Éi regjering – tre politikkar

Minst.

Jens Kihl
Kommentator

BOM STOPP: Finansminister Siv Jensen (Frp) og kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) er to av dei som no har sin eigen bompengepolitikk i regjeringa. Her er dei i stortingssalen i oktober 2018. Vidar Ruud, NTB Scanpix (arkiv)

Det var nesten vondt å høyre samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) i Politisk kvarter på P2 torsdag morgon.

For korleis skal du forklare at du kjempar mot bompengar når regjeringa di set nye rekordar på området? På sist måling fekk Frp 2,7 prosent i Bergen.

Snart er det fleire bomstasjonar enn Frp-veljarar i vestlandshovudstaden.

Dagen før, altså onsdag, røysta fleirtalet i Nedre Eiker kommune ned ein ny byvekstavtale for Drammen. Stortingsrepresentant Bård Hoksrud frå Frp jubla i Dagsnytt 18-studioet same kveld.

Men då Politisk kvarter-programleiar Astrid Randen torsdag lurte på om Frp i regjering jubla slik som Frp på Stortinget, måtte Dale svare slik:

– Nei, eg jublar ikkje over det, men eg synst alltid det er bra når bompengane går ned.

Les også

Nå går også byrådspartiene inn for bompengerabatt

Så då har vi to politikkar: styrings-Frp og grasrot-Frp. Men det er meir her.

For tysdag 14. mai la kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland fram dokumentet med den lite sexy tittelen «Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2019–2023».

På framsida er det bilete av ei flott, bergensk bybanevogn. Det seier ein del om innhaldet.

Dokumentet er styrande for alle lokale planar om bustadbygging, transport og mykje anna. Ei kjelde omtaler dette som «bibelen» for lokal utbygging.

Her kan ein lese at «I storbyane er det eit mål at veksten i persontransporten skal skje med kollektivtransport, sykkel og gange».

Med andre ord: Målet er null vekst i biltrafikken i område som Stor-Bergen. Då treng du bompengar for å finansiere gangvegar, sykkelstiar og kollektivtilbod. Men du treng faktisk òg bompengar for å få ned bilbruken.

Dette er den tredje politikken som no blir ført. Og det er den regjeringa eigentleg har samla seg om.

Les også

Sjå duell: Kven skal styre Bergen etter valet?

Måndag sende Dale ut eit brev om at det blir innstramming i bompengane. Altså dei bompengane dei sjølve har lagt opp til gjennom det dokumentet regjeringa hans overleverte til Kongen nokre dagar før.

Dale overtok som samferdsleminister etter partikollega Ketil Solvik-Olsen, som i årevis har skrytt av at det aldri har blitt bygd meir veg i dette landet.

Denne rekorden har naturlegvis ei bakside. Veg er ikkje gratis, og no får Frp for alvor sjå konsekvensane. Problemet er berre at Frp så til dei gradar står ansvarlege for den eksplosjonen i bompengar Noreg no ser. Dei har hatt både finansminister og samferdsleminister dei siste seks åra.

I årevis har Frp likt å peike på seg sjølve som «garantisten mot bompengar». Med utestemme har dei gått laus på nye, dyre bomprosjekt.

Men regjeringsdeltaking gjer noko med både folk, standpunkt og språk.

Og om du lurer på kor langt inn i regjeringskorridorane Frp har forsvunne, kan du sjølv lese starten på pressemeldinga om innstramming i bompengebruken. Den kom frå samferdsleminister Dale på måndag:

«Samferdselsminister Jon Georg Dale har nå besluttet at i porteføljestyrte bompengepakker i byområder med byvekstavtaler skal kostnadsøkninger og inntektssvikt håndteres ved å nedskalere eller helt kutte enkelte tiltak i pakken slik at ikke bilistene får økte bompenger.»

Det er mogleg dette er ein slags norsk, men lett forståeleg er det ikkje.

Les også

Bompengesjokket i Bergen: – Dette kan utradere FrP fullstendig

Det same språket kunne ein høyre i Politisk kvarter-sendinga. Dale snakkar ikkje lenger om «å byggje veg». Han pratar om «å realisere prosjekt». Velkomen til partiet som kallar ein spade for ein manuell reiskap for lokal handtering av faste og lause einingar.

I sendinga snakka Dale om at han «gjer jo ting for å dempe bompengebelastninga». Ute i den verkelege verda har nok dei færraste lagt særleg merke til ei slik demping.

Finansminister og Frp-leiar Siv Jensen kalla denne veka inn til krisemøte om bompengar. Spørsmålet er om ho vil føre politikk éin, to eller tre frå regjeringa, eller om ho rett og slett har ein fjerde politikk på lur.

I mellomtida tikkar kronene inn frå bilistane.