Kvinners genetikk

Foto: Fabian Bimmer, Reuters (illustrasjonsfoto)

  • Asbjørn Kristoffersen
Publisert:

Pakkenellikane hopar seg opp kring stolbeina. Stive og strunke handleposar, nedsigne plastposar, utflata utbyte. To kvinner av surmjølkstrileætt på after-sjåpping feirer onna med jålekaffi. Når kvinner sluttar å plukka bær og sanka nøtter og tang og tare, byrjar dei å sjåppa.

Mannen var jeger, kvinna var sankar. Mannen stappa i seg alt han kom over, så lenge det fanst noko å fortæra. Kvinna la kaloriar til side til haustknipa og vårknipa og vinterblot og sommarblot. Sjåpping er naturinstinkt. Sjåpping ligg i stikkelsbærgenene til karriere­kvinnene på kaffistova ved endestoppet for Bybanen i Bergen sentrum.

Jordbæra er mogne. Jålekaffi­kvinner handlar heimelaga jordbærsyltetøy frå Lærum, utan korkje sukker eller kunstig søtingsstoff. Blåbæra på strilelandet kjem til å rotna på rot. Ekte, økologiske blåbær, plukka av flyhenta, under­betalte, myggoppetne vietnamesarar i svensk Lappland, sjåppar dei i frysedisken på Meny. Matauk er hamsternostalgi.

Sjåpping er kvinners tran og kvinners lykkepille. Ho deppar ikkje som skor snopar, italienske pumps med raud sole. Ikkje er ho låk og krank og ille faren, ho som ber hendene fulle av handleposar med logo frå Versace. Sjåpping er medisin, sjåpping er førebygging, sjåpping er endorfinar på kredittkort for kvinna. Det går mannen hus forbi.

Handleposar og vesker er til for at kvinner skal kunna visa andre kvinner kven dei er. Usolidarisk er ho som går omkring på byens gater og sit på kaffistovene med veninner og drikk jålekaffi utan handleposar kring stolbeina, utan veske, utan synleg identitet og let som ingenting. Jålemadam er ho som handlar på nettet, om ho ikkje viser fram på sosiale media kva ho har kjøpt og kva ho har oppnådd, så alle forstår kven ho gjev seg ut for å vera og kven ho samanliknar seg med, medan alle veit at strilebestemora til striledirektøren gjekk i tresko og spreidde møk og sanka tang og tare, kraftfôr for den eine kua ho hadde og at det stod ei tønne med harsk sild i bislaget.

Den sjåppande kvinna er ein genetisk suksess. Mannen har misst meininga med livet.