«Eg er ikkje rasist, men»-folka blir forbanna når Ariel ikkje lenger er kvit
Den lille havfruen viser fram kor grumsete vatnet er på internett.
- Morten MyksvollKommentator i BT
Ein ny versjon av «Den lille havfruen» er ute på kino no. Filmen har blitt kontroversiell, før den har nådd lerretet. Havfrua vert nemleg spelt av ei svart kvinne.
Heilt frå filmen vart annonsert med Halle Bailey i hovudrolla, har folk protestert på internett med emneknaggen #NotMyAriel. Valet av Bailey vert sett på som eit utslag av identitetspolitikk og såkalla woke-kultur.
Då er ein så trongsynt at ein ikkje klarer å sjå seg sjølv i spegelen. For det er reaksjonane på Baileys Ariel-rolle som er identitetspolitikk.
Les hele saken med abonnement