Raslandet

På vegen betyr Vestland fylke «fare for ras».

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

FARE FOR RAS: – Dette er vegane som folk køyrer på til arbeid, til skulen og til fritidsaktivitetar. Mange bur under fjellet, under rasfaren, og ein veit det, skriv Morten Myksvoll. Tor Høvik (Arkiv)

Livet på Vestlandet er eit liv i rasfare. Ei rundreise på vestlandsvegane er ein studie i farlege fjell.

Dette er vegane som folk køyrer på til arbeid, til skulen og til fritidsaktivitetar. Mange bur under fjellet, under rasfaren, og ein veit det. Men det er heime – det er her ein har livet sitt. Det er her ungane leikar. Det er her ein søv om nettene.

«Og kjem raset, kjem det ikkje uventa», skreiv Olav H. Hauge.

Les også

Kart: Her trengst det skredsikring

Vestlandet dominerer på lista over dei mest utsette riks- og fylkesvegstrekningane i landet.

42 av dei 50 verste strekningane er i vest. Over halvparten av alle strekningar som er definert med middels eller høg fare i landet, finn ein langs vegane våre.

Sjølve rasfaren er berre éin faktor når styresmaktene vurderer behovet for sikringstiltak. Trafikktal, mogelegheita for omkøyring, sjansen for naboskred og stengingsfrekvens speler inn.

Rasfarlege område med høg trafikk kjem difor verre ut enn der trafikken er låg. Skredstrekningane ligg difor tett over heile Vestlandet – på både små og store vegar.

La meg ta deg med på ein køyretur rundt i raslandet. Første etappe går frå Bergen mot Odda, og ei stund går det fint. Først i Mundheimsdalen i Kvam treff ein på den første skredsona. Så blir det berre verre.

Frå ferjekaien og innover Maurangerfjorden i Kvinnherad, ruvar Heimedalsfjellet, Middagsknotten og Ripelssåta over fylkesvegen. Tar ein av hovudvegen, kan ein oppleve den rasutsette småvegen opp til Gjetingsdalen.

Der trugar Storafjellet og Ulukkesknotten fleire kilometer av den einaste vegen opp til den små bygda.

Rundt denne fjorden vil sikringa koste fleire hundre millionar kroner.

Det nye Vestland fylke treng minst 20 milliardar til rassikring. Kryssar du den framtidige fylkesgrensa, må namnet sjåast på som eit fareskilt.

Under fjellet er ein utrygg. Inni fjellet har ein ly for steinane. Heldigvis er Vestlandet dei tusen tunnelanes land. Når ein kjem ut av Folgefonntunnelen, er Vestlandet tilbake i all si rasfare. Dei få kilometrane heilt sør i Sørfjorden har 17 ulike skredsoner.

Køyrer ein sørover frå Odda, er det rasfare opp mot Røldal og det er rasfare ned mot Boknafjorden.

Men langt frå like ille som om du snur. Sidan dette er ein skredsafari, går turen nord frå Odda.

Les også

Flyttar ikkje frå Norges mest rasutsette bygd

Les også

Linn har fortsatt mareritt om raset

Stein, snø og is kan falle ned i fjordane til Eidfjord, Ulvik og Granvin. Til Voss kjem du deg fram utan særleg risiko; Joberget har fått tunnel.

Når du står på Vossavangen, har du eit vanskeleg rasval framfor deg. Skal du gje opp no og reise mot Bergen igjen, må du passere 30 skredsoner. Held du fram mot nord, må du forbi Bjørkli, Vinje og Kvassdalen. Frå Vik og ut mot ferjekaien på Vangsnes må du passere 3,5 kilometer med rasutsett veg.

Kostnadsoverslaget for å sikre akkurat dette området er på 570 millionar kroner. Etter ferjeturen står nye rasfarar i kø.

RAS: Vegen langs Maurangerfjorden er rasfarleg, og det vil koste fleire hundre millionar kroner å sikre dei ulike strekningane rundt fjorden. Tor Høvik (Arkiv)

Mot vest kan du køyre fylkesveg 13 over Gaularfjellet – 7,6 kilometer med rein skredfare. Mellom Førde og Florø roar det seg litt ned. Der er det berre fem farlege strekk.

Slik er det ikkje rundt Sogndal eller i Nordfjord. Frå saftbygda til Stryn er det 14 skredstrekningar. Sikringa av éi skredsone langs Jølstravatnet vil koste meir enn éin milliard.

I Nordfjord kan ein ta turen langs Oppstrynsvatnet. Der kan ein oppleve flaumfare på Flovegen. Ein halv milliard til, berre her.

Lenger vest mot Eid, finn du Hornindalsvatnet. Der er det ein stad på europavegen som heiter Skredestranda, og her ligg Navelsakerstranda: strekninga med den høgste skredfaktoren i landet.

Les også

Her gøymde Jan Erik seg då han høyrde brølet frå fjellet

I Møre og Romsdal er det langt frå like ille som i nye Vestland, men der òg har rasfaren fått plass i stadnamna. Skredene, Breiskrefonna og Oppskredfonna kjem med få kilometers mellomrom.

Det får halde med å sjå desse stadane på kartet, for etter fleire hundre kilometer og fleire hundre skredsoner, er det vanskeleg å ha mage til å halde fram.

Då er det kanskje greitt å ta flyet tilbake frå Nordfjord – om du då har livet.