No har du inga unnskyld­ning lenger – her er det du kan gjere for å få ned klima­utsleppa

Klimautsleppa kan kuttast kraftig viss vi et mindre kjøt. Faktisk meir enn om alle nye personbilar blir elektriske innan 2025.

Publisert Publisert

RAPPORT: Rapporten Klimakur 2030 legg faktagrunnlaget for klimakutt i landbruket, på vegane og på sjøen. Dei ferske ministrane Sveinung Rotevatn (V) og Tina Bru (H) fekk fredag rapporten av direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet (til h.) Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix

  1. Leserne mener

Klimatiltak i Noreg har til no vore rimeleg behagelege greier. Nokre statlege milliardar til regnskog, klimateknologi og billige elbilar til folket. No kan det bli litt mindre behageleg, i alle fall for norske bønder.

5000 bønder vil miste jobben fram til 2030 viss landbruket skal gjere sitt for å få ned klimautsleppa, viser rapporten Klimakur 2030 som regjeringa fekk overlevert fredag.

Klimakur 2030 høyrest kanskje ut som eit økologisk hårprodukt, men er grunnlaget for regjeringas storstilte plan for å gjere Noreg til eit lågutsleppsland. Den tek for seg ikkje-kvotepliktig sektor, det vil seie transport, oppvarming og landbruk.

Les også

Ny rapport: – Vi må endre matvanene våre

I landbruket er kutta i stor grad avhengig av at nordmenn et mindre kjøt, og kastar mindre mat. Færre dyr betyr mindre utslepp av metan- og lystgass, som er dei klart største utsleppskjeldene.

Men med færre dyr trengst det mindre jord. Det vil spesielt gå ut over mange vestlandsbønder, som ikkje har jord som eignar seg til anna enn grasproduksjon.

Men kutta i landbruket må til, fordi Noreg har limt seg til masta i EU om å redusere utsleppa i ikkje-kvotepliktig sektor med 40 prosent innan 2030. Det vil seie: regjeringa har programfesta at vi skal kutte meir, 50 prosent.

For den jamne nordmann er Klimakur 2030 langt meir opplyftande. Her er det tiltak innanfor transportsektoren (meir fornybar, sjølvsagt), maritime næringar og resten av såkalla ikkje-kvotepliktig sektor.

I tillegg til å kjøpe elbil er det spesielt matbiten som viser at det faktisk er noko vi sjølve kan gjere for å få ned klimautsleppa. Endra forbruk betyr noko, viss mange nok gjer det.

Berre ved å ete mindre kjøt kan nordmenn kutte klimautsleppa med 2,9 millionar tonn CO₂-ekvivalentar i løpet av perioden 2021–2030. Det svarar til om lag seks prosent av dei samla klimautsleppa i Noreg i dag, og er meir enn det landet vil kutte i same tidsrom viss alle nye personbilar er elektriske frå 2025 (om lag 2,5 millionar tonn).

Sluttar vi å kaste mat kan vi spare ytterlegare 1,5 millionar tonn. Dette er dei to viktigaste, og billigaste, tiltaka for å få ned klimautsleppa, ifølgje rapporten.

For den enkelte betyr dette berre (kanskje ikkje «berre» for ein del, men ...) at ingen et meir raudt og bearbeidd kjøt enn Helsedirektoratet meiner er sunt. Det betyr maks ein halv kilo i veka, alt inkludert. Mange må ete mindre, slik at snittet blir 333 gram kjøt i veka.

Kjøtet må då erstattast av planteprodukt og fisk, noko som vil gje arbeidsplassar og inntekter i fiskeindustrien. Meir grønt vil òg gje arbeidsplassar i landbruket, men dei er rekna inn i nettotapet på 5000.

I det talet er det òg rekna med at importen av landbruksvarer blir redusert, noko som i seg sjølv er eit klimatiltak i rapporten.

Les også

Klimakur: Skipsfart har stort potensial for klimakutt

Det store spørsmålet er sjølvsagt korleis ein skal få dette til. Eg trur mange nordmenn er glade for at rapporten viser at dei faktisk kan gjere noko sjølve for å få ned klimautsleppa. At det faktisk nyttar å legge om kosten, som til og med gjev dei betre helse.

Mykje ligg òg på landbruket, som årleg brukar millionar på å få folk til å ete meir kjøt. Det må dei rett og slett slutte med.

Pengane til Opplysningskontoret for kjøtt bør flyttast over til Opplysningskontoret for frukt og grønt (ja, dette er verkelege namn). Og så må daglegvarebransjen gjere sitt.

Men det spørst om dette er nok. Truleg må staten i tillegg bruke avgiftssystemet for å få folk til å endre kost. Og her er vi inne i eit minefelt.

Ifølgje rapporten er det meir effektivt å auke avgifta på kjøt enn å redusere den fisk og grønt. Men høgare avgifter på kjøt vil slå sosialt skeivt ut og kan føre til auka grensehandel.

Det er difor klare grenser for kor mykje avgiftene kan aukast. Det vil vere lettare å få aksept for auka avgifter på kjøt, viss ein samstundes set ned avgiftene på grønt og fisk.

Før jul viste meiningsmålinga Klimabarometeret at klima har blitt den viktigaste politiske saka for nordmenn, for første gong. Det skaper eit rom for meir aktiv klimapolitikk i ei tid då det verkeleg trengst.

For at ikkje folk skal søkke ned i apati er det viktig med konkrete, truverdige og gjennomtenkte tiltak som verkeleg kan få ned utsleppa. Klimakur 2030 er ein god start.

Publisert