Ei blomsterkorg full av slangar

Solberg-regjeringas forslag til statsbudsjett undergrev viktige verdiar i Grunnlova.

PLIKTA: Solberg-regjeringa har etter grunnlova ei rettsleg handleplikt i miljø- og klimaspørsmål. Framlegget til statsbudsjett tyder på at dei ikkje tek orda alvorleg. FOTO: CORNELIUS POPPE, SCANPIX

Publisert:

Kvar morgon står oljelobbyist Richard Berman opp og tenkjer på korleis han skal ta knekken på miljøvernarar og fagforeiningar. Han pønskar ut måtar å spele på frykt, forvirre folk for å øydeleggje debattar, grave opp drit om klimaforkjemparar — og håve inn pengar frå oljeselskapa som betaler han dyrt - anonymt.

Korleis vi veit dette? Fordi han sa det sjølv på eit medlemsmøte for olje- og gassindustrien i juni, arrangert av Western Energy Alliance, ein medlemsorganisasjon som mellom anna lovar aggressiv mediepåverknad. Eitt av medlemmene i den raskt veksande organisasjonen er Cirque, Statoils nære samarbeidspartnar i skifergassforretningane i Montana.

Det Berman ikkje visste, var at talen var tatt opp frå salen. Sist veke gjenga New York Times heile talen ord for ord, inkludert klappsalvene han fekk og skrytet frå publikum etterpå. Onsdag denne veka, tre dagar etter at FNs femte og dystre klimarapport vart lagt fram, trykte Klasse­kampen historia om oljeindustriens frontkjempe.

Same veka hadde den norske regjeringa sett seg kring forhandlingsbordet for å forhandle fram neste års statsbudsjett. Eit statsbudsjett som, dersom regjeringspartia får det som dei vil, kjem til å gjere det vanskelegare for Klassekampen, ei av landets viktigaste meiningsberande aviser, å eksistere for å trykkje historier som dette. Og enklare for Berman og hans kollegaer å få fram bodskapen sin.

Eit statsbudsjett som også signaliserer til Berman og hans like at han har gode alliansepartnarar heilt til topps i den norske regjeringa, der fleire ministrar med statsminister Erna Solbergs ord ikkje er særleg opptekne av klimaspørsmål.

Eit statsbudsjett som heilt ope - i eit grunnlovsjubileumsår - underminerer viktige verdiar og pålegg i lova, og med det syner at Grunnlova er eit historisk dokument, som ikkje blir teke på alvor i praktisk politikk. På den eine sida rullar festtalane. På den andre privatiserast politikken.

Berre slik kan ein tolke den manglande konsekvensen av at Stortinget, med unntak av Frp, den 13. mai i år, innskjerpa miljøkrava i Grunnlova, og gav dei ny plass i paragraf 112. Heretter forpliktar lova styresmaktene å agere på kunnskap om tilstanden i naturmiljøet.

Det står verken «leggje til rette for» eller «ta omsyn til», men at «Dei statlege styresmaktene skal setje i verk tiltak», basert på den kunnskapen vi har for å sikre ein berekraftig natur for etterslekta.

Å peike på nokre ministrars manglande interesse, slik Erna Solberg gjorde det tidlegare i haust, vil i eit grunnlovsperspektiv vere uhaldbart. Solberg-regjeringa har etter Grunnlova ei rettsleg handleplikt i miljø- og klimaspørsmål. Men også eit rettsleg ansvar for at miljø­prinsippa blir gjennomført, etterlevd og følgt opp i praksis, slik mellom anna Pål Lorentzen i Norsk klimastiftelse har peikt på. Dette er rettar vi, kvar enkelt borgar, har krav på blir respektert.

Kunnskapen om krisa som er i ferd med å råke kloden vår har vi. Den femte og førebels siste rapporten slår fast at vi har lita tid, at situasjonen er særs alvorleg. Følgjene det har for oss alle kan vi førebels ane konturane av i vassmassane som fossa ut i Vangsvatnet dei siste oktoberdagane. I eit artsmangfald som krympar kvar dag.

Men i staden for å nytte den nye grunnlovsparagrafen til å agere slik styresmaktene er plikta til, har regjeringa lagt miljøpolitikken ut til hestehandel med småpartia.

Og kven skal vakte vaktarane?

Då den siste klimarapporten kom på søndag, identifiserte forskingsleiar Jan S. Fuglestvedt i CICERO, som har vore med å skrive FN-rapporten, dei fem største krisene i dagens klimasituasjon. Den fremste er i klartekst å få folk til å skjøne alvoret i kva konsekvensar den globale oppvarminga kan få dersom vi ikkje handlar no.

Også dette ligg det føringar for i grunnlovsteksten, som slår fast at folk har « retttil kunnskap ».

Med regjeringas forslag til ny medie­politikk er også denne retten sett under press, utanfrå og innanfrå.

Grunnlovens paragraf 100 er til no nytta for å stø opp under ei pressestøtte og momsfritak for det skrivne ord, for å sikre eit viktig mediemangfald. Her blir det slått fast at det kviler på styresmaktene å leggje til rette for open og opplyst samtale. For­slaget til statsbudsjett vil, dersom det blir vedteke, hemme den opne og opplyste samtalen. Omlegginga av medie­politikken kjem i ei tid der media er inne i ei stor krise og den mest dynamiske utviklinga innanfor faget skjer i kom- munikasjonsbransjen.

Medan det frie ordet vert svekka , blir fendringa kring styresmaktene styrka. Rundt politikarane er det forsvarsverk av forvaltningsapparat, politisk oppnemnde rådgjevarar og privat innleigde konsulentar ein er sjanselaus til å trengje gjennom som enkeltborgar.

Vi er i Richard Bermans tid, den profesjonelle lobbyisten og den sila informasjonens tid. Berre slik kan Sigve Nylund, sjef for norsk sokkel i Statoil, stå på pressekonferanse slik han gjorde måndag, og snakke om det planlagde Johan Sverdrup-feltet som eit «miljøfelt».

Eitt tal: I år 2000 var 34 prosent av dei over 4000 medlemmene i Kommunikasjonsforeininga tilsette i det offentlege. I fjor hadde talet stige til 57 prosent. I tillegg kjem alle private informasjonskonsulentar som er hyra inn av det offentlege. Kva det kostar samfunnet kunne ha gitt ei svær pressestøtte og sikra aviser som Klassekampen eit liv som den kritiske korreksen avisa er.

Då Henrik Wergeland skreiv si konstitusjonshistorie i 1843 skreiv han om den undergravinga paragraf 100 var utsett for i Grunnlovas første år. Han kalla lova for «en blomsterdekt Kurv med levende Slanger i».

Det er freistande å nytte dei same orda også i dag, 200 år etter.

Teksten er basert på foredrag for Samfunnsviternes fagkonferanse på Litteraturhuset i Oslo i dag.