Dette kan få toget tilbake på sporet

Tipsa som gjer at Vy kan bli ny.

ILLUSTRASJON: Marvin Halleraker ILLUSTRASJON: Marvin Halleraker

Jens Kihl
Kommentator

Debatten om togtilbodet i Noreg handlar om langtidsplanar, milliardar og merkevare. Men kanskje er det rett og slett eit ladepunkt ved overkøya på nattoget som skal til for å gjere det litt enklare å velje toget.

I mars gjekk NSB over til å heite Vy. Tre månader seinare hadde omdømet deira gjennomført «tidenes fall basert på et navneskifte», sa analysesjef i YouGov, Per Ståle Ekrol, til Kampanje.

Vel, ettersom det overraskande nok ikkje fungerte å bruke 280 millionar kroner på å byte ut NSB med det meiningslause namnet Vy, må det kanskje noko anna til for å løfte togtransporten i Noreg.

Les også

– Vossebanen må prioriteres

Kanskje er det ikkje vidløftige vyar som skal til. Basert på superenkel forsking, altså å spørje toginteresserte folk på Facebook, har eg laga ei oppskrift på korleis togtilbodet kan bli bra nok til å erstatte fly for stadig fleire.

Nattog er ikkje berre for lusete backpackerturistar og 91 Stomperud på veg heim til jul. Næringslivet i vest mobiliserer no under parolen «Næringslivets nattoginitiativ Bergen-Oslo-Bergen». Det er prisverdig, og viser at interessa er der om tilbodet blir betre.

Målet deira er å få eit tilbod som er bra nok til at det kan konkurrere med fly. Nattog er einaste løysing om du ikkje vil bruke ein heil arbeidsdag på å reise. Her har tilbodet stått bom stille i årevis, medan flytrafikken bokstaveleg talt går rett til vêrs.

Nattog er ikkje berre for lusete backpackerturistar og 91 Stomperud på veg heim til jul. Næringslivet i vest mobiliserer no under parolen «Næringslivets nattoginitiativ Bergen-Oslo-Bergen», skriv kommentator Jens Kihl. Eirik Brekke

I dag er det enklast å kjøpe billett gjennom Vy-appen. Veldig ofte er det utseld for sovekupéplass. Det bør vere ei smal sak å utstyre appen med ein funksjon slik at du kan stå i kø for ledig kupé om nokon vil avbestille, og å gjere det mogeleg å dele kupé om du vil reise litt billegare.

Det må bli lettare og billegare å avbestille. I dag finst det ein slags svartebørs av folk som ikkje blir kvitt billetten. Kan ikkje heller Vy administrere dette?

Og når skal vi eigentleg få bonuspoeng på togreiser? Hittil i år har eg kjøpt nattogbillettar for 22.505 kroner. Eg vil ha oppgradering, gratisturar og champagne som ventar i kupeen.

Ok, kanskje ikkje det siste, men de ser poenget.

Når billetten er kjøpt, er det på tide å ta toget. Det bør gå an å sjekke inn på stasjonen, i staden for å stå i ein endelaus kø inne i kafévogna.

Les også

Mange vil ha flere soveplasser på tog. Likevel kan det ta årevis å skaffe dem.

Kupeane bør dessutan få ny nummerering. I dag er det tre vogner med kvart sitt nummer, men i kvar av desse heiter kupeane det same. Det skjer stadig vekk at nokon som har nøkkel til ein kupé i nabovogna prøver å kome seg inn dit eg søv. Det er veldig lett å endre dette.

Om eg tek nattoget 23.25 frå Oslo til Bergen, opnar innsjekking 22.40. Det er altfor seint for barnefamiliar og mange andre. Dessutan bør det gå an å sjekke inn bagasje, slik at ein har mindre å passe på.

Kvifor ventar det forresten ikkje nattogvogner i Mo i Rana, Kristiansand og andre plassar mellom endestoppa, som toget kan hekte med seg undervegs? NSB fekk det til før.

Draumen er jo fleire nattog som startar både tidlegare og seinare, slik at nokre kan få legge seg halv ti og andre kan gå til seng etter midnatt. Eg får stadig høyre at det er så lang ventetid på slike togvogner. Dei vi har er rett nok bygd på Strømmen, ein kort togtur frå Oslo S. Kunne vi rett og slett bygd oss nokre nye?

Men éin ting er lett å gjere noko med: gje oss avgangar laurdag kveld. I dag går det berre nattog seks av sju kveldar i veka. Dette må då vere verdas enklaste ting å ordne.

Les også

Åpner for å utsette utbygging av jernbane mot Voss

Om det ikkje er plass til at toget blir ståande på endestasjonen i timevis etter avgang, har eg ein idé: Køyr det vekk. Eg kan gjerne leve med å velje mellom å gå av 06.13 på Oslo S, eller å sove ferdig i Lodalen og så ta bussen ned til sentrum.

Vel om bord er det mykje ein kan gjere: Meir fleksible nattogkupear gjer at studentar kan sove på sekspersonskupé medan barnefamilien har plass til både seg og barnevogna.

Det er berre å innsjå det, Vy: Mobilen er komen for å bli. Det må snart kome akseptabel nettdekning langs heile ruta og støpsel for lading ved alle sete – og ved overkøya i sovekupeane.

På dagtoga bør det bli meir skikkelege arbeidsplassar. Og kanskje eit møterom det går an å leige? Dessutan må reinhaldet bli betre (eller folkeskikken må betre seg). Særleg toaletta ser gjerne ut som ei krigssone etter nokre timar.

Les også

– Selvsagt skal Bergensbanen ut på anbud!

Søv du ikkje i seng, men i liggestol, kan du ha ei strevsam natt framfor deg: Vy lar ljoset stå på lenge etter avreise, og roper gjerne ut stasjon etter stasjon.

Tenk om alle som skulle til endestoppen kunne få plass i same kupé, sånn at vi ikkje blei plaga av dei som skulle av undervegs? Og skaff gjerne nokre låsbare skåp og ein vassdispensar.

Dessutan må de skaffe betre sovestolar. Tenk forretningsklasse på fly – eller berre nordlandsbanen. Der har eg sjølv reist med djupe, gode stolar ein kunne trekke eit slags forheng rundt. Flotte greier.

Det hender at toget er for seint. Eg bryr meg ikkje om kor vidt feilen ligg hos Go-Ahead, Vy, Bane NOR, SF, Mantena, Norske Tog eller dei som vinn anbodet på Bergensbanen. Eg vil berre kome fram.

Når toget er for seint, bør eg få ein automatisk refusjon gjennom appen på telefonen. Det bør også vere eit felles klagepunkt, slik at det ikkje blir eg som må ta bryet med å finne ut kor i den pulveriserte jernbanesektoren feilen ligg. Så får heller alle desse aktørane gjere opp seg imellom etterpå.

Og når vi snakkar om refusjon: Når det er buss for tog, vil eg ha prisavslag. Når kvaliteten på produktet er lågare, kan de ikkje halde på same pris. Det er eit aldri så lite togrøveri.

Les også

BTs leder: Et billigere Intercity må være godt nok

Vel framme må nokon gjenopne tilbodet med dusj og frukost til ein rimeleg penge. Dette bør ein sjølvsagt kunne kjøpe i appen.

Om du er på Gardermoen, kan du slappe av i ein lounge med både dusjar og god mat. Når får vi jernbane-lounge i Noreg?

Førebels verkar det som at vi innbyggarane er taparane i regjeringas jernbanereform. Talet på direktørar med millionløn veks like kjapt som talet på bortforklaringar på kvifor ein ikkje kan gje eit akseptabelt tilbod.

Dette var eit ektefølt forsøk på å bidra til å hjelpe både Vy og regjeringa tilbake på sporet.

Og dersom samferdsleministeren eller nokon i Vy har lese heilt ned hit: Denne suksessoppskrifta treng de ikkje betale 280 millionar for. Ver så god.