Pinsevener

Jarl Fr. Erichsen, Scanpix (arkiv)

Asbjørn Kristoffersen

Kristen kulturarv er som skapt for svippturar på hytta og langhelger i Berlin. Forsommaren byd på todagars pinsevenskap, pluss Kristi himmelferd, med tilhøyrade avspaseringssjansar.

Hadde dei norske nyprotestantane greidd å makulera dei gammalprotestantiske fridagane, ville vi garantert ikkje fått ein multikulturtorsdag i byte med himmelferda. Andredagar ville også gått fløyten, slik tredjedagar, bots- og bededagar og allhelgensdagar forlengst er rydda av vegen.

Produktivitetsomsyn og eldrebølgja tilseier at at Klimadagen og FN-dagen og Kvinnedagen og Minoritetsdagen måtte leggjast til laurdag, når dei fleste har fri likevel. Kanskje med Mannadag ein sundag i november, då fedrelandet uansett er på sitt suraste og tristaste.

Dei organiserte pinsevenene ville sikkert bry seg fint lite om om kulturarven vart rasjonalisert og livssynsnøytralisert vekk. Pinsevener tek seg ikkje ovale helger i pinsa. Dei syng lovsongar og talar kanskje i tunger, skulle dei få anda over seg. I syndepølen på Ricks i Bergen, om så skulle vera.

Pinsevener er nesten like utagerande som muslimar, og nesten like lite ønskte som naboar eller som vener, syner ei gransking frå 2012. 15 prosent av dei spurde ville ikkje ha hopehav med pinsevener, 21 prosent var like negative mot muslimar, 8 prosent mot jødar.

Hadde det ikkje vore for at norske pinsevener stort sett er kvite og overtruiske, intolerante, enkle sjeler frå Indre Smålenene, som har infiltrert byrådet i Bergen og den norske regjeringa, kunne ein kanskje seia at dei er diskriminerte.

Men dei lagar ikkje spetakkel. Diskrimineringsombodet og Mangfaldsdirektoratet og nyprotestantane kan ta det med knusande ro. Det er ikkje synd på pinsevenene. Dei kan jo berre slutta å vera pinsevener, så ordnar det seg nok.

Med så få vener kan det bli harde tak for oss som ikkje vil gje slepp på pinsa. Vi som tek pinseferie og avspasering i Berlin, må stilla fremst i fylkinga i forsvaret for den kristne feriearven.