Éin person står i vegen for at Høgre går til MDG

Thor Haakon Bakke blir for hard kost.

Publisert: Publisert:

Høgre har enormt store sjansar til å ta over styringa av Bergen etter haustens val.

Så store, at spekulasjonane i det siste har handla mindre om dei vinn valet og meir om kven dei skal samarbeide med når dei vinn.

Meir om desse spekulasjonane om litt, men la oss først sjå på dei ulike alternativa:

  • Venstre

    Det sikraste kortet. Slik det ser ut no, vil Venstre sitje i byråd nesten uansett kven som blir verande. Frontfigur Per Arne Larsen har god tone med dei fleste, kanskje med unntak av Frp.

  • Frp

    Eit parti som har lege brakk i Bergen på grunn av personkonfliktar. Med Marte Monstad i spissen har dei byrja å reise seg, men partiet er til dømes rivande ueinige med Venstre om bybane, byutvikling og klimapolitikk. Kan desse partia sitje i byråd saman?

  • KrF

    Er kjent for å «alltid» vere med på å styre i Bergen. Glade i makt, forhandlingsvillige og har ofte dei avgjerande mandata. I dag er partiet, fronta av Joel Ystebø, så lite at dei kanskje ikkje trengst for å få fleirtal. Likevel er sjansen stor for at dei får vere med i eit eventuelt byråd.

  • MDG

    Jokeren! Etter å ha blitt dumpa av Ap i Bergen i fjor, er Thor Haakon Bakke og resten av partiet interesserte i eit Høgre-samarbeid. Fleire målingar viser fleirtal for Høgre, KrF og Venstre saman med MDG, og opnar for eit byråd utan Frp. Men vil Høgre vere med på dette?

Då BT kunne presentere ei fersk måling førre veke, møtte me Høgre, KrF og MDG samstundes. Målinga viste at Høgre ville hatt mange mogelege vegar til makta, og fotografen ville ta eit bilete av dei tre frontfigurane saman.

Men då sette Høgres Christine Meyer seg på bakbeina.

«Jeg kan stille opp på bilde med Frp og KrF, men MDG står såpass langt fra oss i byutviklingen. Da blir det litt vanskelig å bygge bro.»

Meyer vil altså ikkje ein gong avbildast saman med MDGs Thor Haakon Bakke.

Les hele saken med abonnement