Dei fleste skuggar banen når barnevern kjem på bordet. Det er lettast slik.

Å opne meir opp ville hjelpt.

Publisert: Publisert:

Eg kan gjerne innrømme det: Når nokon tek kontakt om ei barnevernssak, blir eg med ein gong skeptisk.

Ikkje berre det, som regel vil eg prøve å kome meg unna.

Dei fleste journalistar er i løpet av karrieren blitt kontakta med historier av ulikt slag. Men alle veit at når det handlar om barnevern, blir alt vanskeleg.

Barnevernet sjølv kjem ikkje til å svare for seg, sjølv om dei blir fritekne frå teieplikta. Kravet til dokumentasjon av alle påstandar i saka er dermed enormt. Og så kjem vurderingane om kva ein kan skrive, om noko i det heile, og framleis vareta barnet. Sjansen for at heile saka til slutt må skrotast, er alltid stor.

Det er ikkje noko å vere stolt av, men i mange tilfelle er det lettast å rygge før ein har grave seg for langt ned.

Diverre er eg ikkje åleine. Me er mange som kvir oss når barnevernet kjem på tale.

Les hele saken med abonnement