Billigsal av ein norsk konkurransefordel

Skal norsk vasskraft brukast til å bygge norsk industri, eller dansk?

Marvin Halleraker

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

Denne veka kom tyskarane tilbake til Rjukan. Som vener. Volkswagen (VW) legg eit stort datasenter til bygda, som er mest kjent for tungtvassaksjonen under 2. verdskrig.

Kontrakten det norske selskapet Green Mountains har fått med VW er eit gjennombrot for norske datasenter. Til no har våre naboland, og ikkje minst Danmark, vunne konkurransen om dei globale gigantanes milliardinvesteringar. Rjukan vann på ein kombinasjon av økonomi (billig straum og kjøling) og klimavenleg energi (vasskraft).

Slike datasenter sluker enorme mengder straum, og er vår tids nye kraftkrevjande industri. Ein ny type industri som kan gje arbeidsplassar og store inntekter til landet og straumrike lokalsamfunn som Rjukan.

Akkurat som den gamle kraftkrevjande tungindustrien gjorde det etter krigen, då Arbeidarpartiet bygde «framtidens Norge». For vasskraft er arvesølvet i norsk mytologi. Ei utømmeleg naturkjelde til rikdom og vekst, så viktig at det borgarlege partiet Venstre allereie i 1909 fekk gjennom at krafta skulle tilhøyre folket («heimfallsretten»).

I Rjukan kjøper Green Mountain krafta lokalt, frå Tinn Energi. Men det er ikkje nok at elektrona kjem frå rein norsk vasskraft. Selskapet har òg kjøpt eit verdipapir i tillegg frå kraftverket, ein opphavsgaranti (sjå faktaboks).

For stadig oftare blir ikkje krafta godkjent som fornybar før du har dette beviset. Årsaka er eit EU-system som er i ferd med å bli ein europeisk gullstandard.

Opphavsgarantiane er ein del av EUs klimapolitikk, som Noreg har slutta seg til gjennom EUs fornybardirektiv. Produsentar av fornybar kraft får ei ekstrainntekt (for tida rundt 1–2 øre pr. kilowattime), som dermed gjer slik kraft meir lønsam.

Problemet for Green Mountain, Norsk Hydro, Boliden, Elkem og heile den norske kraftkrevjande industrien er at deira europeiske konkurrentar òg kan kjøpe desse garantiane.

Til dømes i Danmark, der berre 35 prosent av straumen er fornybar, alle vindmøllene til trass. Eit datasenter i Danmark blir dermed like grønt i VW sine bøker som senteret på Rjukan. Sjølv om danskane skulle kjøpe all krafta frå eit kolkraftverk.

Og det er akkurat det mange europeiske selskap gjer: Kjøper opphavsgarantiar frå norske kraftselskap. I fjor tente norske kraftverk to milliardar kroner på denne handelen.

Systemet får eit noko absurd utslag i den offisielle statistikken om norsk straumforbruk frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE): Kolkraft er ifølgje denne statistikken den viktigaste straumkjelda i Noreg. Fornybar utgjer berre ein tredel.

Ved sidan av har NVE eit kakediagram over sjølve kraftproduksjonen. Den viser at 98 prosent er fornybar.

Når mange seier at Noreg eksporterer vasskraft og importerer kolkraft, stemmer altså ikkje det heilt. «Det grøne» i den norske krafta følgjer ikkje sjølve straumsalet, men salet av opphavsgarantiar.

NASJONSBYGGING: Valkampplakat for Stortingsvalet i 1945. Vasskraft er arvesølvet i norsk mytologi. Ei utømmeleg naturkjelde til rikdom og vekst. No er ikkje berre den låge straumprisen ein konkurransefordel, men òg det at krafta er fornybar. Slikt bør ein ikkje gje frå seg billig til utlandet, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Arbeidarpartiet

Til no har ikkje industrien brydd seg med å kjøpe garantiane. Dei har vist kundane sine til kakediagrammet for kraftproduksjonen og kvar dei kjøper straumen frå. Og den er jo fornybar, anten det er vasskraft eller vindkraft.

