Morsdag

Morsdag er ein fårleg dag. Mødrer er ikkje for amatørar, skriv Asbjørn Kristoffersen.

VIKTIG: Små barn bør passa på å gje mødrene ­­sjølvproduserte ­teikningar både før morsdagen, på mors­dagen og etter morsdagen for å vera på den sikre sida. ­Mødrer er svake for små barn som lagar teikningar til mødrene sine. Shutterstock / Bergens Tidende

Asbjørn Kristoffersen

Ungar skal dei ha, men kaffi og brus og pizza og pølser på senga på morsdagen nektar dei å ta mot. Far til barnet skal dei ha, men neglisje og baby-doll og svarte nylon­sokkar som knitrar og har rett saum bak, tek dei som ei påminning om at dei må få somla seg til å senda far vintervegen. ­

Morsdag er ein fårleg dag. Morsrelasjonar er ikkje for amatørar. Ungar er fornøgde så lenge dei greier å konkurrera med andre ungar. Fedrar er fornøgde med det dei får, berre dei får noko. Mødrer blir aldri fornøgde. Mødrer driv langtids­planlegging og konsekvensutgreiing og evaluering av behovstilfredsstilling på kort, mellomlang og lang sikt. Mødrer tenkjer på rydding og vasking og tørking og stryking og kva ho skal gjera med åttiårsdagen til bestemor dersom det kjem smular på lakenet og brusflekkar på puten.

Fedrar tenkjer ikkje på noko når dei drikk kaffi. Mødrer tenkjer på svigermors redselsfulle smak og kjønnsrolle­mønsteret i det før­industrielle samfunnet og fars kroppslege og mentale forfall og at ho må hugsa på å frysa ned middags­restane når far prøver seg med svarte nylonstrømpar med rett saum bak på senga på morskvelden.Far tenkjer berre på kortsiktig behovstilfreds­stilling. Eller så tenkjer han på at no skal han lura mor til å tru at han tenkjer på noko. Eller så tenkjer han ikkje på noko.

Morsdag er ei felle for alle barn og alle fedrar. Barn og fedrar kan lata som om morsdag ikkje ­eksisterer. Mange ­mødrer seier at dei ikkje bryr seg om morsdag, at det berre er noko forretningsstanden har funne på for å auka omsetjinga, at det er ned­verdigande for kvinner å liggja til ­utstilling på kommersialismens alter. Mange kvinner er mot ­kommersialisme og tvangsservering på senga. Men om barn og fedrer neglisjerer morsdagen, kan dei ikkje neglisjera mødrene på morsdagen. Då blir ­mødrene fornærma både på kort, mellomlang og lang sikt.

Mødrer har minne som elefantar. Det er fårleg å tirra ­elefantar. Små barn bør passa på å gje mødrene ­­sjølvproduserte ­teikningar både før morsdagen, på mors­dagen og etter morsdagen for å vera på den sikre sida. ­Mødrer er svake for små barn som lagar teikningar til mødrene sine.

Større barn bør passa på å rydda på ­rommet sitt i denne ­perioden. Slike barn bør også rydda etter seg elles i huset. Mødrer likar å ha det ryddig og likar endå betre å skryta til ­veninnene sine av kor veloppdregne barn dei har. Vaksne barn skal vera vellukka. I ein kort periode kan dei rota rundt i livet, slik at mødrene får høve til å ofra seg, men avkommet må ta seg fort innatt. Mødrer har rett til å skryta av dei vaksne ungane sine.

Det beste fedrane kan gjera, er å halda kjeft. Elles blir berre mødrene endå meir kompliserte. Det er nok ikkje lett å vera mor. Det er nok svært ­innfløkt å vera mor. Det er ikkje rart at mødrer ikkje vil ha kaffi, pizza og pølser på senga på ­morsdagen.

Moderskap er vanske­leg nok som det er.