Silicon smau

Publisert Publisert

Foto: Scanpix

iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Det er appar vi skal leva av når olje­kjelda går tom. Sjølv har eg tenkt at eg skal få laga verdas beste app for sauesanking. Den reknar eg med å kunna selja for 100 millionar kroner. Amerikanske oppkjøpsfond vil sjå potensialet i at sauesanking og folkestyre er same ulla.

Les også

Mattilsynet truet Fløibanen med tvangsmulkt på grunn av geiter

Først må eg hanka inn nokre nerdar i konfirmasjonsalderen til å konstru­era appen. Kommunen vil heilt sikkert skaffa lokale og pizza og cola og eit par flipperspel. Eg treng berre seia høgteknologi og gründer og silicon smau til byrådsleiaren, så gjev han meg alt eg ber om. Og nerdar er billege i drift. Dei bur på barnerommet. Mamma fôrer dei og kler dei og vaskar nerde­bunadane deira. Driftsutgiftene blir kroner 0.

Nerdar har aldri sett ein sau i levande live. Det blir mykje å forklara dei i starten. Men det hjelper at sauer og nerdar og andre slags folk går i flokk og oppfører seg slik at dei ikkje skil seg ut i flokken. Gjeting av sauer artar seg nett på same vis som gjeting av folk. Det skal gå greitt å sy saman saue­sankingsappen.

Mattilsynet har rett nok blanda seg inn i geitegjetinga på Fløyen, og nekta bruk av må elektriske støyt for å halda anarkistgeitene på plass, slik at turistane får sjå dei i beste kameravinkel og kan gå i fistel av nasjonalromantiske impulsar. Men bruken av lyd til same føremålet, har ikkje Mattil­synet funne lovleg heimel for å nekta. Eg er sikker på at nerdane mine vil finna ulydar som vil halda einkvar sau og eikvar geit og einkvar veljar i ei folkerøysting om kommunegrenser på plassen sin i flokken.

Les også

Du burde nok ha skifta sko, sa bonden. Det lukta stramt av griseavføring.

Eg kan ikkje rekna med at dei som styrer amerikanske oppkjøpsfond vil ta turen til Fløyen for å sjå eit primitivt forsøk på å gjeta folk med røysterett. Og billegsal til handelshøgskulestudentar kjem ikkje på tale. Eg reknar med at Folketrygdfondet no er like på knea etter appar som byrådsleiaren. Med den norske staten i ryggen, skal det gå fint å få amerikanske oppkjøpsfond på kroken. Alle veit kor rik og kor snill den norske staten er.

Eg har byrja rekna på korleis eg skal bruka dei 100 millionane. Eg er ikkje av det slaget som skal ha alt sjølv, og trygda i tillegg. Får eg berre med meg ein avgått statsminister og ei prinsesse eller to i styret, er eg open for å skipa eit fond for milde gåver. Skattefritt. Nett som Bill Gates og Mark Zuckerberg.

Publisert