Til no har det stort sett gått greitt, men dømet frå Rjukan viser at denne tida er på hell. Kundane vil truleg i stadig større grad krevje slike garantiar.

Både bransjeorganisasjonen Norsk Industri og LO kjempar mot garantiordninga. Det same gjer no Arbeidarpartiet, som i byrjinga av juni leverte då inn eit såkalla dokument 8-forslag i Stortinget.

Der går dei mellom anna inn for endre kakediagramma på NVE sine nettsider, slik at dei viser det fysiske kraftforbruket i Noreg og ikkje forbruket i samsvar med opphavsgaranti-ordninga.

Viktigare er likevel forslaget om å melde Statnett, og dermed Noreg, ut av den internasjonale organisasjonen Assosiation of Issuing Bodies (AIB).

Dette er organisasjonen som kontrollerer og godkjenner alle opphavsgarantiane. Ifølgje bransjeorganisasjonen Energi Norge, som representerer kraftselskapa, vil ei utmelding gjere dei norske garantiane verdilause. Oslo Economics, som i fjor greidde ut saka for regjeringa, skriv at bevisa vil bli langt mindre verdt, og kanskje verdilause.

EØS-avtalen gjer at Noreg ikkje kan gå ut av ordninga med opphavsgarantiar, men ordninga gjev nasjonane eit stort handlingsrom. Arbeidarpartiets forslag om utmelding av AIB er difor eit godt alternativ.

Heilt risikofritt er det likevel ikkje om Noreg på denne måten går bort frå ein internasjonal standard. Norsk industri kan risikere at kundane likevel vil krevje opphavsgarantiar, som industrien i så fall må kjøpe frå utlandet.

Men med nær 100 prosent fornybar kraftproduksjon bør det gå an å kome rundt ei slik hindring.

I striden om opphavsgarantiane står tre omsyn mot kvarandre:

  • Lettente pengar til norske kraftverk, som i hovudsak er eigd av kommunar og stat og som difor sikrar pengar til skular, eldreomsorg osv.
  • Ei ekstra utgift og tap av ein konkurransefordel (grøn kraft) for norsk industri.
  • Trongen om å stimulere til utbygging av fornybar energi.

Til det siste: Ja, det er absolutt eit bidrag. Men inntekta frå opphavsgarantiane er liten i høve til andre ordningar som stimulerer til utbygging av fornybar energi, som EUs kvotesystem og Grøne Sertifikat-ordninga.

Når det gjeld inntektene til kraftverka: 2018 var eit toppår for prisen på opphavsgarantiar. Det er høgst usikkert om norske kraftverk vil tene så mykje som to milliardar i året framover.

Uansett er det svært tvilsamt om desse inntektene kan vege opp for konkurransefordelen Noreg gjev bort for norsk industri. Noreg har eit stort potensial for ny kraftkrevjande industri, både fordi vi har mykje energi og fordi han er fornybar.

Norsk industri kan sjølvsagt gjere som Green Mountain i Rjukan, og kjøpe opphavsgarantiar. Utgifta i seg sjølv vil gjere dei mindre konkurransedyktige. Men det største tapet vil vere at dei mister fordelen som ligg i at straumen er fornybar, når norske kraftverk sel «grønskjeret» til utlandet. Den fordelen vil venteleg bli stadig viktigare i åra framover.

Det skal ikkje store investeringane til før industribygging vil gje langt større inntekter og fleire arbeidsplassar enn det garantiane gjev av inntekter til kraftverka.

Norsk kraft utgjer rundt ti prosent av all fornybar kraft i Europa. Viss norske kraftverk sluttar å selje garantiar til utlandet vil difor prisane på resten av garantiane venteleg gå litt opp, noko som vil gjere det dyrare for norsk industris konkurrentar og samstundes stimulere til meir utbygging av fornybar energi i EU.

Ei knallbra løysing, med andre ord.