Sunnfjordspolitikken hadde kanskje hatt godt av litt skarpare kantar

Breie politiske alliansar har gjeve Førde rom til å vekse seg store. Men det kan faktisk bli for snilt.

Publisert:
Jens Kihl
Kommentator

SJEFEN I SUNNFJORD: Jenny Følling er i dag fylkesordførar i Sogn og Fjordane for Senterpartiet. Om ein månad kan ho kanskje overta ordførarkjeda for nye Sunnfjord kommune. Foto: Ørjan Deisz (arkiv)

Det er noko herleg pragmatisk med Førde og nye Sunnfjord. Lågt konfliktnivå i politikken har høg vekst.

På 20 år har innbyggjartalet gått frå 10.000 til 13.000. Næringsliv og offentlege institusjonar strøymer til. Snart får byen ny vidaregåande skule og ny fløy på sjukehuset.

Førde har fått med seg Gaular, Naustdal og Jølster på å lage nye Sunnfjord kommune. Med sine 22.000 innbyggjarar blir han sjette størst i nye Vestland.

Og sakte, men sikkert blir utskjelte Førde sentrum litt penare. Kantstein for kantstein. Blomebed for blomebed.

Det skjer fordi ressursane finn kvarandre. Der både Sogndal og Flora har hatt høgt konfliktnivå i kommunestyresalen, har førdianarane greidd å halde saman.

Les også

Jens Kihl: No blir framtidsfylket fortid

Høgre skryt av samarbeidet med fagrørsla i arbeidet med å slå saman fire kommunar til éin. Ap er svært opptekne av å leggje til rette for private investeringar.

Og Senterpartiet? Dei ser ingen problem i at arbeidsplassar blir flytta frå bygdene og inn til sentrum, så lenge det gjer at folk blir buande i Sunnfjord.

Men kanskje kan det bli for mykje av det gode. For når skiljelinene i politikken forsvinn, blir valet meir av ei avstemming over kven av kandidatane veljarane liker best. Er det eigentleg til beste for lokalpolitikken?

I slutten av juni hadde Firda ei måling som viser at det kan gå mot slutten for ordførartida til Olve Grotle (H). I den nye sunnfjordskommunen fekk Høgre berre 18 prosent, medan Senterpartiet fekk 32.

Arbeidarpartiet og Helge Robert Midtbø kunne notere seg 22 prosent av røystene. Dette er eit kraftig fall frå 2015-valet, der Ap kapra nesten 30 prosent av veljarane i dei fire kommunane som no blir Sunnfjord.

Det er dermed to reelle ordførarkandidatar ved dette valet – med mindre Aps Midtbø har eit ess i ermet.

Les også

Jens Kihl: Flora + Vågsøy = raka fant

Olve Grotle er Høgres mann. Gjennom åtte år har han styrt kommunen. Fleire kjelder meiner han kan bli henta til Oslo og regjeringsapparatet dersom han må gå av som ordførar etter valet.

Det er ikkje rart. Den karismatiske Grotle har vist at han kan samarbeide seg fram til resultat. Og skal vi vere ærlege, så flyt det jo ikkje over av gode Høgre-talent i Sogn og Fjordane.

Sjølv om han ligg lågt på målingane, går han for å vere ein spelar som kanskje kan greie å manøvrere til seg ordførarkjedet likevel. Sist gjorde Ap eit brakval, men var for seine på avtrekkaren.

Dermed hadde Grotle sikra seg ein fleirtalsallianse før Ap hadde vakna etter valnatta. Det er Ap-leiren visse på at ikkje må skje igjen, men det er vanskeleg å sjå korleis Midtbø skal skaffe seg fleirtal.

Les også

Jens Kihl: In the Frp-ghetto

Senterpartisten Jenny Følling starta som ordførar i Gaular før ho blei fylkesordførar i Sogn og Fjordane.

For henne er valet på mange måtar eit vinn eller forsvinn: I 2016 tapte ho kampen mot Steinar Ness om plassen bak Liv Signe Navarsete på stortingslista.

I 2018 var det berre eit mindretal av lokallaga som spelte inn Følling som aktuell til ein plass høgt på fylkestingslista. Sjølv peika ho på at ho hadde signalisert at ho ønskte seg fyrsteplassen i Sunnfjord.

Ho går for å vere pragmatisk og løysingsorientert. Det er likevel ikkje tvil om at Følling har gjort seg kontroversiell gjennom arbeidet med nedlegginga av Sogn og Fjordane fylke.

No kan ho altså bli ordførar i den viktigaste kommunen i nordlege Vestland. Om ho ikkje blir det, har hennar politiske karriere blitt parkert i ein virvar av fylkes- og kommune-fusjonar, kraftselskap-sal og personstridar.

Eitt av dei få stridsspørsmåla i denne valkampen, er synet på om nye Sunnfjord kommune bør ta opp i seg fleire av småkommunane. Her er Høgre opne for at naboar kan søkje seg inn i storkommunen.

Senterpartiet er meir kritiske. Dei meiner den nye kommunen må få setje seg skikkeleg før det er aktuelt å opne for nye samanslåingar.

Allereie no har langt fleire av dei kommunalt tilsette i Gaular, Jølster og Naustdal søkt seg til Førde sentrum enn kva kommunane hadde føresett.

Sjølv om samanslåinga fekk fleirtal i alle fire kommunar, er semja relativt skjør i Gaular og Jølster. Skal båten bere, må ein finne ein balanse mellom by og bygd i nykommunen.

Den nye ordføraren blir ein strategisk viktig posisjon på fleire måtar. Når dagens Sogn og Fjordane blir lagt ned, vil likevel området trenge tydelege talspersonar.

Som leiar for den største kommunen er det logisk at sunnfjordordføraren får den jobben. Ei kjelde omtaler plassen som ei «utanriksminister-stilling». Problemet med utanriksministrar er at dei gjerne skal vere diplomatiske og runde.

Sunnfjordspolitikken hadde kanskje hatt godt av litt skarpare kantar.

Publisert: