Tredjeplassen vann i New Hampshire

Amy Klobuchar har mest grunn til å glise etter nominasjonsvalet i New Hampshire.

Publisert Publisert

OVERRASKA: – På snittet av dei siste målingane, låg Klobuchar an til å få 11–13 prosent av stemmene. Ho enda på 19,7 prosent av stemmene, skriv Morten Myksvoll. Foto: Robert F. Bukaty/AP, NTB Scanpix

  1. Leserne mener

Bernie Sanders fekk flest stemmer i nominasjonsvalet i New Hampshire, men sigeren kom med ein bismak. Valet vart jamnare enn målingane tyda på.

Sanders overtar favorittstempelet i nominasjonskampen, men klarte ikkje å riste av seg to av dei meir sentrumsorienterte kandidatane. Det må vere svært skuffande for Sanders, som slo Hillary Clinton med 22 prosentpoeng her for fire år sidan.

Då fekk han dobbelt så mange stemmer som i årets nominasjonsval.

Les også

Sanders erklærer seier i New Hampshire

Difor er det vanskeleg å seie at Sanders var den store vinnaren i New Hampshire. For det er ikkje nok å kome først, slik det fungerer i presidentvalet.

Sanders fekk nemleg flest stemmer i Iowa òg, men då var det Buttigieg som overraska. Medan Buttigieg steig kraftig på New Hampshire-målingane, låg Sanders flatt. Skjer det same no, kan Sanders vere i trøbbel.

Favorittstempelet kan tynge meir enn det gjer godt akkurat no. Det er vanskeleg å gjere det betre enn venta når forventningane er høge.

Sanders gjorde det litt dårlegare enn målingane tyda på førehand. Pete Buttigieg gjorde det marginalt betre enn målingane tyda på, medan Amy Klobuchar knuste forventningane.

Les også

Amy Klobuchars stjerne­status øker etter tredje­plassen i New Hamps­hire

På snittet av dei siste målingane, låg Klobuchar an til å få 11–13 prosent av stemmene. Nate Silvers prognose sa òg 13 prosent. Ho enda på like under 20 prosent.

Det er eit resultat som kan gi henne eit oppsving i dei neste delstatane, men òg nasjonalt. Det trengs, for ho har berre tre prosent av stemmene på snittet av dei nasjonale målingane.

Joe Biden og Elizabeth Warren skuffa stort i New Hampshire. Båe fekk mindre enn ti prosent av stemmene. Det dårlege resultatet kan føre til flukt på målingane. Biden har fram til for berre få dagar sidan, leia på dei nasjonale meiningsmålingane.

No kan botnen falle ut av valkampen hans. Han har framleis høge tal på dei nasjonale målingane. Dersom han fell meir framover, blir det spanande å sjå kvar dei går. Det er stor avstand mellom Biden og Sanders, men ein del vil nok gå dit.

Les også

Demokrater trekker seg fra nominasjonskampen

Mange støtta Biden fordi dei trudde han ville vinne.

For at demokratane skal vinne mot Trump, held det ikkje å gjere det bra blant kvite veljarar. Men det er hjå dei kampen har stått til no, sidan både Iowa og New Hampshire er blant dei meir einfaldige delstatane.

Det forandrar seg i Nevada og South Carolina dei neste to vekene. Og i byrjinga av mars er det super-tysdag, med 14 primærval. Då skal kandidatane kjempe om stemmene i store statar som California, Texas, North Carolina og Virginia.

Difor er det framleis for tidleg å avskrive Biden og Warren, sjølv om begge hamna under ti prosent i New Hampshire. Desse kandidatane har blitt målte til å gjere det betre hjå minoritetsveljarar enn Buttigieg og Klobuchar. Men lukkast ikkje Biden eller Warren snart, bør dei trekkje seg.

Etter mange månader med intens valkamp og mange målingar, flyr primærvalkampen no vidare i blinde. Det er gjort langt færre målingar i Nevada og South Carolina, og mange av delstatane på super-tysdagen er knapt målte i det heile.

På dei få målingane som finst frå Nevada og South Carolina, har Biden og Sanders gjort det godt. Buttigieg og Klobuchar ligg godt under ti prosent. Overraskar dei igjen, kan det fort bli nytt favorittbyte.

Publisert