Førebu deg på hardare tiltak

Om det ikkje har gått opp for deg enno: Koronakrisa blir langvarig.

Publisert Publisert

Det kan gå lang tid før samfunnet vårt er tilbake til normalen, for kampen mot koronaviruset tar tid. Foto: Ørjan Deisz (Arkiv)

  1. Leserne mener

Etter påske kan kvardagen bli forandra i Noreg – igjen. Regjeringa skal nemleg ta stilling til kva strategi landet skal bruke mot koronaviruset.

Til no har me gått for å bremse epidemien ved å stengje skular, barnehagar, kulturtilbod, frisørsalongar og mykje meir til over påske.

Fram til me veit meir, kan me halde oss til håpet om at ting kan opnast meir opp etter 13. april.

Men det håpet er tynt.

Helse- og omsorgsdepartementet skriv nemleg til BT at dei legg til grunn «undertrykk»-strategien, som var omtala i Folkehelseinstituttets (FHI) siste risikovurdering.

Det betyr at ein skal «slå ned» viruset, slik helseminister Bent Høie (H) seier det.

Skjer det, vil me nok hugse tilbake på desse vekene med bremsing som dei gode, gamle dagane.

For dette blir tøft.

Prinsippet er enkelt: Skal me få dei som er smitta til å smitte endå færre enn no, må tiltaka for å hindre smitte bli endå strengare.

Talet styresmaktene bruker på å måle dette, er smittegraden. Ein legg til grunn at kvar smitteberar har smitta 2,4 andre før stenginga vart sett i verk 12. mars.

«Brems»-strategien skal få dette ned i 1,3. «Undertrykk» betyr 0,9 smitta pr. smitteberar.

Les også

Hans K. Mjelva: Nei, vi treng ikkje å la fleire døy for å redde økonomien

For å få dette til, må me som FHI skildrar det, gå frå «omfattende» til «svært omfattende» tiltak.

Kva det konkret betyr, veit me ikkje enno.

Men i Helsedirektoratets anbefalingar står det at ein bør vurdere portforbod i «særlig berørte områder», stengje store deler av kollektivtransporten og forby reising inn og ut av område med stor smitte.

Det kan òg bli aktuelt med meir omfattande overvaking av enkeltpersonars bevegelsar i Noreg. FHI nemner ein mobiltelefonapp i si risikovurdering, som skal «automatisere en del av smitteoppsporingen».

Epidemien vil truleg bli meir langvarig med ein «undertrykk»-strategi. «Brems»-strategien gir ein varigheit på cirka eitt år.

FHI legg til grunn at folk som har vore smitta vert immun mot viruset. Men sidan «undertrykk»-strategien legg til grunn at færre skal bli smitta, så vil talet på immune folk òg vere lågare.

Hongkong er blant dei som har vald ein «undertrykk»-strategi. Der ser ein no at tala på smitta er på veg opp igjen i Hongkong. Epidemien forsvinn ikkje før vaksinen er på plass.

Me kan håpe at det ikkje tar like lang tid som det står i FHI-rapporten. Dei skriv to år eller meir.

Det finst eitt lyspunkt, som gjer at «undertrykk»-strategien kan ha noko for seg.

Den direkte helsekonsekvensen av å undertrykke epidemien blir mindre enn av å bremse den.

Helsekonsekvensane går frå «betydelige» til «små», ifølgje FHI-rapporten.

I dei neste månadane blir langt færre sjuke, innlagde og sett på intensivbehandling dersom staten brukar endå sterkare lut enn no for å redusere spreiing.

Men helsekonsekvensar handlar ikkje berre om koronaviruset.

Dei strenge tiltaka tærer på friske folk òg. Det kan føre til dårlegare helse, både psykisk og fysisk. Strengare tiltak kan gjere dei plagene verre.

Håpet må vere at dersom talet på innlagde faktisk blir låge med «undertrykk»-strategien, så kan andre planlagde operasjonar gå meir som normalt.

Me kan òg håpe at psykiatrien og rusomsorga kan kome seg på beina att. Men det er nok berre aktuelt dersom nye tiltak pressar smittegraden så langt ned at ein toler ein liten auke igjen.

Det veit me vonleg før «undertrykk»-strategien eventuelt vert sett i verk.

Høgare testkapasitet kan truleg òg gjere at ein lettare kan halde smittegraden nede, men det gjeld uansett strategi. No er det store mørketal.

Les også

Morten Myksvoll: «Det var heilt umogeleg for regjeringa å mjuke opp tiltaka for å hindre koronasmitte.»

Ein ting me ikkje vil vite før nye tiltak kjem, er kor lenge borgarane taklar det strenge regimet me har no – eller det som kanskje kjem i neste runde.

Den politiske vurderinga av tiltaka må ta dette med i reknestykket. Tiltaka vil berre ha effekt dersom folk oppfører seg slik styresmaktene vil.

For det finst ikkje politikapasitet i Noreg til å faktisk passe på at restriksjonane vert følgt til punkt og prikke.

Resultatet er då opp til oss sjølve å sørgje for, som samfunn.

Publisert