Den norske glamourmodellen

INGEBJØRN BLEIDVIN: Det norske samfunnet er ein suksesshistorie utan like. Det vil ikkje vara lenge dersom me fortset å behandla det som pynt og staffasje.

PUPPEMODELLANE: - Med store, runde pupper i spissen, inntok glamourmodellane Norge kort tid etter tusenårsskiftet. Leidde an av Aylar Lie og Helene Rask blei dei fort ein suksess.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ni år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Med store, runde pupper i spissen, inntok glamourmodellane Norge kort tid etter tusenårsskiftet. Leidde an av Aylar Lie og Helene Rask, blei dei fort ein suksess.

Dei var godt hjelpne av billeg silikon, billeg framferd og billeg PR i ivrige nettaviser. Glamourmodellane var frekkare, lystigare og meir vågale enn dei gamle, kjedelege fotomodellane. Dei hadde meir av alt.

Ein annan, langt gråare og kjedelegare modell har blitt flittig diskutert gjennom valkampen, og spesielt dei siste vekene: Den norske modellen.

Her i landet har den norske modellen gått frå å vera ein ung kjekkas, som byggjer landet med oppbretta skjorteermar og barskt tredagarsskjegg, til å bli ein sart, pleietrengande gamling.

Skal me tru heimesjukepleiar Jens Stoltenberg, er me berre eit hjarteslag frå kaos, arveoppgjer og blodfeider mellom dei uansvarlege borna og arvingane. Utanfor døra står alternativmedisinaren Siv Jensen klar med voodoo-dokke og planar om aktiv dødshjelp.

Heldigvis er det annleis på utanriksfronten. Her antar nordmannen langt meir lystige, livskraftige former. Me er lekre og smekre på alle område som tel:

Det mest demokratiske landet, ifølgje Economist Intelligence Unit. Reporterar utan grenser plasserer oss på tredjeplass i pressefridom. Skyhøg sosial mobilitet, ifølgje OECD, og det tredje mest likestilte landet i verda, ifølgje World Economic Forum.

Freedom House gjev oss absolutt toppscore innan menneskerettar generelt. Det er nesten så ein vert skuffa over delt 7. plass med Australia på Transparency International si liste over dei minst korrupte landa i verda. Heldigvis har me alltid heiderspremien på plass: Toppen av FN sin levekårsindeks.

Med Oljefondet som makroøkonomisk Viagra og internasjonale rankinglister som utanrikspolitisk botox, valsar me breialt rundt på den globale catwalken. Alt fokus er på formene, ingen treng sjå oss i augo. Og godt er det. For der ser ein berre dollarteikn.

Sett frå mesteparten av kloden er det norske samfunnet monaleg meir vulgært enn Aylar sin g-streng. Kjøpekrafta, altså det som står att på lønskontoen etter skattar og prisstiging, har gått opp med nær femti prosent på ti år.

Fjorårets skoimport kunne med god margin ha drive alle landets helsestasjonar

Me importerer ein halv million TV-ar, 23 millionar par sko og 13.000 tonn leiker kvart år, alt saman dobla på tjue år. Me pussar opp for 60 milliardar kroner i året, og har 700.000 fleire bilar enn for ti år sidan. Omtrent det einaste me brukar mindre pengar på, er mat. Til gjengjeld kastar me ein fjerdedel av all mat me kjøper, så ingen skal sei at me ikkje prøver.

Det er lov å meina at det er nødvendig og uomgåeleg at det er slik. At det einaste som fungerer i verda, er beinhard realpolitikk, og at me ikkje reddar dei fattige ved å slutta å kjøpa varene dei produserer. Men det er ikkje vits i å prøva å innbilla seg at det er rettferdig eller berekraftig på noko slags måte.

Kronisk kjøpesjuke er ikkje den einaste livsstilssjukdommen det norske samfunnet uforvarande har påført seg dei siste tiåra. Når så mykje pengar og tid går med til å kjøpa og bruka, kjøpa og bruka, har me mindre ressursar og merksemd att til å følga med på kva som skjer elles med samfunnet vårt. Då byrjar ting å skli ut.

Statoil investerer med liv og lyst i nokre av verdas mest mistrøystige og korrupte regime. Me legg kraftlinjer gjennom naturreservat, samtidig som me opprettar regnskogfond. Me er likskapslandet, som samtidig er nær toppen i talet på multimilliardærar.

Facebook-sida til Statoil-stasjonen på Elverum har nesten like mange følgjarar som WWF og Greenpeace si side ”Norge ut av oljesanden”. Me klagar over velferdstilboda, men klarar tilsynelatande ikkje å kopla mot eige forbruk.

Fjorårets skoimport kunne med god margin ha drive alle landets helsestasjonar. TV-salet hadde lett fullfinansiert både Turistforeininga, Raudekrossen og Frelsesarmeen.

Kunne det ikkje vera verdt eit forsøk å prøva å sjå samanhengen mellom alle dei møblane me har lagt ut på Finn.no eller lagt ned i garasjen dei siste åra, og det faktum at gamlemor aldri får lufta seg på sjukeheimen, at over to av tre sjukeheimsarbeidarar seier at dei har for låg bemanning, og at økonomiske innstrammingar har påverka pasientane?

Enkelte av glamourmodellane fekk etter kvart store smerter i silikoninnlegga, og viste seg å ha ei fortid med både omsorgssvikt og deltaking i pornofilmar. På same måte er det grenser for kor mykje det norske samfunnet kan sleppa unna med og framleis stå fram som rynkefritt.

Å tru at me kan fortsetja særleg lenge med å vera ein oljeproduserande miljønasjon, med eit velferdstilbod som held same standard som våre stadig meir luksuriøse heimar, er korttenkt. Det er nesten like korttenkt som å gjera silikonpupper til sitt levebrød, for så å klaga over at folk ikkje tek deg seriøst.

Glamourmodellen Helene Rask fekk etter kvart nok av puppelivet. Ho omskolerte seg til gartnar, starta helsekostbutikk, og gav ut boka ‹Ingen skam å snu».

Spørsmålet er om resten av oss er like lærenemme.

Ingebjørn Bleidvin er ny søndagsgjest i Bergens Tidende

ILLUSTRASJON: MARVIN HALLERAKER
Publisert: