindre opptekne av dei kommersielle.

Femte og siste krav var at Noreg må stø eit internasjonalt forbod mot atomvåpen. KrF skriv i sitt program at Noreg må «arbeide langsiktig for eit forbod mot slike våpen». Dette vedtaket er mindre radikalt enn SVs og legg seg i større grad på Nato-lina.

Dermed kan KrF bli partiet som skaffar gjennomslag for dei fleste av dei punkta SV sa dei måtte vinne for å gå i regjering. Om Lysbakken då seier nei når Støre ringjer, vil han bli sett på som ein som ikkje står ved sitt ord. Det går ikkje.

Det er likevel endå eitt problem her. Sist det var krise i Ap var på tidleg 2000-tal. Partiet låg rundt 20 prosent. Den gongen stod SV fram som den klare vinnaren.

Sjølv om få i SV vil innrømme det, smertar det nok at SV no har seks-sju prosent. I SV er det blitt sagt at SV går opp når Ap går ned. Men no er SVs vekst mykje mindre enn Aps fall, og ein av grunnane heiter Raudt: Då SV noterte seg 22,7 prosent og var landets største parti i april 2003, låg Raudt-forløparen RV på 2,2 prosent. I september 2018 fekk SV 6,4 prosent på snittet av målingane. Raudt fekk 4,6.

SV kan ikkje lenger ta eit val om regjeringsmakt utan å skjele til kva som vil skje med sin venstreflanke. Om Raudt passerer SV på målingane, vil det bli svært dårleg motteke i Lysbakkens parti.

Vi veit framleis ikkje om KrF vil leggje ned veto mot SV eller berre tilrå Ap og Sp. Vi veit ikkje om fleirtalet på landsmøtet vil peike på Solberg eller Støre. Men politikk er ikkje alltid heilt føreseieleg.

Og plutseleg kan Lysbakken og Hareide stå på Slottsplassen saman med Vedum og Støre.

Publisert: