Om nokre veker sluttar fastlegen min. Det har gjort meg forbanna.
Noreg er på veg mot eit samfunn der du må ha flaks eller pengar for å få hjelp.
- Gerd Margrete TjeldflåtKommentator i BT
I juni går fastlegen min av med pensjon. Det unner eg henne fullt og heilt, etter å ha jobba seint og tidleg i alle år.
For meg og dei andre 1200 pasientane hennar har det skapt ein usikker situasjon.
Etter å ha skrive mykje om fastlegekrisa, har eg plutselege fått erfare henne sjølv.
For det er ingen som vil overta etter min fastlege. Og sidan det er stappfullt på alle lister i heile Bergen, er det ingen sjanse til å få ein ny heller.
Det siste eg har høyrt, er at det skal kome ein vikar. Godt er det. For viss ikkje ville me blitt ståande heilt utanfor systemet.
Les hele saken med abonnement