In the Frp-ghetto

Elvis har forlate bygningen. Gjer Frp snart det same med regjeringa?

Publisert:
Jens Kihl
Kommentator

BLUE HAWAII: Kjell Henning Bjørnestad, eller Kjell Elvis, er ein av verdas fremste Presley-imitatorar. Laurdag showa han under Frps valkampopning. I bakgrunnen står Laila Reiertsen, nestleiar i Os Frp. Foto: Silje Katrine Robinson

Glory, glory hallelujah, His truth is marching on

Kanskje hadde artisten Kjell Elvis ordførar Terje Søviknes i tankane då han framførte Presleys store fedrelandshyllest på Luranetunet bu- og behandlingssenter laurdag.

For om Frp-nestleiaren vinn valet i nye Bjørnafjorden, blir det hans sjette strake valsiger. Det kan bli tøft denne gongen: Sp fossar fram over heile landet, medan Frp gjer det elendig.

Les også

Målingene er de verste siden 1991. Lørdag åpnet Fremskrittspartiet valgkampen i «utstillingsvinduet» Os.

Likevel er det vanskeleg å kome unna det: Ingen i Noreg driv valkamp som Frp.

Her stod altså Kjell Elvis på ein stol i tropehagen og fortalde om Gud, den amerikanske ørna og kor vakre kvinnene i forsamlinga var. Sånt kan sjarmere sjølv den mest inneslutta stril godt oppi åttiåra.

Tidlegare på dagen hadde Søviknes og partileiar Siv Jensen opna Frps nasjonale valkamp framfor eit heller glissent publikum på torget. Siv Jensen avløyste countryrockarane i Håvard Skåtun Band og hamra laus mot eigedomsskatten, innvandring, bompengar, tvang og Ap.

Les også

– Den største floskelen er å dele inn i ja og nei-kommuner

I Frp er det absolutt ingen kjøtskam. Her var det pølse, hamburgar og valflesk til alle.

Søviknes snakka om demenslandsby, asfalt og draumen om bru til Fusa.

I dag har Frp berre fem ordførarar. Dei kan ryke om Frp gjer eit kriseval. Men ingen tap vil smerte meir for partiet enn om Søviknes må gå av.

Frp kan sjølvsagt ikkje vinne heile valet berre med å gjere det godt i nye Bjørnafjorden. Men dei kan kanskje tape det her.

Sentrale partistrategar snakkar om at Frp allereie har gjeve opp Oslo og Bergen. Før helga fekk Frp 2,9 prosent på BTs bergensmåling. Bompengelista FNB er nesten ti gongar større.

Skal Frp gjere eit akseptabelt val, må dei gjere det knallgodt utanfor dei store byane. Her slepp dei stort sett konkurransen frå bompengelistene.

Kjelder i regjeringsapparatet og partileiinga knyter store forventningar til kva partiet kan få ut av bompengeforhandlingane med dei andre regjeringspartia.

Les også

Debatt: – Jeg ville vært en god arbeidsgiver og tatt kampen for Os

Der Høgre og Ap snakkar minst mogeleg om bompengar, er Frp uansett så knytt til denne saka at dei ikkje kjem unna.

Det er vanskeleg å sjå kva slags siger i forhandlingane som skal vere stor nok til at Frp kan vinne tilbake bilistanes tillit. Den har dei tapt litt kvar dag gjennom seks lange regjeringsår, og er nok ikkje så lett å fiske inn igjen nokre dagar før valet.

Laurdag kunne landets Frp-arar vakne opp til ei måling i Klassekampen og Nationen der partiet deira får 6,7 prosent. Det skal nok mykje til for at SV og MDG går forbi Frp i valet, men det kan faktisk skje. Om Frp blir landets sjette største parti, vil det vere full krise.

Ei regjeringskjelde meiner at debatten om å gå ut av regjering vil forsterke seg om Frp får eit valresultat på åttetalet eller lågare. Partiorganisasjonen er sliten av tap og kompromiss. Nyrekrutteringa er kritisk dårleg, blir det meldt.

Les også

Debatt: – Jeg ville stoppet Bybanen til Åsane og revet ytre bomring

Det er ikkje lenger berre «populistfløya» som snakkar om å gå ut. Også meir sentrumsorienterte Frp-arar diskuterer no kor lenge partiet kan stå i dette. Det vil i så fall vere eit enormt prestisjetap for Siv Jensen, som har hatt nettopp regjeringsmakt som sitt store prosjekt.

Men om lokalpolitikarar over heile landet ramlar ut av kommunestyre og fylkesting fordi Frp nasjonalt ikkje leverer varene, er det ikkje sikkert partiet greier å stå samla om at regjering er det rette.

På Luranetunet var det mest flakking med blikket då spørsmålet om oppslutning kom opp. Kva i alle dagar skal redde Frp no?

Kjell Elvis avslutta konserten med Kongens faste avskjedsord. Det var på sin plass. Skal Frp unngå å bli årets store fiasko, treng dei alle høgare makter på si side:

Until we meet again, may God bless you as he has blessed me.

Publisert: