Dei såg ferjeopprøret komme, men stoppa det ikkje

Fylkespolitikarane visste kva dei gjorde då dei innførte Autopass på ferjene, og prisane gjekk i taket.

Publisert Publisert

DYRT: Ferja mellom Krokeide og Hufthamar i Austevoll er blant strekningane med mange pendlarar. Dei må betale dyrt for det nye Autopass-systemet. Foto: Eirik Brekke (arkiv)

  1. Leserne mener

Det er opprørsstemning langs norskekysten.

Over natta, 1. januar i år, gjekk prisen for å ta med bil på ferjer i Hordaland i taket. Billettprisen auka med mellom 35 og 40 prosent.

Reiser du derimot utan bil, er ferjeturen no gratis.

Denne endringa har sett sinna i kok i kommunar der folk er avhengige av bil og ferje for å komme seg på arbeid. Slike er det mange av i øykommunar som Austevoll og Tysnes, eller kommunar splitta av fjordar som Kvinnherad.

Brått er arbeidsvegen blitt mange tusen kroner dyrare å reise. Folk må ut med opp mot 40.000 kroner i året – dersom dei har elbil og får kraftig rabatt. Berre fordi dei er uheldige, og har ferje som del av sin reiseveg.

Les også

– Fergen tar så mye av lønnen at det ikke er verdt det mer

For dei som betaler blodpris for å krysse fjorden, er det eigentleg rivnande likegyldig kven sin feil det er.

Likevel er det spørsmålet om skuld som har dominert ordskiftet sidan saka blussa opp.

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland peikar på staten. Regjeringa sender ballen tilbake.

Det gjer dei rett i. Pendlarane kan takke politikarane lokalt for prisauken. Eit samrøystes fylkesting stemte først for Autopass. I oktober i fjor kom saka opp på nytt nettopp fordi politikarane forstod at endringa ville ramme pendlarar ekstra hardt.

Likevel stemte eit fleirtal av Ap, SV, MDG, Venstre, Raudt og deler av KrF for å behalde ordninga.

Dette fleirtalet segla inn i ferjeopprøret med vidopne auge.

Prisauken skjer på grunn av innføringa av Autopass som betalingsmåte på ferjer i gamle Hordaland, no ein del av Vestland.

Autopass er det same systemet som i bomringen, og registrerer berre bilen. Ikkje passasjerane.

Fylket treng like store inntekter frå ferjene sine som før. Difor måtte prisen for bilar auke kraftig når alle passasjerar går gratis.

Det finst fleire argument for å behalde Autopass-ordninga. Det er praktisk at passasjerar møter det same betalingssystemet på alle ferjer i distriktet. No vil det uansett bli dyrt å endre det tilbake. Ifølgje utgreiingar vil det koste rundt 20 millionar kroner årleg å gjeninnføre passasjerbetaling. Det er pengar Vestland fylkeskommune ikkje har.

Den nye betalingsordninga vil også truleg ha positive effektar. Fleire vil velje å samkøyre eller reise kollektivt for å spare pengar.

Men for mange er det ikkje mogeleg å ta slike grep. Desse må no betale i dyre dommar for å komme seg på arbeid. Det skjer på grunn av val gjort av eit fleirtal i fylkestinget, og det må dei stå for.

Dyrare kan det også bli. Vestland har eit stort underskot å dekke inn, og dei har ingen tilgjengelege midlar. Årsaka er nettopp at fylket har investert i nye, utsleppsfrie ferjer. Denne rekninga er ikkje sendt vidare til passasjerane – enno. Men fylkesordføraren har varsla at dersom Vestland ikkje får pengar i revidert nasjonalbudsjett, vil ferjeprisane auke endå meir.

Tysdag var samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) i Møre og Romsdal for å møte ferjeopprørarar. Det er godt nytt at han engasjerer seg og viser seg i dei råka fylka. Som han sjølv sa til NTB:

– Hvis jeg ikke hadde ment at jeg kunne gjøre noe, hadde jeg nok heller ikke tatt turen i dag.

I Vestland vil likevel ekstra midlar berre hindre eit nytt prishopp på ferjene. Ein må vere svært optimistisk for å håpe at det kjem ei løysing som er så god at prisane faktisk kan senkast – slik pendlarane vil.

I så fall må ein sjå for seg ei løysing etter modell frå bompengeforliket i fjor haust. Det verkar mindre truleg at regjeringa skal komme med så store redningspakkar no. Det er lenge til neste val, og det er ikkje gitt at regjeringspartia er dei som tapar mest på eit ferjeopprør. Det kan like gjerne vere hovudfienden deira, Senterpartiet, som trass alt sit med makta i fylket.

Kor store gåvepakkar ferjeopprøret kan tvinge fram, er enno uvisst. Men at regjeringa forbarmar seg, er ferjependlaranes einaste håp.

Publisert