Den lovbrytande makt

Politiet må slutte å bryte lova for å ta nokre gram hasj.

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

ULOVLEG SØK: Politiaksjonen mot Flora vgs. var fordekt som eit «informasjonsmøte». Det einaste elevane lærte, var politiets forakt for grunnleggjande rettsvern, skriv Morten Myksvoll. Marita Aarekol

Krigen mot narkotika går mot slutten. Heldigvis, for dei som har vore sett til å føre kampen veit ikkje kva reglar dei skal halde seg til.

Det førebels siste dømet er politiets «informasjonsmøte» på Flora vidaregåande skule i førre veke. Det var i realiteten ein fordekt politiaksjon.

14 politifolk troppa opp på skulen med to narkotikahundar for å fortelje elevane kor farleg narkotika er. Det kunne sikkert blitt eit nyttig møte, men enda som ein demonstrasjon av politiets forakt for grunnleggjande rettsvern.

For å ransake nokon, treng politiet ein konkret mistanke mot enkeltpersonar. Det hadde ikkje politiet. Dei gjennomførte likevel ei vilkårleg ransaking av skulens fellesområde og tilfeldige elevars oppbevaringsskap.

Ransakinga av skapa vart forklart med at dei gjorde ein demonstrasjon av søk. Men ein demonstrasjon skjer i kontrollerte former.

Brannvesenet tenner ikkje på skulen for å demonstrere korleis brannsløkkingsapparata fungerer. Då hadde nokon reagert.

Forklaringa om at politiet hadde mistanke mot to elevar underbyggjer berre inntrykket om at dette var ein aksjon og ikkje eit førebyggjande møte.

Les også

Debatt: Feil av politiet å ta med narkohundar på skulen vår

Det er sjølvsagt ikkje greitt at ungdom tar med seg narkotiske stoff på skulen. Ikkje berre fordi det er ulovleg, eller fordi ein risikerer straff dersom ein vert tatt. Det er heller ikkje greitt at skuleelevar tar med seg lovleg kjøpt alkohol på skulen.

Dersom ein lærar veit at ein elev har med seg narkotika, kan skulen kontakte politiet. Men politiet må ikkje gjere beslaget på mest mogeleg audmjukande måte. Dei treng ikkje aksjonere mot skulen, for det står ikkje akkurat om livet.

Dei kan vente til skuledagen er over. Men dersom ein skal aksjonere mot skulen, må politiet lære seg at rettsstatens reglar gjeld der òg.

Politiet er sett til å vareta den lovstyrte sivilisasjonen vår. Politiet kan ikkje gjere seg til lovbrytar for å ta nokre gram hasj. I 2013 instruerte Justisdepartementet politiet til å stoppe slike vilkårlege og generelle aksjonar.

NARKOHUND: 14 politifolk og to narkohundar søkte gjennom fellesområde og elevskap på Flora vidaregåande skule i førre veke. Marita Aarekol

Overtrampet i Florø er ikkje eit enkeltståande døme. Politiet er langt ute på skråplanet når det gjeld sitt arbeid på rusfeltet.

Det store dataspeltreffet The Gathering på Hamar er eit ynda mål for politiets vilkårlege søk. Kvart einaste år bruker politiet narkotikahund til å ransake dei mange tusen deltakarane, utan tilstrekkeleg mistanke.

Det står ingenting i Straffeprosesslova om at store folkemengder er tilstrekkeleg til å gjennomføre ransaking. Gode intensjonar er ikkje ein lovleg heimel.

Ein vanleg reaksjon er at politiet tar frå ungdom førarkortet når dei vert tatt for å bruke hasj. Heimelen er vegtrafikklova, som seier at ein skal vere «edrueleg» for å køyre bil.

Ein kan drikke alkohol kvar helg, utan å bli fråteken førarkortet. Men vert ein tatt for å røykje hasj éin gong, kan bilkøyringa ryke. På bygda kan det få store konsekvensar for ein ungdoms sosiale liv.

Les også

Jussprofessor: – Dette er åpenbart lovstridig

Politiet har fått beskjed om å slutte med denne praksisen. Borgarting lagmannsrett har slått fast at det trengst minst tre brotsverk for å bli fråteken førarkortet.

Politiet bryr seg ikkje. Dei brukar eit lovforslag som aldri vart vedteken som grunnlag, og vil ikkje føye seg etter domstolens pålegg.

– Jeg er klar over at det foreligger en avgjørelse fra en lavere domstol, men jeg ser ikke at det gjør at vi bør endre vår praksis, sa avdelingsdirektør Kristin Kvigne i Politiet til BT i 2017.

Det er ei hårreisande utsegn. Politiet er underordna sjølv «lågare domstolar». Høgsterett er ikkje den einaste domstolen som gjeld i Noreg.

Les også

BTs leder: Drøy politiaksjon

Høgsterett uttalte seg i 2015. Dei tok ikkje stilling til kravet om tre brotsverk, så det er gjeldande. Men retten slo fast at kravet er eit misbruk av «rusmidler – alkohol, narkotika eller annet berusende eller bedøvende middel – i et omfang og med en regelmessighet som tilsier at han ikke er skikket til å føre motorvogn».

I den same rapporten som politiet brukar, står det at eit «kontrollert bruk av rusmiddel ikke i seg selv får konsekvenser for føreretten.» Det er ei formulering Høgsterett støtta.

Der rettsvesenet skil mellom bruk og misbruk, ser ikkje politietaten poenget med nyansar. Dei tar difor framleis frå folk lappen ved første sjanse. Når Politiet ikkje lyttar til domstolen, har me som samfunn eit alvorleg problem.

Les også

Debatt: Politiets narkotikaarbeid fungerer ikke

Norsk narkotikapolitiforeining (NNPF) står fremst i kampen for å bruke alle verkemiddel for å ta dei minste mengder narkotika. Dei har 3500 medlemmer frå blant anna politiet, og driv politikk iført politiuniform.

Det er brot på politiets uniformsreglement. Der står det at uniforma ikkje skal brukast i politisk samanheng, fordi den «legitimerer politimyndighet».

Foreiningas rolle i den offentlege debatten kan samanfattast av den mildt sagt kontroversielle passasjen i Politidirektoratets rapport om narkotikabekjemping frå 2011:

«Politiet bør være oppmerksomme på debatter og opptreden som er egnet til å skape sosial aksept for narkotikakriminalitet, for eksempel legalisering av cannabis.»

Politiet har monopol på valdsbruk, og det er djupt problematisk at dei blandar den rolla med å vere ein politisk aktør.

Ransakinga i Florø må få konsekvensar for politiet. Noreg er ikkje tent med eit politivesen som lagar sine eigne reglar på rusfeltet, men forventar at alle andre følgjer lovene.