Diskriminerande vern

Clement (15) er eit stortalent i amerikansk fotball, men draumen om USA kan bli øydelagt av barnevernets firkanta regelverk.

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

STORT TALENT: – Dersom Niyokindi får lov til å reise, vil han bli så god som han kan bli. Det verste som kan skje er at Niyokindi får ei utdanning på vegen, skriv Morten Myksvoll. Rune Sævig

Sjakk-geniet Magnus Carlsen ville ikkje vore så god som han er i dag, dersom han hadde venta med å satse på sjakk. Då han var ferdig med barneskulen, tok han eitt år fri for å spele sjakk i utlandet. Talentet var stort, og resultatet ser me i dag.

Carlsen er verdas beste sjakkspelar.

Stortalentet Clement Niyokindi er ikkje like heldig. 15-åringen speler amerikansk fotball for Åsane Seahawks, men draumen er å spele i USA. Han er eit stort talent, men skal han nå toppen må alt klaffe.

Sportsleg går det rett veg: Ein privatskule i California har tilbode han skuleplass og stipend. Der vil han bu hjå ein vertsfamilie.

Både hans biologiske foreldre og fosterforeldra ønskjer at han skal få reise. Men det er nettopp her problemet ligg: Clement bur i fosterheim, og lova hindrar han i å bu i utlandet.

Barnevernet skal nemleg kunne føre tilsyn med fosterheimen, noko som blir umogeleg når han ikkje bur der.

Det er grunnleggjande urettferdig at eit barnevernsbarn ikkje har dei same mogelegheitene som andre barn. Slik lovverket vert praktisert, er det diskriminerande.

Les også

Clements amerikanske fotballdrøm

Slik kan det ikkje vere. Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) må gripe inn, og sørgje for eit anna utfall i denne saka. Barnevernet må ta omsyn til kva som er barnets beste, og dei må ta slike vurderingar individuelt.

Det er forståeleg at ein skal vere restriktiv til å sende barn som bur i fosterheim utanlands utan fosterforeldra. Det er uforståeleg at det skal vere umogeleg.

Clement seier til BT at dette er ein sjanse som berre kjem éin gong i livet. Det har han rett i. Skal han bli skikkeleg god i idretten, så hastar det. Amerikansk fotball er kanskje det mest komplekse ballspelet som finst. Det krev eit heilt ungdomsliv å lære det.

DISKRIMINERT: – Det er grunnleggjande urettferdig at Clement ikkje har dei same mogelegheitene som andre barn. Slik lovverket vert praktisert, er det diskriminerande, skriv Morten Myksvoll. Rune Sævig

Mange ser nok på amerikansk fotball som eit kaotisk ballspel, som berre handlar om atletiske evner og rå muskelkraft. Det er knapt mogeleg å kome lenger frå sanninga.

Konseptet er enkelt nok: Ballen skal flyttast framover på bana, og kjem ein forbi målstreken blir det mål. «Touchdown».

Spelet er systematisk, og går føre seg trekk for trekk. Det er derfor det er så mange pausar i spelet.

Idretten har, i likskap med sjakk, store mengder teori, og ein må kunne ei lang rekkje forskjellige taktikkar. Dersom det forsvarande laget veit kva oppsett ein angrip med, vil angrepet feile. For å lukkast må angrepet maskerast, og ein må variere spelet.

«Pensumboka» til kvart lag inneheld alle variasjonane dei har planlagt for, kan vere på mange hundre sider.

Ute på bana handlar det om sekund. Trenaren gir ein ordre, som alle på laget må forstå. Dersom det er nødvendig, må spelarane endre planane sine på sparket. For at laget framleis skal vere koordinert, må den nye planen kommuniserast utan at motstandaren forstår kva som skjer. Kvart lag lager difor sitt eige kodespråk.

Det krev ekstremt mykje frå den som skal styre spelet på bana. Den jobben tilhøyrer quarterbacken – som er det Clement Niyokindi speler.

Les også

Fotballstjernene som nå protesterer mot Donald Trump, følger i fotsporene til noen av USAs største idrettsstjerner.

Niyokindi speler sjakk med hjelm, med éin vesentleg forskjell – det er ikkje bondebrikker og tårn som kjem mot han, men tunge, sterke menn, som har som si einaste rolle å smelle han i bakken.

Er du «wide receiver», må du lære deg rutene du skal springe for kvar einaste taktikk. Er jobben din å blokkere motstandarar, må du lære deg kva metode du skal bruke for kvar einaste taktikk. Som quarterback må du kunne alt.

Du skal ha kontroll på ti andre medspelarar, vite kva deira jobb er, og sjå etter opningar til å kaste ballen. Det er meir eit sjakktrekk enn ein pasning.

Du skal vite kvar dei som skal ta imot ballen skal springe. Du skal i løpet av millisekund velje det beste alternativet.

Dersom forsvaret heng med, må du leite etter alternativ. Då må du vite kvar dei som forsvarer deg jobbar. Du må kunne alt – du styrer heile brettet.

VERDAS BESTE: – Tom Brady er 41 år gammal og er treigare i beina enn dei fleste andre i ligaen. Han er derimot raskast i hovudet, og i februar vann han sin sjette Super Bowl. Mike Segar, NTB Scanpix (Arkiv)

Tom Brady er tidenes beste spelar i idretten. Han er quarterback for New England Patriots. Brady er 41 år gammal og er treigare i beina enn dei fleste andre i ligaen. Han er derimot raskast i hovudet, og i februar vann han sin sjette Super Bowl.

Brady er det fremste dømet på at amerikansk fotball – og spesielt rolla som quarterback – er ein hjernesport.

Dersom Niyokindi får lov til å reise, vil han bli så god som han kan bli.

Amerikansk fotball rekrutterer nærast utelukkande frå universitetsidretten. Eit godt tilbod på vidaregåande skule er heilt nødvendig for at eit universitet skal få auga opp for han.

Det verste som kan skje er at Niyokindi får ei utdanning på vegen. Draumen hans er å stå imot dei som vil få han i bakken.

Norske barnevernslover er dessverre det første hinderet.