Misje mot Trump

Asbjørn Kristoffersen

Francois Mori / AP

Det skulle ikkje forundra meg om Trump-en prøver seg på Misje, når Grønland glapp. Han meiner jo at alt er til sals, berre prisen er god nok. Det er det mange som meiner, både i USA og på strilelandet. Men om verdas fremste eigedomsspekulant prøver seg på min barndoms øy, garanterer eg at han skal han bli møtt med ein ny strilekrig.

Misje er berre ein muselort i havet, samanlikna med Grønland. Men muselorten ligg strategisk til, rett nord for Sotra. Frå Storhaugen er det fritt utsyn til Shetland på den eine sida, og Askøy og nye Alver kommune på andre sida. Misjebrua kontrollerer vegen til to av Noregs viktigaste oljeterminalar. Eg forstår det godt om Trump har sikkelet hengande like ned på cowboystøvlane.

Alt er så stort i Amerika. Det er rein logikk at ein president som nett har byrja å samla på øyer, vil bla opp for å få verdas absolutt største i sitt slag med i kortstokken. Klart han blir sur når danske koloniherrar ikkje skjønar seg på ein god forretning, når Danmarks statsminister brekar som ein indremisjonspredikant.

Trump har sikkert forstått at det kan vera lurt å byrja øysamlinga med mindre porsjonar. I denne omgangen satsar han på Arktis, forstår eg. Somme vil nok innvenda at Misje ikkje passar i dette oppkjøpsraidet. Då vil er berre visa til at Misje ligg på same breiddegrad som sørspissen av Grønland, og at det sanneleg kjentes arktisk nok den gongen vi ungane tente jonsokbål på Storhaugen i isnande sunnavind og vatn, og måtte hella på bensin i store mengder for å få elden til å fatna. Misje er eit opplagt spekulasjonsobjekt for Trump. Havstrilar må slipa stuttorvane.

Hadde Trump vore bitte litt glupare, ville han lært av kinesarane. Dei kjøper ikkje heile øyer. På Misje er dei truande til å kjøpa bedehuset og den gamle skulen i første omgang, og snika seg til Storhaugen. Nett som dei kjøper opp Grønlands gruver og andre narturherlegdomar pø om pø. Med Erik Solheim, Noregs og verdas miljøfyrtårn hev vore, som mellommann. Havstrilar kan aldri legga ned stuttorven.