Alle elskar Røkke

Bergen vil ha det. Os og Askøy vil ha det. Kvifor stoppe der?

FEDJE: – Tårnet passar nok perfekt på Rongsneset, med 360 graders havutsikt, skriv Morten Myksvoll. FOTO OG MONTASJE: BERGENS TIDENDE

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

Eit 200 meter høgt blått tårn. Det er draumen til Kjell Inge Røkke. Bygget alle snakkar om, og som alle vil ha.

Høgda var nødvendig rett vest for Oslo. Dersom Røkke skulle ha ein sjanse til å sjå havet frå Fornebu måtte jo skybaren liggje nokre hundre meter oppi lufta.

Det treng ein ikkje på Vestlandet – men tenk kor gøy det hadde vore.

Røkke-tårnet bør bli det nye kulturhuset, som alle kommunar med respekt for seg sjølv (og frykt for å bli samanslått) berre må ha.

Når alle elskar Røkke, kan me få eit tårn på kvart eit nes på Vestlandet.

ASKØY: Dersom Røkke-tårnet får plass ved Askøybrua, og blir 200 meter høgt, vil det raga 40 meter over brutårnet. FOTO OG MONTASJE: BERGENS TIDENDE

Fedje. Det mest openberre alternativet er så langt ut i havgapet ein kan kome. Tårnet passar nok perfekt på Rongsneset, med 360 graders havutsikt.

Dale. Kraftbygda må jo vere perfekt for Røkketårnet. Ein blå topp blant dei høge fjella vil vere harmonisk og fint. Røkke kan sikkert gå med på å vinne ut litt bitcoin i kjellaren.

Ved Hardangerbrua. Er det éin plass tårnet ikkje vil ruve, så er det attmed den halvannan meter høgare brua mellom Ulvik og Eidfjord.

LÅGARE: – Er det éin plass tårnet ikkje vil ruve, så er det attmed den halvannan meter høgare brua mellom Ulvik og Eidfjord, skriv Morten Myksvoll. FOTO OG MONTASJE: BERGENS TIDENDE

Leirvik. Røkke har ei lang historie med verftsaktivitet på Stord, så stordabuane bør ha eit fortrinn i det store tårnslaget.

Voss. På Vossavangen skjer det store ting no. Gondolbana som skal erstatte Dinglo og Danglo er i ferd med å bli bygd. Dersom Røkketårnet kjem til Voss, kan taubana gå innom skybaren på veg til Hangurstoppen.

Austevoll. Kommunen kjøpte Marsteinen fyr i 2005, for å gjere det til ein turistattraksjon. No kan Røkke gi dei endå eit fyrtårn i kommunen.

Finse. Det må òg vere lov til å tenkje litt utradisjonelt. Ein ser rett nok ikkje havet herfrå, men eit hav av krystallisert vatn. Det bør halde.

Leikanger. Dersom arbeidsplassar er på veg austfrå, kan ein aldri avskrive denne magneten for offentlege arbeidsplassar langs Sognefjorden.

Skjerjehamn. Den vesle bygda i Gulen har tidlegare tatt imot statuen av kong Olav V, som Oslo-buarane ikkje ville ha. Dersom tårnet kjem, vil i det minste statuen bli mindre kontroversiell.

Måløy. Byen brende seg på Tall Ships Races i 2008. Racet om det høge huset kan dei likevel vinne.