Regjeringa bør bruke krisa til å få fart på omstillinga

Viss regjeringa brukar pengane smart, kan Noreg kome styrkja ut av krisa.

Publisert Publisert

Statsminister Erna Solberg (H) må bruke milliardar for å redde næringslivet i koronakrisa. Dei pengane bør brukast smart, for å bygge framtida, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: Marit Hommedal / NTB Scanpix

  1. Leserne mener

Oljeindustrien er igjen i hardt vêr. Koronakrisa har slått kraftig inn i landets viktigaste næring. Spørsmålet er kor tøft dette blir, kor lenge det vil vare og korleis krisa kan brukast til å skape nye jobbar i framtida.

La oss ta nokre fakta først:

  • Oljeprisen er halvert sidan årsskiftet, og ligg i skrivande stund (torsdag) på 27 dollar pr. fat.
  • Etterspurnaden etter olje har stupt med mellom 10 og 25 prosent fordi fly, bilar, fabrikkar og skip har parkert over heile verda.
  • I førre veke vart krisa forsterka av at Russland og Saudi-Arabia har starta ein priskrig (meir om det etter kvart).

I Noreg har oljeselskapa reagert med kraftige kutt i utgiftene. Equinor varsla onsdag at dei vil redusere investeringar, leiting og drift med 33 milliardar kroner. Andre oljeselskap som Aker BP og Lundin har varsla liknande kutt, spesielt på investeringar.

Mykje av kutta til Equinor vil skje i andre land, spesielt USA. Det er difor uvisst kor store verknader dei vil få i Noreg.

Fallet i kronekursen har dessutan gjort norsk sokkel meir konkurransedyktig. Norske lønningar og leveransar har rett og slett blitt billigare for selskapa, som jo får inntektene i dollar.

Likevel slepp neppe norske selskap unna kutt dei heller. Det betyr permitteringar, spesielt i oljeselskapa sine mange underleverandørar.

Hardast vil kutta venteleg bli i oljeserviceselskapa, dei som opererer oljeriggar, supplyskip og andre tenester. Denne bransjen sleit allereie tungt med etterdønningane etter oljeprisfallet i 2015.

Men når investeringane blir kutta, vil òg krisa få konsekvensar for leverandørindustrien, sjølv om den dels er verna av langsiktige kontraktar.

Onsdag kom NHO med ein rapport som viste at mellom 9000 og 22.000 kan miste jobben i maritim næring og leverandørindustrien i løpet av året.

Oljeprisen er her viktig for konklusjonen. I dette verste scenariet ligg han mellom 20 og 30 dollar fatet ut året. Til samanlikning har regjeringa lagt til grunn ein snittpris på 55 dollar fatet i årets statsbudsjett.

Men for delar av industrien, som verfta, spelar òg problem i andre næringar inn. Det er det som gjer denne krisa så unik, at den råkar omtrent alle bransjar samstundes.

Dessutan skaper ulike koronatiltak, som karantene og frykt for smitte, store problem for drifta til mange selskap.

Når oljeprisen likevel er så viktig, er det store spørsmålet korleis den vil utvikle seg framover.

Til ein viss grad kjem det an på om Saudi-Arabia gjer alvor av trugsmålet om å pumpe meir olje frå 1. april.

USA legg no press på kongedømet for droppe planane. Årsaka er at dei låge prisane er i ferd med å ta livet av den amerikanske skiferoljeproduksjonen, noko som òg er poenget for russarane, og for den skuld arabarane.

Førebels tyder lite på at amerikanarane vil få særleg hjelp. Alt tyder på at oljeprisen vil bli verande låg i mesteparten av 2020.

For sjølv om Saudi-Arabia skulle la produksjonen bli verande uendra, har koronakrisa ført til eit så stort fall i oljeforbruket i verda at det no er det som held prisane nede.

Fleire analytikarar trur prisen kan gå ned mot ti dollar fatet, før det snur opp att etter sommaren. Men det kan gå heilt til 2023 før prisen igjen er oppe på 60 dollar fatet, trur analytikar Nadia Wiggen i Pareto Securities.

Oljenæringa er i same båt som andre næringar. Alt handlar no om kor lenge dei store økonomiane i verda må stengje, for å få kontroll på koronaepidemien. Det er det som styrer forbruket, produksjonen og dermed verdsøkonomien.

Akkurat no er det vanskeleg å vite kor lengje dette vil vare. Kina, Sør-Korea og nokre andre asiatiske land har lykkast i å få kontroll i løpet av ein til to månader. Der har mykje av den økonomiske aktiviteten kome i gang igjen.

Den norske regjeringa har no lagt seg på same linje, i betydning at dei no vil stoppe og ikkje berre bremse spreiinga av viruset. Dei neste vekene vil vise om det er realistisk.

I dei fleste andre land, Europa og USA inkludert, ser det førebels mørkare ut. Epidemien er ute av kontroll. Alt tyder difor på at strenge tiltak for å bremse smitten vil prege store delar av verda til langt ut på hausten.

Tiltaka kan kanskje lettast etter kvart, men koronaviruset vil truleg tynge verdsøkonomien heilt til det kjem ein vaksine. Dei mest optimistiske prognosane seier at det kan skje ved utgangen av 2020. Truleg vil det ta lengre tid, kanskje halvanna år.

Dei langsiktige verknadene for den norske oljenæringa kan bli store. Fleire selskap kan få store problem. Men kuttet i investeringar kan òg setje fart på omstillinga av industrien til eit liv etter oljen.

Adm. direktør Hege Økland i fornybarklynga NCE Maritime Clean Tech meiner staten no må bruke krisa til å skunde på ei slik omstilling.

Vi snakkar her om alt frå elektriske hurtigbåtar og flytande vindmøller til gigantiske bruer og havmerdar, og sikkert mykje som vi ikkje har høyrt om enno. Er det noko industrien langs kysten er god på, så er det omstilling.

Regjeringa vil truleg bruke milliardar for å halde hjula i gang under krisa, og for å få fart på økonomien att etterpå. Neste redningspakke er venta i morgon, fredag.

Då er det ein svært god idé å bruke pengane på kompetanseheving, forsking, utvikling og omstilling av næringslivet. Ikkje berre i industrien, men òg i andre bransjar.

På den måten kan krisa brukast til noko bra, som vil kunne gje arbeidsplassar og ny vekst etter krisa er over.

Publisert