Gammal krig - ny historie

Max Manus var viktig, og Jens Chr. Hauge. Men fanst det motstandskamp utanfor Oslo vest?

Publisert Publisert
  • Olav Kobbeltveit

iconDenne artikkelen er over ti år gammel

Det har noko med perspektivet å gjera. Det er amerikanarane og Hollywood som lagar filmane om den andre verdskrigen. Difor er det — i hovudsak - amerikanarane og britane som vinn krigen. Tyskarane taper, ingen tvil om det. Spelte sovjetrussarane ei rolle?

Noreg var også med i krigen. Mange nordmenn har levd og lever i den trua at Noreg var med blant dei allierte som vann krigen. Feil. Noreg var tyskokkupert.

Vi kan vel strengt tatt reknast blant sigerherrane i 1945, for vi gjorde - i siste liten - opprør mot okkupanten, men blant dei allierte var vi ikkje. Slik er det.

DERSOM VI FLYTTAR PERSPEKTIVET ned til nasjonalt norsk nivå, så var det vel - sant å seia - karane på Oslo vest som vann krigen? Jens Chr. Hauge og Max Manus og «Kjakan» Sønsteby. Milorgs kamp mot tyske okkupantar er det gjort grundig greie for i bøker og filmar sidan tidleg etterkrigstid, og ingen kan vera i tvil om norsk motstandsvilje?

Tja. Vi kom betre ut enn Danmark, men britane syntest vi var ettergjervande. Svært ettergjevande.

Denne veka kom det ut ei bok som prøver å utvida det litt smalspora perspektivet som seier at det var Oslo vest og Frogner-gutane som vann krigen.

Historikaren Torgrim Titlestad har skrive boka Frihetskampen i Norge - og historikerne som sviktet , der han tek eit oppgjer med offisiell norsk historieskriving om perioden 1940-45. Det var ikkje nikkersadelen frå Frogner som stod opp då tyske soldatar invaderte Noreg frå sør til langt opp i nord. I Oslo var det samarbeidsånda som rådde grunnen. Samarbeid med Hitlers utsende.

KVA FANST AV MOTSTAND? I Narvik var det skikkeleg krig, og Hitlers stolte styrkar vart påført sitt første ordentlege nederlag. I Trøndelag stod folk opp og sa at dette vil vi ikkje vera med på.

I Bergen sat det ein mann som heitte Peder Furubotn, og han sa det same. Han var den første norske politikar som vart etterlyst av tyskarane - alt i august 1940.

Han organiserte sabotasje mot okkupanten, og han prenta - og distribuerte - motstandsaviser i store opplag. Fleire av medarbeidarane hans vart torturerte i hel. Sjølv slapp han alltid unna, godt gøymd i den norske fjellheimen. Men var han ikkje kommunist?

Jau, og der oppstår - ifølgje Torgrim Titlestad - problemet. Det er tosidig. For Furubotn kom på kant med sitt eige parti og med Stalin. Somme vil meina at han då hadde dårlege kort på handa. Stalin var som kjent ingen nådig mann. På den andre sida kom Furubotn så overlag på tvers av den borgarlege leiinga i Heimefronten, og der sat Jens Chr. Hauge. Ikkje alltid nådig han heller.

Men Peder Furubotn - Gestapos mest ettersøkte mann i Noreg gjennom krigsåra - er nesten ikkje nemnd i offisiell norsk krigshistorie. Korleis kan det ha seg?

DEN LANGE HISTORIA får du i boka til Torgrim Titlestad. Den korte versjonen får du her.

Peder Furubotn hamna mellom barken og veden. Han vart uglesett av leiinga i Norges Kommunistiske Parti (NKP), blant anna fordi han nekta å bøya seg for direktiva frå Stalin. Furubotn gjorde seg alt tidleg i 1940 til talsmann for norsk motstand mot okkupanten, trass i Ribbentropp-Molotov-pakta mellom Tyskland og Sovjetunionen.

Den andre sida som førte Peder Furubotn inn i gløymsla kom til syne då krigshistoria skulle skrivast. Den skulle, ifølgje Torgrim Titlestad, skrivast i den kalde krigens ånd og bokstav, og då var Peder Furubotn kommunist god som nokon.

Kommunistar var i 40- og 50-åras Noreg ei pest og ei plage. Radt etter krigen var NKP det nest største partiet i Bergen. Det hadde fleire grunnar, men ein av dei var Peder Furubotns krigsinnsats. Arbeidarpartiet var livredde for eit NKP på offensiven, og difor heldt Einar Gerhardsen sin manande og kommunist-stigmatiserande Kråkerøy-tale i 1948.

To år seinare sa han mykje av det same frå Stortingets talarstol. Han oppmoda til å skapa ei nasjonal haldning mot NKP «i pressen, skolen, kirken, kultur- og ungdomsorganisasjonene». Det måtte, ifølgje Gerhardsen, skapes «en politisk atmosfære som legger mulighetene til rette for en slik utvikling».

TITLESTAD HAR TO VIKTIGE POENG som skal fortelja oss kvifor Peder Furubotn er - nesten totalt - halden utanfor norsk krigshistorie.

Punkt ein - han kom på kant med NKP og Stalin. Punkt to - det borgarlege Noreg - her med Arbeidarpartiet i brodden - gjorde sitt ytterste for å framstilla Furubotn som ein «ordinær» kommunist av det slaget som lytta meir til Moskva enn til norske styresmakter.

Det siste er feil frå ende til annan. Men det gjorde altså Peder Furubotn og den bergenske motstandsrørsla usynleg i historiebøkene.

Titlestad meiner historikarane har svikta, og at historia må skrivast på nytt. Her ligg upløygd mark for unge historikarar.

Er krigshistoria skjeivt framstilt? Sei meininga di!

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

Hun sier gjentatte ganger: «Du må ikke se ned. Du må ikke se ned, Morten» ... Men jeg har allerede sett det.

Morten Furre (49) havnet i en alvorlig ulykke sensommeren 2018. Dette er historien fortalt av ham selv og de som reddet…

Sakene flest leser nå

  1. Smitte på fly og skip til Bergen

  2. «Det nye partiet Sentrum var kanskje det siste denne valkampen hadde bruk for»

  3. Geir Lippestad blir frontfigur i nytt parti med vestlands­politikere: – Stortinget er målet

  4. Erna Solberg mente hun burde tørke av seg oljen. Her svarer klimaaktivisten fra Sotra.

  5. Etter 19 år med dårlige vaner, har Ole Klemetsen fått nok. Nå starter han på et nytt prosjekt.

  6. Hannah hadde aldri blitt fastlege på Askøy utan denne avtalen. – Den har alt å seie.

Kommentar
Kommentarartiklene i BT blir skrevet av avisens redaktører og kommentatorer. Skribentene har stor frihet til å gi uttrykk for egne meninger. Noen ganger avviker disse fra BTs offisielle syn, som fremmes i lederartiklene.