Skyer på feriehimmelen

Færre kinesiske turistar i Noreg kan bli resultatet, viss handelskrigen mellom USA og Kina ikkje snart finn ei løysing.

KINA I NOREG: USAs handelskrig har gjort kinesiske forbrukarar meir pessimistiske. Difor kan det bli merkbart færre av dei i norske fjordar, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Paul S. Amundsen, Frilans

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

Medan nordmenn feriekosar seg utan særlege bekymringar, samlar skyene seg over verdsøkonomien. Handelskrigen mellom USA og Kina har gått inn i sin 18. månad, utan teikn til ei løysing.

Tvert om. Forhandlingane står no i stampe, melde Wall Street Journal onsdag. USA trugar med å innføre 25 prosent toll på alle kinesiske varer, viss ikkje Kina mellom anna gjev amerikanske selskap meir tilgang til den kinesiske marknaden.

Noreg har til no ikkje merka særleg til krigen, sjølv om det ikkje har mangla på åtvaringar om kva som kan skje. Både handelsflåten og produksjon av varer USA trugar med å pålegge toll, som bilar og bildelar, kan bli råka.

Men krigen kan òg treffe breiare, spesielt viss Trump gjer alvor av trugsmålet om ein total tollmur. Til dømes kan det gjere at kinesarane blir meir forsiktige med pengebruken, og dermed ikkje gjer kjekke ting som å reise på ferie til Noreg.

Veksten i verdsøkonomien lir allereie under trykket av handelskrigen. Viss USA gjer alvor av trugsmålet om å utvide tollmuren til alle kinesiske varer, vil det ifølgje Det internasjonale pengefondet (IMF) svekke veksten i verdsøkonomien med 0,5 prosent.

Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men det kan vere nok til å merkast både i norsk eksportindustri og på oljeprisen. Allereie er det teikn til at bedrifter legg investeringar på is, noko som vil redusere framtidig vekst.

Etter å ha langa ut mot både USAs naboland og EU har Trump-administrasjonen no konsentrert handelskrigen om Kina. Og det har blitt ein utmattingskrig, der båe sider viser teikn til slitasje.

I Kina har veksten i økonomien dabba av. Måndag kom det tal som viste at den årlege veksten i andre kvartal var på 6,2 prosent, som er det lågaste sidan 1992. Trump reagerte på tala med ein triumferande tweet, der fallet vart kopla til handelskrigen.

Observatørar som Financial Times-kommentatoren James Kynge meiner handelskrigen råkar Kina, men ikkje først og fremst fordi eksporten går ned. I motsetning til det mange trur er ikkje lenger eksport den viktigaste drivkrafta i kinesisk økonomi. Kinesiske forbrukarar og investeringar er langt viktigare.

Verknaden av handelskrigen er difor meir indirekte, ved at den har gjort kinesiske forbrukarar meir forsiktige. Det gjev lågare forbruk, og dermed lågare vekst.

I 2008 møtte Kina finanskrisa med ein innanlandsk shoppingfest. Ikkje minst vart milliardar pløgd inn i bustadmarknaden. Mykje av festen vart betalt med lån. Den samla gjelda til kinesiske borgarar, bedrifter og offentlege etatar har auka frå 150 til over 300 prosent av den samla verdiskapinga i landet (BNP).

Gjeldsberget gjer at Kina ikkje kan gjenta dette trikset. Skal dei få opp veksten må dei difor auke produktiviteten. Og her meiner Kynge at Trump har sitt sterkaste kort: Ved å nekte kinesiske selskap tilgang til amerikansk teknologi kan Trump bremse produktivitetsveksten i Kina.

Eg er usikker på kor sterkt argumentet er. Kina er allereie på høgde med Vesten på viktige felt som kunstig intelligens. Dessutan kan landet hente teknologi gjennom samarbeid med andre industriland, inkludert Noreg, som er i forhandlingar om ein ny handelsavtale med Kina.

I USA har børsane slått alle rekordar. Amerikansk økonomi går svært godt, og arbeidsløysa er den lågaste på 50 år. Men det er skyer på himmelen her òg. Skatteletten Trump fekk vedteke i desember 2017 har vore ei viktig drivkraft for veksten. Den effekten er no i ferd med å forsvinne. I tillegg kjem handelskrigen, som legg ein solid dempar på aksjemarknaden.

Dei høge aksjekursane skuldast paradoksalt nok at sentralbanken har fått svekka tru på framtidig vekst, og difor langt på veg har avlyst renteauken dei hadde planlagt. Trump driv no ein aktiv kampanje for å få sentralbanken til å setje ned styringsrenta, for å få meir fart på økonomien og for å svekke dollaren slik at amerikanske eksport blir meir konkurransedyktig.

For Donald Trump er utsiktene til svakare økonomisk vekst i USA uansett dårleg nytt. Trump satsar på å bli attvald i 2020, og ein økonomisk nedgangsperiode vil passe dårleg.

Ein ting er at veljarane generelt ikkje likar at økonomien går dårlegare, spesielt viss det fører til auka arbeidsløyse. Men ein nedgang vil òg gjere det vanskeleg for Trump å skyve skulda over på nokon andre. Han har seld handelskrigen og skatteletten som noko som vil flytte arbeidsplassar tilbake til USA. Fungerer ikkje det, vil det råke Trump direkte.

Både Trump og president Xi Jinping i Kina profilerer seg som sterke menn. Båe har mykje å tape politisk på å gje etter i denne konflikten. Men båe har òg mykje å tape på ei opptrapping. I det ligg håpet.