Gjenskapt mellomalder

Tårnfoten til Nonneseter klosterkyrkje kan vera like gammal som Mariakirken, Bergens eldste bevarte bygning. No er det sjanse for å avdekkja ruinane etter mellomalderens kyrkjeskip.

Publisert Publisert
  • Asbjørn Kristoffersen
    Tidligere journalist i BT

SLIK ER DET. Tårnfoten til klosterkyrkja er innreidd som ein minnehall over falne i andre verdskrigen. Brødrene Lohnes Sølvvarefabrikk vart bygd om lag 1890, der kyrkjeskipet ein gong låg. Foto: ODD E. NERBØ

SLIK KAN DET BLI. Eit luftig, nytt kyrkjeskip med glasvegger og tilgang til ruinane viser skissa frå 1988, laga av sivilarkitektane Per o. Oeding og Nils J. Mannsåker.

SLIK KAN DET HA VORE. Rikt og mektig skal Nonneseter kloster ha vore. Slik førestelte W. Grim seg at nonneklosteret kan ha sett ut i siste del av 1200-talet, i Bergens stordomstid.

iconDenne artikkelen er over ni år gammel

Dei færraste byvandrarar ser samanhengen mellom dei to bygningsdelane som ein gong utgjorde kvar sin ende av ei klosterkyrkje i utkanten av den historiske byen. Tårnfoten, like bak Bergen offentlege bibliotek, og korkapellet, ved bakveggen til Bergen Storsenter, er dei einaste bevarte restane etter Nonneseter kloster, truleg grunnlagt omkring 1150.

Mellom tårnfoten og kapellet ligg Brødrene Lohnes Sølvvarefabrikk, som kan skjula ruinar av kyrkjeskipet. Sølvvarefabrikken skal flyttast. Dermed har Bergen fått ein historisk sjanse til å avdekkja meir av mellomalderanlegget. Den sjansen må ikkje Bergen lata gå frå seg.

Det er ein flik av Bergens og landets stordomstid som ligg bortgøymd og lite påakta ved sidan av bybaneskinnene i Kaigaten. Lite er kjend om klosteret, men rikt og mektig skal det ha vore, ifølgje Bergen Byleksikon.

Storleiken på klosterkyrkja tyder også på stor rikdom. Det er god fråstand mellom tårnfoten og korkapellet, som sannsynlegvis er bygd kring år 1250, i samband med ei utviding av kyrkja.

Tidfestinga er om lag samstundes med bygginga av Håkonshallen. På den tida var Noreg – og Bergen – så betydningsfull at paven sende ein kardinal, Vilhelm av Sabina, for å kruna Håkon Håkonsson i 1247.

Avdekking av ruinane etter Nonneseter klosterkyrkje – og tydeleggjering av samanhengen mellom tårnfoten og kapellet – vil gjenfortelja eit lite påakta kapittel frå denne tida.

Antikvariske styresmakter har lenge tilrådd at bygningane frå 1800-talet vert rivne, slik at det kunne etablerast eit grøntanlegg mellom dei bevarte restane av klosterkyrkja. Dette ønskjet vart aktualisert av ein ny reguleringsplan for området på slutten av 1980-talet.

Fortidsforeningen , som eig kapellet, meinte derimot at det burde skje ei aktivisering av kulturminnet, i form av ein konstruksjon som både kunne visa kva plass kyrkja ein gong hadde, og utstillingslokale for avdekkja fundament, funn frå tidlegare granskingar, bygningsdelar frå mellomalderbygningar og ein presentasjon av byens fortid.

Arkitektane Per H. Oeding og Nils J. Mannsåker vart engasjerte til å skissera korleis Fortidsforeningens idear kunne realiserast. Skissa frå 1988 viser eit nytt, luftig kyrkjeskip med vegger i glas, i form og retning som peikar attende til det opphavlege kyrkjeskipet. På nivå med det gamle kyrkjegolvet har arkitektane vist ei bru over ruinane.

Skissa viser 800 kvadratmeter nye lokale. Arkitektane tenkte seg at det kunne bli plass til ein liten konsertsal i underetasjen, eit utstillingslokale i første etasje og plass til Griegsamlingen i dei to øvste etasjane. Det 750 år gamle korkapellet meinte arkitektane atter burde bli eit katolsk gudshus.

Nybygg i tilknyting til klosterruinane kunne blitt eit landemerke for Bergen. Men dyrt ville det vera.

Det viktigaste i første omgang er at Bergen kommune sikrar seg eigedomsretten til bygningane i Kaigaten når sølvvareproduksjonen blir flytta. Så får det ta den tida det tek å riva fabrikken, og eventuelt erstatta han med nybygg.

I Bergen kan slike prosjekt ta svært lang tid. Men Bergen kommune har fått høve til å gjenerobra noko av mellomalderen og stordomstida.

Ein «europeisk kulturby» kan ikkje lata ein slik sjanse gå frå seg.

Sei di meining.

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

Hun sier gjentatte ganger: «Du må ikke se ned. Du må ikke se ned, Morten» ... Men jeg har allerede sett det.

Morten Furre (49) havnet i en alvorlig ulykke sensommeren 2018. Dette er historien fortalt av ham selv og de som reddet…

Sakene flest leser nå

  1. Samtalene i busskonflikten fortsetter utover natten

  2. – Er det så farlig å bli spurt hvor man kommer fra?

  3. Polititeori om drapet i Åsane: Kvinnen kan ha blitt kvalt

  4. Storbritannia: – Viruset er ute av kontroll

  5. Fra benken til Milan på to år: Slik reagerer gamle­treneren på komet­karrieren

  6. Fra torsdag morgen gjelder en ny parkeringsregel i Bergen

Kommentar
Kommentarartiklene i BT blir skrevet av avisens redaktører og kommentatorer. Skribentene har stor frihet til å gi uttrykk for egne meninger. Noen ganger avviker disse fra BTs offisielle syn, som fremmes i lederartiklene.