Vi veit framleis ikkje korleis Nav-skandalen kunne skje

Nav-høyringa gav peikepinn på kven som blir syndebukk, men ikkje noko svar på korleis så mange kunne ta så feil.

Publisert Publisert

BLIR SITJANDE: Arbeidsminister Anniken Hauglie (H) la skulda over på Nav, men er likevel nærmare eit mistillitsforslag etter fredagens høyring om Nav-skandalen, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: Stian Lysberg Solum

  1. Leserne mener

Etter den to dagar lange Nav-høyringa på Stortinget er det framleis eit mysterium korleis noregshistorias største rettsskandale kunne skje. Alle «beklagar», men ingen tek på seg ansvaret for at 75 trygdemottakarar vart dømt som forbrytarar utan grunn.

Det konstitusjonelle ansvaret kviler på regjeringa, og då spesielt den ansvarlege statsråden, arbeidsminister Anniken Hauglie (H). Ho vedgjekk at ho kunne informert Riksadvokaten tidlegare, og aukar med det risikoen for å få eit mistillitsforslag mot seg i Stortinget.

Hauglie på si side gjekk langt i å lempe skulda over på Nav. Nav-sjef Sigrun Vågeng sørgja sjølv for at ho sit endå meir utrygt, ved å vedgå at Nav kunne ha informert Riksadvokaten tidlegare. Dermed gjorde ho langt på veg Nav skuldig i 33 justismord, som tidlegare riksadvokat Tor-Aksel Busch dagen før sa at kunne vore hindra om dei hadde blitt informert tidlegare.

Mykje tyder på at Vågeng blir ofra, medan statsminister Erna Solberg (H) og regjeringspartia held si vernande hand over Anniken Hauglie. I alle fall til saka har gått over, og ho kan skiftast ut utan at det blir knytt opp til Nav-skandalen.

Høyringane fungerte såleis til å legge premissane for det politiske spelet framover. Sjølve utspørjinga var òg dels prega av slikt spel, der opposisjonen bora hardast i det som har skjedd under Solberg-regjeringa, medan representanten frå regjeringspartia leita meir i fortida.

Med tanke på den urett staten har gjort seg skuldig i mot eigne borgarar i denne saka er ansvarsfråskrivinga deprimerande.

Les også

Har du falt av trygdeskandalen? Vi guider deg gjennom det viktigste

Men det viktigaste spørsmålet: korleis heile systemet kunne ta så feil så lenge, vart vi ikkje særleg klokare på. Kjernen i problemet er at EØS-retten og norsk lov seier to motsette ting. Folketrygdlova krev opphald i Noreg for å få trygd, medan EØS-retten seier at det kravet strir mot EØS krav om fri rørsle i EØS-området.

EU klargjorde dette i ei såkalla forordning, som Noreg innførte i 2012. Men Spesialutvalet for trygdesaker, som greia ut saka, konkluderte med at innføring av forordninga ikkje innebar at ein trengde å endre folketrygdlova, fortalde tidlegare arbeids- og velferdsdirektør Joakim Lystad i høyringa.

Det trass i at EØS-lover går framfor norsk lov, når dei står mot kvarandre.

I Spesialutvalet sat ekspertar frå Nav og Arbeidsdepartementet. Høyringa gav eit ganske eintydig bilete av at det var her feilen låg, altså i desse juristanes «manglande EØS-kompetanse», for å sitere Lystad.

Ingen under høyringa, som inkluderte to Nav-sjefar, fire fagstatsrådar, Riksadvokaten, leiinga i Trygderetten, advokatforeininga, tillitsvalde i Nav og statsministeren, hadde noko forklaring på kvifor denne feilen vart gjort.

Eller kvifor det gjekk fem år før Trygderetten byrja å stille spørsmål med lovtolkinga?

Høyringa fekk fram at Spesialutvalet for trygdesaker ikkje rådførte seg med Lovavdelinga i Justisdepartementet. Forordninga vart heller ikkje ført til Stortinget, fordi det ikkje var tale om ei lovendring. Og ho vart heller ikkje sendt på høyring.

Slik det står fram, var altså ekspertane heime åleine. Men dei var då ekspertar? Utan at det kom fram, går eg ut frå at dei fleste var juristar. Som fleire sa under høyringane: at EØS-retten står over norsk lov er barnelærdom for ein jurist.

Korleis kunne dei då ta så feil, når svaret framstår så klårt no? Og ikkje minst: Korleis kunne dei mange andre juristane i Trygderetten og domstolane òg ta feil?

Dei einaste som ser ut til å ha stilt spørsmål ved lovtolkinga, var enkelte saksbehandlarar i Nav. Men deira uro vart ikkje tatt vidare.

Les også

– Kunne stoppet justismordene i Nav-skandalen

Den einaste forklaringa som gjev meining førebels, er at synet på EØS-retten på dette feltet har vore politisert. Dei rike landa i Nord-Europa har kjempa hardt for å hindre trygdeeksport, noko som i ein rettsstat må skje gjennom ei lovtolking.

Mellom andre Anniken Huitfeldt, som var arbeidsminister for Ap i 2012–13, fortalde kor viktig kampen mot trygdeeksport var i hennar tid. Juristane i Spesialutvalet og systemet elles må ha meint at ein ikkje trengde å ta den nye forordninga bokstavleg. At nasjonale unntak framleis var greitt.

Her er det veldig freistande å ty til ein konspirasjonsteori: at Noreg har eit offentleg-juridisk miljø som snudde ryggen til ein urett fordi det tente Noregs interesser, eller at feiltolkinga berre gjaldt forvaltninga, og at domstolane ikkje gjorde seg skuldig i anna enn å ein naiv tillit til forvaltningas tolking.

Høyringane tyder i alle fall på at få har stilt spørsmål ved konklusjonen til Spesialutvalet. Ei forklaring mellom andre leiaren for Trygderetten gav, var mangel på EØS-kompetanse.

Eg vil gjerne at regjeringas granskingsutval, som skal kome med sin rapport til våren, avkreftar konspirasjonsteorien. At ikkje hundrevis av menneskje har blitt urettvist straffa som følgje av at politikken drog jussen lenger enn det var grunnlag for.

Men eg har min tvil om at det vil skje. Ein ting er at to av granskarane sjølv har vore med på denne tolkinga av jussen, då som dommar i høgsterett.

Og kva skulle den alternative konklusjonen i så fall vere? Kollektiv inkompetanse? Latskap? Det er jo ikkje akkurat lysteleg det heller.

Publisert