Krig og pandemi var ikkje nok. Men dette kan endre EU-debatten.

Erna Solberg kan bli leiaren til ja-sida, så lenge ho legg vekk tanken om at ein EU-debatt er bortkasta.

Den norske ja-sida treng leiarskap. Det ansvaret fell på Høgre.

Publisert: Publisert:

«Norges plass i Europa er ved bordet», sa Høgre-leiar Erna Solberg til landsmøtet sitt i helga. Det er nordmenn flest ueinig i.

Nordmenn flest vil vere tett knytt til Europa gjennom EØS-avtalen, men mot at Noreg skal ha noko å seie på politikken EU fører.

Solberg meiner at EU berre vil bli viktigare for Noreg i åra framover. Difor vil både Solberg og Høgre at regjeringa skal greie ut kva eit fullt EU-medlemskap betyr for Noreg.

Det kan vere starten på ein ny EU-debatt. Det trengst. Men Erna Solberg har ein jobb å gjere med å overtyde folk som er for EU, at ho meiner alvor.

I fjor måtte Høgre-landsmøtet dra EU-engasjementet ut av henne.

Les hele saken med abonnement